
Praksis i grunnskulelærarutdanning
I løpet av studiet skal du gjennomføre 110 dagar rettleia og vurdert praksis i tillegg til fem dagar observasjonspraksis. Denne nettsida inneheld retningslinjene for praksis som studentar, praksisfelt og tilsette ved HVL skal kjenne til.
Er du skuleleiar/praksislærar i grunnskulen?
På sida til praksisfeltet finn du ytterlegare info.
Tildeling av praksisplassar
Tildeling og fordeling av praksisplassar for deg som går den campusbaserte heiltidsutdanninga
HVL skaffar praksisplassar
- Praksisadministrasjonen ved HVL skaffar og fordeler praksisplassar til studentane.
- HVL har avtalar med faste partnarskular.
- HVL har som mål at alle studentane får praksis på ein lærarutdanningsskule i løpet av studieløpet.
- Reisetid på inntil 1,5 time kvar veg frå bustad til praksisstad vert rekna som normalt. I nokre av praksisperiodane må studentar rekne med å bu på praksisstaden då avstanden er for stor til å pendle. Dette gjeld ikkje studentar på campus Stord. Studentane skaffar sjølve bustad. Sjå også reglement for dekking av bu- og reiseutgifter i forbindelse med praksis.
- Praksiskoordinator har som mål å publisere oversikt over praksisgrupper fordelt på praksisskular i Canvas seinast 4 veker før kvar praksisperiode.
- Tilgang til praksisplassar er avhengig av kapasiteten skulane har meldt inn.
Slik blir praksisplassane fordelt
Fordeling av praksisplassar skjer utfrå ei heilskapleg vurdering i klassen. Vi tek omsyn til:
- studentar som har fått innvilga særleg tilrettelegging i praksis
- kva fag du har i utdanninga di og kva fag praksislærar underviser i
- om praksislærar har formell rettleiarutdanning
- variasjon ved å sørge for at du får praksis på ulike skular på ulike trinn
- adresse/reiseveg til praksisstad
- om du har budd vekke i praksis tidlegare
Vi gjer merksam på at:
- Du kan i utgangspunktet ikkje ha praksis på ein skule der du er eller har vore tilsett over lengre periode, har nære relasjonar til elevar i klassen eller til nokon i personalet. Dersom dette gjeld deg, må du ta kontakt med praksisadministrasjonen.
- Det vert ikkje teke omsyn til om du har arbeid ved sidan av studiane.
Tildeling og fordeling av praksisplassar for deg som går på samlingsbasert GLU (Sogndal, Stord)
Generell informasjon
- HVL inngår avtalar med praksisskular og praksisadministrasjonen fordeler praksisplassar til studentane.
- Reisetid på inntil 1,5 time kvar veg frå bustad til praksisstad vert rekna som normalt. I nokre av praksisperiodane må studentar rekne med å bu på praksisstaden då avstanden er for stor til å pendle.
- Tilgang til praksisplassar er avhengig av kapasiteten som skulane har til å ta i mot studentar i praksis.
- Eventuell tilrettelegging av praksis skal ikkje gå på bekostning av faglege krav eller vere urimeleg ressurskrevjande for HVL, og praksis skal også ved tilrettelegging i utgangspunktet gjennomførast på ein skule vi har avtale med. Det vert gjort ei samla vurdering av søknadane etter søknadsfrist 1. september.
- Praksiskoordinator publiserer oversikt over praksisgrupper fordelt på praksisskular i Canvas seinast 2-3 veker før kvar praksisperiode.
Praksis første og andre studieår
- Første og andre studieår er det HVL som finn praksisplass til deg.
- Du kjem då til å gjennomføre praksisperioden på ein skule som HVL campus Stord eller HVL campus Sogndal har ein eksisterande avtale med. Det vil seie utvalte skular i Vestland og Rogaland fylke.
- Du vil få meir informasjon om planlegging og gjennomføring av praksis ved studiestart.
