Praksis i barnevern

Her finn du informasjon om praksis til deg som er student ved barnevernspedagogutdanninga.

Før praksis må du lese studieplan, emneplanen for det aktuelle praksisemne og følgje med på informasjon som blir gitt i Canvas. I tillegg er det viktig at du er kjent med felles informasjon om praksis. 

Studieplan, emneplan og praksisperiodar for studieåret 2024/25

I denne lenken finn du tidspunkt for praksisperiodar studieåret 2024/2025.

Tildeling av praksisplass

Vi innhentar praksisplassar for alle studentar. Du får beskjed i Canvas om kvar du får praksisplass. 

Les meir om kvar du kan få praksisplass

Førsteårspraksis føregår i barnehage og skule. Andreårspraksis føregår i statleg og kommunalt barnevern, dette gjeld berre ny studieplan.

I hovudsak føregår praksis i tidlegare Sogn og Fjordane. Du må rekne med pendling og eventuelt flytting i samband med praksis.

Arbeidstid og turnus

Mange praksisplassar inneber turnus.

Tilrettelegging av praksis

Om du har behov for særleg tilrettelegging i praksis eller praksis på ein bestemt stad, finn du meir informasjon på nettsida om tilrettelegging av praksis.

Vurdering av praksis

Du og praksisrettleiar må fylle ut skjema for sluttvurdering av praksis. Du leverar inn skjema for praksisvurdering i det digitale verktøyet Wiseflow.

Hvis det er fare for at du ikkje består praksis, skal du få skriftleg varsel. Her finn du meir informasjon om rutinar ved fare for ikkje bestått praksis

Arbeidstid, turnus og raude dagar 

Som houvdregel skal du følge arbeidstiden til praksisrettleiaren din. Nokon studentar vil ha vaktar på dagtid, andre turnus, langvakter eller medleverturnus (heildøgnturnus). I nokre studiar kan nattevakter vera obligatorisk. Normalt avtaler du turnus ved praksisstart med praksisrettleiar og praksislærar. 

Meir om arbeidstid, turnus og raude dagar

Du er ikkje i praksis på raude dagar. Ein praksisperiode er på tre veker uavhengig av tal på raude dagar. Fråvær meir enn 10 % fører til ikkje godkjend praksisperiode.

Avsett tid til sjølvstudium skal tilpassast arbeidsrutinar på praksisstaden, og er noko student og rettleiar blir einige om.

Sjå også: Krav til oppmøte i praksis

Arbeidstøy, hygiene og mobilbruk

Det vert stilt særskilte krav både til bruk av arbeidstøy og til hygiene når du er student i praksis. Generelt skal du framstå og kle deg nøytralt og hensiktsmessig. Privat bruk av mobil skal som hovudregel ikkje nyttas i arbeidstida.

Meir om arbeidstøy og hygiene

Arbeidsklede og sko
Praksisstadene krev uniform, dette får du låne på praksisstaden. Du må ta med eigne innesko. Sko og sokkar skal vere reine.  

Dersom du bruker hijab og skal ha praksis der dei krev uniform, må du kontakte praksisstaden seinast 10 dagar før praksis, slik at dei eventuelt kan bestille hijab på førehand.

Det er ikkje tillate å bruke plagg, som burka og nikab, som dekker heile andletet og armane ved gjennomføring av praksisstudia. Dette i samsvar med reglar for utføring av yrket, med omsyn til sterilt laboratoriearbeid samt pasient- og pårørandekontakt.

Namneskilt
Du må skaffe deg namneskilt med fornamn og eventuelt etternamn, og kva studium du er student ved. 

Røyking, snus og alkohol
Røyking og snusing er ikkje tillatt. Du kan ikkje innta alkohol eller andre rusmiddel åtte timar før arbeidsdagen startar. Sjå helsepersonelloven §8. Pliktmessig avhold

Hender og neglar
Hender skal alltid vere reine, og negler skal vere korte, velstelte og utan lakk. 

Hår, skjegg og bart
Hår, skjegg og bart må vere reint og velstelt. Skjegg og bart skal vere kort. Langt hår skal vere i hestehale eller liknande.

Smykker m.m.
Av hygienegrunner er det ikkje tilatt å ha på smykker, øyredobbar, ringar eller armbåndsur. 

Kosmetikk
Sminke skal vere diskre. Deodorant og hudkrem bør vere uparfymert. 

Mobil og nettbruk
Bruk av privat mobil skal vere moderat, og skal ikkje brukes i kliniske situasjonar. Dersom du av private grunnar må være tilgjengleg på mobil, må du avtale dette med praksisrettleiar. Bilete eller omtale frå praksisstaden skal du ikkje dele med andre eller legge ut på sosiale medium, om det ikkje er klarert på førehand.

Dette må alle kjenne til:

 

Kontakt oss:

Lurer du på noko? Vi vil gjerne svare deg!
Praksisadministrasjonen ved FHS