Praksis i sosialt arbeid
Her finn du praksisinformasjon til deg som er student ved sosialt arbeid.
Før praksis må du lese studieplan, emneplanen for det aktuelle praksisemne og følgje med på informasjon som blir gitt i Canvas. I tillegg er det viktig at du er kjent med felles informasjon om praksis.
Kvar du kan få praksisplass i sosialt arbeid
Vi innhentar praksisplassar for alle studentar. Du får beskjed i Canvas om kvar du får praksisplass.
Campus Bergen
Du vil få praksisplass i tidlegare Hordaland fylke. Mange av plassane er i Bergensområdet, men du må rekne med pendling og eventuell flytting til andre stader i Hordaland.
Campus Sogndal
Du vil i hovudsak få praksisplass i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Du må rekne med pendling og eventuelt flytting.
Arbeidstid og turnus
Mange praksisplassar har praksis på dagtid, men vi har plassar der du må rekne med turnus.
Tilrettelegging av praksis
Om du har behov for særleg tilrettelegging i praksis eller praksis på ein bestemt stad, kan du lese meir om tilrettelegging av praksis.
Vurdering av praksis
Du og praksisrettleiar må fylle ut skjema for sluttvurdering av praksis. Du leverer inn skjema for praksisvurdering i det digitale verktøyet Wiseflow.
Last ned vurderingsskjema her
- Disposisjon til praksisrapport 1. år - frå student
- Individuell opplæringsplan
- Vurderingsskjema SABP1 - bokmål
- Vurderingsskjema SABP1 - nynorsk
- Vurderingsskjema SABP3 - bokmål
- Vurderingsskjema SABP3 - nynorsk
Vurderingsskjema for SABP1 vart oppdatert 21.11.24
Hvis det er fare for at du ikkje består praksis, skal du få skriftleg varsel. Her finn du meir informasjon om rutinar ved fare for ikkje bestått praksis.