Praksis frå og med tredje studieår
- Frå og med tredje studieår vil HVL jobbe for at du kan gjennomføre praksispeiodane i nærleiken av din heimstad, dersom du ønskjer det. Du kan då kome med forslag til skular nær heimstaden din. Praksiskoordinator ved HVL vil så sende førespurnad til aktuelle skular for å inngå avtale om praksisgjennomføring.
Førebuing til praksis
Lese rammer for praksis
- Informasjonen på denne nettsida
- Emneplanen for praksis for ditt studieår (sjå emneplanar under "vudering av praksis")
Du bør også vere kjend med innhaldet i studieprogramplanen for di utdanning. Den viser målsettingane for praksisopplæringa og vidare omfang og modell for organisering av praksis i utdanninga.
Nedanfor finn du i tillegg nasjonale og lokale føringar for praksis:
- Forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanning for trinn 1-7
- Forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10
- Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 1.-7. trinn
- Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 5.-10. trinn
- Forskrift om studium og eksamen ved HVL (frå 1.8.2024)
- Lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven), frå 1.8.2024
- Forskrift til universitets- og høyskoleloven (universitets- og høyskoleforskriften), frå 1.8.2024
Oppretting av kontakt med praksislærar
Førebuing, gjennomføring og etterarbeid knytt til praksis er obligatorisk I forkant av praksis deltek du på praksisførebuande dag og/eller praksisførebuande møte avhengig av studieår og campus. Sjå meir informasjon under tidspunkt for praksis.
Praksisgruppa tek kontakt med praksislærar i god tid før første oppsett møtetidspunkt med praksislærar for å avtale oppmøtetidspunkt, kva de skal førebu og liknande.
Dette bør du tenkje gjennom før praksisstart
Før praksisstart bør du tenke gjennom spørsmåla i lista under og diskutere dei i fellesskap i praksisgruppa:
- Har eg sett meg grundig nok inn i retningslinjer og emneplan?
- Korleis ser eg meg sjølv i rolla som lærar?
- Korleis ser eg på ansvaret mitt som teamdeltakar og medkollega?
- Korleis forheld eg meg til balansen mellom å vere student og kollega/medarbeidar på ein skule?
- Kva mål har eg sett meg for praksis?
- Korleis skal eg følgje opp eigne mål?
- Korleis skal eg ta ansvar for eiga læring i praksis?
- Korleis kan eg best gjere nytte av rettleiinga?
- Korleis gir og tek eg tilbakemelding?
- På kva måte vil eg ta opp kritiske problemstillingar?
- På kva måte skal eg møte positiv og negativ tilbakemelding?
- Korleis vil eg møte eventuelle samarbeidsproblem i praksisgruppa?
- Korleis kan eg bidra til å lage eit godt samarbeidsklima i praksisgruppa?
Levere refleksjonsnotat
På praksisførebuande dag skal du levere eit refleksjonsnotat til praksislærar. Notatet skal gi praksislærar mogelegheit for å bli kjent med deg. Dette vil saman med dei generelle vurderingskriteriane og observasjonane til praksislærar vere med å danne grunnlag for rettleiinga.
Refleksjonsnotatet skal seie noko om
- eigne læringsmål basert på læringsutbytteformuleringane i emneplanen
- forventingar til praksis generelt
- forventningar til medstudentar, praksislærar og praksisskule
- dine sterke og svake sider, både fagleg og menneskeleg
- kva du vil legge vekt på i eigen utvikling som framtidig lærar, og konkrete mål og strategiar for å nå desse
Førebu undervisningsopplegg til praksisperioden
Saman med medstudentane og praksislærar skal du lage ein grovplan for heile praksisperioden. I tillegg skal du lage undervisningsplan for kvar time, enten saman med medstudentar eller åleine –alt etter kva som er avtalt med praksislærar. Forslag til planleggingsskjema finn du i denne lenka. All undervining skal bygge på LK20.
