Styre, råd og utval med ansvar for kvalitet

HVL har ei rekke råd og utval som i ulik grad har ansvar for det systematiske arbeidet med kvalitet i utdanningane. Her er oversikt over kva ansvar dei har i dette arbeidet.

Høgskulestyret

  • Styret har det overordna ansvaret for arbeidet med kvalitet ved HVL og for strategisk utvikling av den totale studieporteføljen
  • Har det overordna ansvaret for arbeidet med kvalitet ved HVL og for strategisk utvikling av den totale studieporteføljen på alle nivå. 
  • Har det overordna ansvaret for at læringsmiljøet på institusjonen er fullt forsvarleg ut frå ei samla vurdering av omsynet til studentane sin helse, sikkerheit og velferd. 
  • Vedtar større endringar i og revisjon av system for arbeid med kvalitet i utdanningane 
  • Vedtar lokale forskrifter,  instruksar og mandat for styre, råd, utval og funksjonar med ansvar og oppgåver i systemet for arbeid med kvalitet i utdanningane 
  • Godkjenner årsrapport for HVL inkludert resultatoppfølging og planlegging knytt til kvalitet i utdanningane  

Læringsmiljøutvalet

  • Læringsmiljøutvalet Skal bidra til at føresegnene om Læringsmiljø i UH- lova blir følgt, og sikre studentane sin medverknad i prosessar som påverkar læringsmiljøet 

Utdanningsutvalet

  • Utdaningsutvalet skal drøfte, belyse og gje råd til rektor i strategiske og politiske utdanningssaker. 
  • Bidrar til å sikre at utdanningar og studieprogram har høg kvalitet, samfunns- og arbeidslivsrelevans, byggjer HVL sin faglege profil og støttar opp strategisk utvikling knytt til internasjonalisering, forskingsbasert utdanning og livslang læring. 
  • Gjer råd om tiltak for studentrekruttering 
  • Vurderer, følgjer opp og gje råd om tiltak som tek i vare og vidareutviklar system og rammer for utdanningskvalitet 
  • Akkrediterer nye studieprogram med eit omfang på over 60 studiepoeng innanfor fagområde der høgskulen kan tildele doktorgrad, samt godkjenne nye studieplanar over 60 studiepoeng (delegert mynde frå styret) 
  • Fatte vedtak etter eventuell delegasjon frå styret eller rektor i utdanningssaker 

Sentralt ph.d.-utval

• Er rådgjevande for strategisk leiing ved institusjonen i saker som gjelder forskarutdanning.
• Skal utarbeide og forvalte felles retningslinjer og rutinar i samsvar med forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Høgskulen på Vestlandet
• Har ansvar for kvalitetssikringssystemet for ph.d. utdanning

Les meir om Sentralt ph.d.- utval her.

Fakultetsråd og utdanningsutval ved fakultet

Studieprogramråd

• Gir dekan, institutt- og studieprogramleiing råd om kvalitetsutvikling av studieprogramma.
• I løpet av året skal rådet gå gjennom relevante evalueringar og studentdata, drøfte og gi råd om tiltak for å betre gjennomstrøyming og læringsmiljø på studieprogramma.
• Eksterne medlemmer gir innspel og bidrar i utvikling av arbeidslivsrelevansen i utdanninga.

Ph.d.-programutval


Kontakt oss

Har du tilbakemeldingar eller spørsmål? Kontakt oss gjerne!

kvalitet@hvl.no