Her er årets prisvinnarar

Høgskulen på Vestlandet heidra tilsette som har utmerka seg i sitt arbeid med utdanning, forsking, språk, likestilling, mangfald og inkludering.

Årleg løftar Høgskulen på Vestlandet fram tilsette og grupper som har gjort ein særleg innsats. Først ut var vinnaren av språkprisen 2025, Hannah Belsvik Hansen. Ho er tilsett ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking og jobbar til dagleg ved HVL på Stord.

– Som norsklærar er det ekstra stas å få språkprisen! Eg ønskjer at studentane ikkje berre skal lære norskfaget, men at dei skal bli engasjerte og interessert i språk og litteratur, seier ho.

Ei verd av barnebøker

Juryen peikar på at Belsvik Hansen med sin solide fagkunnskap og ei inspirerande evne, bidreg til å styrke og utvikle kvaliteten i barnehagelærarutdanninga.

Ho har særleg kompetanse på leik og læring, begynnaropplæring og språk, med nynorsk i sentrum. Studentar og praksisfelt får glede av kreativ formidling. I grunngjevinga er det også lagt vekt på korleis ho motiverer til bruk av barnelitteratur og godt fagspråk.

– Studentane er gullet vårt

Utdanningskvalitetsprisen blei også delt ut. I år kom det inn heile 70 nominasjonar.

Vinnaren er høgskulelektor Berit Marie Njøs. Ho jobbar ved Institutt for velferd og deltaking ved HVL i Sogndal.   

– Eg tenker på studentane som gullet vårt. Det er dei som skal møte foreldre og barn som står i krevjande livssituasjonar. Ved å sjå dei som ein ressurs hjelper vi dei med å finne barnevernspedagogen i seg sjølv, seier Njøs.

Juryen framheva at Njøs i over 20 år har styrka kvaliteten i utdanninga ved HVL gjennom målretta og nyskapande arbeid. Ho har ein tydeleg pedagogisk visjon og eit stort engasjement for studentane. Njøs har etablert programmet Nattergalen, og blir omtalt som ein engasjert og tilgjengeleg undervisar med respekt, varme og fagleg tyngde.


Gizem Ates Venås, Raquel Motzfeldt Tirach og Erik Kyrkjebø frå HVL Robotics i Førde. Foto: HVL/Ingvild F. Melien

Robotar + menneske = sant

I år var det forskargrupper ein kunne nominere til forskings- og utviklingsprisen. I alt vurderte komitéen sju nominasjonar.

Årets vinnar er HVL Robotics – research and innovation in robotics. Denne gruppa er leia av professor Erik Kyrkjebø ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag og har sin base ved HVL i Førde.  Det var førsteamanuensis Gizem Ates Venås, HVL sin første stipendiat i robotikk, som tok imot prisen.

Gruppa forskar både på samspelet mellom robotar og menneske i industrien, utvikling av robotiserte løysingar for landbruk og bruk av teknologi innan helse og rehabilitering.

Juryen framhevar samfunnsnytte og høg ekstern finansiering som viktige grunnar til at HVL Robotics får prisen. Forskargruppa si rolle for å bygge miljø, både ved HVL og i regionen er trekt fram. Det same gjeld deira engasjement for studentar si involvering i forsking.

Meistring for fleirspråklege studentar

Prisen for likestilling, inkludering og mangfald går i år til to nominerte: professor Lise Bjørkhaug Gundersen og førsteamanuensis Trude Bukve.

– Å få denne prisen betyr mykje for meg, seier Trude Bukve.

Ho arbeider ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking ved HVL i Bergen og får prisen for sitt arbeid med studentar med minoritetsbakgrunn. Bukve har starta språkkafé, skrivekurs og prosjektet BLU-norsk for å styrke fag- og språklæring.

Juryen framhevar at ho ser fleirspråklegheit som ein ressurs og utviklar nyskapande metodar som gagnar både studentar og undervisarar.

– Eg er stolt av at vi utdannar så kloke og reflekterte profesjonsutøvarar. Då er eg trygg på at barnehagebarn, elevar, pasientar og eldre blir møtt på ein god måte uavhengig av kva språkleg repertoar dei har.

Lise Bjørkhaug Gundersen. Foto: HVL/Ingvild F. Melien

Kvinnelege rollemodellar i mannsdominerte fagområde

Professor Lise Bjørkhaug Gundersen var den andre prisvinnaren. Ho arbeider ved Institutt for sikkerheit, kjemi- og bioingeniørfag ved HVL i Bergen. Ho leiar prosjektet «Omstilling mot balanse» (OMBAL), som jobbar systematisk med å fremje kjønnsbalanse og endre kultur.

Juryen meiner at balanseprosjektet er viktig for tilsette ved HVL, men at satsinga også kan få store ringverknader for studentar og framtidige yrkesutøvarar. Målet er å gi fleire kvinnelege rollemodellar i undervisning og forsking innan fagområde som framleis er mannsdominerte.


10 av dei 13 meritterte undervisarane: Ove Ronny Olsen Sæle, Bjørg Oddrun Hallås, Reidun Nerhus Fretland, Mette Bøe Lyngstad, May Britt Revheim Brekke, Joar Sande, el Houcine Messaoudi, Jon Øyvind Hoem, Kristine Selvikvåg Lundervold og Tove Sandvoll Ve. Foto: HVL/Mauricio Pavez

13 nye meritterte undervisarar

Tidlegare i haust blei det klart at 13 tilsette fekk tildelt statusen som merittert undervisar. Desse fekk heider og diplom under prisutdelinga. 

Komiteen si vurdering kan du lese om i denne saka: Her er dei nye meritterte undervisarane