Du skal levere planleggingsskjema til praksislærar i god tid før undervisninga, slik at du kan få rettleiing før undervisningsøkta. Skjemaet skal vere så klart og detaljert at andre skal kunne gjennomføre undervisninga ut frå det. I kor stor grad praksislærar skal vere delaktig i arbeidet med å planlegge undervisingsøkter er avhengig av kor langt du har kome i studiet.
Praksislærar er rettleiar i prosessen og skal legge til rette for at du kan få gjort arbeidet på ein tilfredsstillande måte. Dette kan til dømes vere å gje deg tilgang til kompetansemål, digitale læringsverktøy, timeplanar, oversikt over behov for tilpassa opplæring og andre forhold som pregar klassemiljøet.
Tips til korleis vere ein god praksisstudent
- Møt presis på praksisskulen til alle timar også til dei du ikkje har ansvar for sjølv.
- Føl opp arbeid og avtalar du har teke på deg. Det er viktig at alle på praksisskulen kan sjå på deg som ein påliteleg kollega.
- Ver bevisst på rolla di, elevane ser ikkje på deg som student, men som ein vaksen.
- Rett deg etter reglementet på skulen, set deg også inn i dei uskrivne normene og reglane.
- Skriv gjerne logg, den kan brukast som grunnlag for rettleiing.
- Ver aktiv i rettleiingsøktene, også når medstudentar får rettleiing.
- Søk opp nødvendig informasjon sjølv.
Tidspunkt for praksisperiodar og møte, studieåret 2025-2026
Samlingsbasert GLU
3. studieår:
Hausten 2025:
- Digitalt praksisførebuande møte, onsdag 24. september klokka 14:15-15:45.
- Praksis i veke 42-45
Våren 2026:
- Praksisfritt semester
4. studieår:
Hausten 2025:
- Digitalt praksisførebuande møte, torsdag 4. september klokka 14:15-15:45.
- Praksis i veke 38-40
Våren 2026:
- Digitalt planleggingsmøte for praksislærarar og studentar, dato kjem
- Praksis i veke 5-7
Stord
1. studieår:
Hausten 2025: Oppstartspraksis
- Praksisførebuande seminar på campus torsdag 16.oktober
- Profesjonsøkt klokka 10:00-12:00 for studentar
- Praksisførebuande seminar 12:00-14:00 for studentar, praksislærarar og profesjonsrettleiarar/faglærarar
- Planleggingsmøte klokka 14:00-16:00 for praksislærarar og profesjonsrettleiarar/faglærarar
- Praksisforebuande dag på praksisskulen for studentane på praksisskulen måndag 20.oktober - opplegget varer heile dagen
- Oppstartspraksis i veke 44
- Erfaringsseminar i undervisningsøkt tysdag 4.november klokka 12:00- 15:00 på campus i veke 45 for studentar, praksislærarar og faglærarar/profesjonsrettleiarar
Våren 2026: Ordinær praksis
- Digitalt planleggingssmøte for praksislærarar og studentar måndag 9.februar 14:15-15:45
- Praksisførebuande dag på praksisskulen måndag 16.februar - opplegget varer heile dagen
- Praksis i veke 10-13
- Fagdag for praksislærarar torsdag 19.mars - studentar overtek undervisninga
2. studieår:
Hausten 2025:
- Praksisførebuande møte for praksislærarar på campus måndag 22.september klokka 14:00 -16:00
- Praksisførebuing i undervisningsøkt for studentane
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 25. september - opplegget varer heile dagen
- Praksis i veke 42-45
Våren 2026:
- Digitalt planleggingsmøte for praksislærarar og studentar torsdag 12. februar klokka 14:15-15:45
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen måndag 16.februar - opplegget varer heile dagen
- Praksis i veke 10-13
- Fagdag for praksislærarar torsdag 19. mars - studentar overtek undervisninga
3. studieår:
Hausten 2025:
- Praksisførebuande møte for praksislærarar på campus tysdag 23.september klokka 14:15-15:45
- Praksisførebuing i undervisningsøkt for studentane
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 25.september - opplegget varer heile dagen
- Praksis i veke 42-45
Våren 2026:
- Praksisfritt semester
- Fagdag for praksislærarar torsdag 19.mars
4. studieår:
Hausten 2025:
- Praksisførebuande møte for praksislærarar på campus måndag 1.september klokka 14:15-15:45
- Praksisførebuing i undervisningsøkt for studentane
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 4. september - opplegget varer heile dagen
- Praksis i veke 38-40
Våren 2026:
- Digitalt planleggingsmøte for praksislærarar og studentar torsdag 15.januar klokka 14:15-15:45
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen måndag 19.januar - opplegget varer heile dagen
- Praksis i veke 5-7
- Fagdag for praksislærarar torsdag 19.mars
5. studieår:
Praksisfritt studieår
Andre møte:
Kurs for nye praksislærarar: Dato kjem
Rektormøte (kun for rektorar og eventuelt praksisansvarleg på skulen) Dato kjem
Sogndal
1. studieår:
Hausten 2025: Oppstartspraksis
- Praksisførebuande seminar på campus - profesjonsøkt (dato kjem)
- Praksisforebuande dag på praksisskulen for studentane på praksisskulen måndag 20.oktober - opplegget varer heile dagen
- Oppstartspraksis i veke 44
- Erfaringsseminar i undervisningsøkt på campus i veke 45
Våren 2026: Ordinær praksis
- Digitalt planleggingssmøte for praksislærarar og studentar torsdag 8.januar 14.30-16.00
- Praksis i veke 4-7
- Fagdag for praksislærarar tysdag 10.februar - studentar overtek undervisninga
2. studieår:
Hausten 2025:
- Digitalt praksisførebuande møte måndag 22.september klokka 14:30-16:00
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 25. september - opplegget varer heile dagen
- Praksis i veke 42-45
Våren 2026:
- Digitalt planleggingsmøte for praksislærarar og studentar torsdag 12. februar klokka 14:30-16:00
- Praksis i veke 10-13
- Fagdag for praksislærarar torsdag 19. mars - studentar overtek undervisninga
3. studieår:
Hausten 2025:
- Digitalt praksisførebuande møte tysdag 23.september klokka 14:30-16:00
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 25.september - opplegget varer heile dagen
- Praksis i veke 42-45
Våren 2026:
- Praksisfritt semester
4. studieår:
Hausten 2025:
- Digitalt praksisførebuande møte tysdag 2.september klokka 14:30-16:00
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 4. september - opplegget varer heile dagen
- Praksis i veke 38-40 på Slåtten skule
Våren 2026:
- Digitalt planleggingsmøte for praksislærarar og studentar onsdag 14.januar klokka 13:00-15:30
- Praksis inkludert skuleovertakelse på Slåtten skule i veke 5-7
- Fagdag for praksislærarar tysdag 10.februar
5. studieår:
Praksisfritt studieår
Andre møte:
Kurs for nye praksislærarar: Dato kjem
Rektormøte (kun for rektorar og eventuelt praksisansvarleg på skulen) Dato kjem
Bergen
1. studieår:
Hausten 2025: Oppstartspraksis
- Praksisførebuande seminar på campus - profesjonsøkt (dato kjem)
- Valfritt digitalt informasjonsmøte om praksis for praksislærarar og profesjonsrettleiarar måndag 27.oktober klokka 14:30-15:15
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 30.oktober - opplegget varer heile dagen og avsluttast med eit digitalt praksisførebuande møte klokka 14:30-15:15
- Oppstartspraksis i veke 46
- Erfaringsseminar klassevis i undervisningsøkt på campus veke 47
Våren 2026: Ordinær praksis
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 15.januar - opplegget varer heile dagen og avsluttast med eit digitalt praksisførebuande møte klokka 14:30-15:15
- Praksis i veke 5-8
- Fagdag for praksislærarar torsdag 12.februar - studentar overtek undervisninga
2. studieår:
Hausten 2025:
- Informasjonsmøte om praksis med praksisadministrasjonen for studentar (dato kjem)
- Valfritt digitalt informasjonsmøte om praksis for praksislærarar og profesjonsrettleiarar måndag 29.september klokka 14:30-15:15
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 2.oktober - opplegget varer heile dagen og avsluttast med eit digitalt praksisførebuande møte klokka 14:30-15:15
- Praksis i veke 42-45
Våren 2026:
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 19.februar - opplegget varer heile dagen og avsluttast med eit digitalt praksisførebuande møte klokka 14:30-15:15
- Praksis i veke 10-13
- Fagdag for praksislærarar torsdag 19. mars - studentar overtek undervisninga
3. studieår:
Hausten 2025:
- Informasjonsmøte om praksis med praksisadministrasjonen for studentar (dato kjem)
- Valfritt digitalt informasjonsmøte om praksis for praksislærarar og profesjonsrettleiarar måndag 22.september klokka 14:30-15:15
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 25.september - opplegget varer heile dagen og avsluttast med eit digitalt praksisførebuande møte klokka 14:30-15:15
- Praksis i veke 42-45
- Fagdag for praksislærarar torsdag 30.oktober - studentar overtek undervisninga
Våren 2026:
- Praksisfritt semester
4. studieår:
Hausten 2025:
- Informasjonsmøte om praksis med praksisadministrasjonen for studentar (dato kjem)
- Valfritt digitalt informasjonsmøte om praksis for praksislærarar og profesjonsrettleiarar måndag 1.september klokka 14:30-15:15
- Praksisførebuande dag for studentane på praksisskulen torsdag 4.september -opplegget varer heile dagen og avsluttast med eit digitalt praksisførebuande møte klokka 14:30-15:15
- Praksis i veke 38-40
Våren 2026:
- Digitalt planleggingsmøte for praksislærarar og studentar torsdag 15.januar klokka 14:30-15:15
- Praksis i veke 5-7
- Fagdag for praksislærarar torsdag 5.februar - studentar overtek undervisninga
5. studieår:
- Praksisfritt studieår
Andre møte:
Kurs for nye praksislærarar: Dato kjem
Rektormøte: Dato kjem
Ansvarsforhold i praksisopplæringa- trepartsamarbeid
Student
Som student i praksis skal du:
- ha kunnskap om innhaldet i studieprogramplan, emneplanar, nettsider for praksis og læreplan for grunnskulen
- ta ansvar for at studentgruppa tar kontakt med praksislærar i god tid før praksisførebuande dag/oppstart praksis for å gjere avtale om oppmøte
- delta på obligatoriske praksisførebuande aktivitetar
- skrive refleksjonsnotat og levere det til praksislærar på praksisførebuande dag/før praksis startar
- levere "Avsluttande kommentar med framovermelding" frå tidlegare sluttvurdering til praksislærar før første praksisdag
- skrive planleggingsdokument
- skrive sjølvevaluering
- ha god kontakt med praksislærar før og undervegs i praksisperioden
- følgje arbeidsdagen og arbeidsoppgåvene til praksislærar, inkludert deltaking i teamarbeid, møte og skule-heim-samarbeid
- bruke ulike observasjonsmetodar aktivt i løpet av praksisperioden
- delta aktivt i planlegging, gjennomføring og vurdering av eige og medstudentar sitt undervisningsopplegg
- delta aktivt i rettleingssamtalar og samarbeid i studentgruppa
- gjennomføre obligatoriske læringsaktiviteter i praksis
- laste opp sluttvurdering i Wiseflow innan fastsett frist. Les meir om rutinar for praksisvurdering og innlevering av vurderingsskjema ved å klikke her.
- svare på spørjeundersøking om evaluering av praksis
Praksisfelt
Praksislærar på skulen
Praksislærar organiserer og gjennomfører rettleia og vurdert praksis og arbeider ut frå gjeldande retningslinjer, emneplanar, studieplan og informasjon på nettsida for praksis. Studentane må involverast i kjerneaktivitetar som t.d. foreldresamarbeid, elevsamtalar, samarbeid med eksterne aktørar og planlegging av arbeidsåret.
Når fleire praksislærarar deler ansvaret for ei studentgruppe, har ein av dei hovudansvaret for organisering, rettleiing og vurdering. Andre praksislærarar skal bidra i rettleiing og vurdering.
Praksislærar skal:
- ha kunnskap om innhaldet i aktuell emneplan for praksis og informasjon på nettsida for praksis
- kjenne til studieprogramplanen, rammeplan og nasjonale retningslinjer for GLU
- sikre at kontakt er oppretta med studentgruppa og at tid og stad for oppmøte på praksisførebuande dag/i praksis er avtalt
- koordinere praksisopplæringa slik at kvar student får tilstrekkeleg rettleiing
- sikre at all praksisopplæring er rettleia, vurdert og variert
- sørge for at studenten føl arbeidsdagen og arbeidsoppgåvene til praksislærar, inkludert deltaking i teamarbeid, møte og skule-heim-samarbeid
- la studentane observere praksislærar si undervisning som utgangspunkt for refleksjonssamtalar
- gje studentane observasjonsoppgåver
- ha ansvar for vurdering av studenten sin praksis i samarbeid med profesjonsrettleiar, (eventuelt faglærar ved HVL og andre lærarar ved praksisskulen) og rektor ved praksisskulen
- gje undervegsvurdering i samarbeid med profesjonsrettleiar (og eventuelt faglærar ved HVL og andre praksislærarar)
- vurdere om det bør sendast varsel om fare for ikkje bestått praksisseinast havegs i praksisperioden
- vurdere om det bør sendast tvilsmelding om studenten er skikka til læraryrket
- utarbeide skriftleg sluttvurdering med karakter som skal gjennomgåast med studenten i sluttsamtale siste dag i praksis
- svare på evaluering av samarbeid om praksisgjennomføring med HVL
- vere ein del av høgskulen sitt team for praksis og kompetanse innan metodikk og i pedagogikk og i nokon tilfelle ta del i undervising av studentane
- ta del i aktuelle møte og faglege arrangement for høgskulen sine praksislærarar
- ha gjennomgått vidareutdanning i praksisrettleiing på minimum 15 studiepoeng eller forplikte seg til å starte slik opplæring
Rektor/Praksisansvarleg på skulen
På dei fleste skular er det rektor som er praksisansvarleg, medan på andre skular har rektor delegert ansvaret. Praksisopplæringa skal vere i samsvar med rammeplan, retningslinjer, programplanar, emneplanar og informasjon på nettsida for praksis. Det er viktig at studentane blir inkluderte i skulen sitt læringsmiljø og personale.
Praksisansvarleg skal:
- ha overordna ansvar for gjennomføring av og kvalitet i praksisopplæringa på skulen
- sørge for at heile personalet i skulen er involvert i praksis og legge til rette for at studentane får gode læringsforhold og har tilgang til nødvendig utstyr for å gjennomføre praksis, inkludert tilgangar til skulen sine digitale verktøy som til dømes læringsplattformar og digitale læremiddel som vert nytta av elevane
- kvart år melde inn praksislærarar og tal på studentar dei kan ta i mot
- velje kvalifiserte praksislærarar som har lærarutdanning, tre års relevant arbeidserfaring etter fullført pedagogisk utdanning og formell kompetanse i faga dei skal rettleie studentane i. (Etter anbefaling frå skuleleiinga kan krava til praksislærar fråvikast i spesielle tilfelle, men det skal alltid skje i tett dialog med HVL.)
- legge til rette for at praksislærarane har eller gjennomfører rettleiingskurs på minimum 15 studiepoeng
- legge til rette for organisering av praksis i team for å sikre tilstrekkeleg praksis i faga til studenten (Dersom praksislærar ikkje underviser i faga til studenten må ein annan lærar overta rettleiinga i desse faga)
- iverksette tiltak slik at praksisopplæringa kan gjennomførast som avtalt ved sjukdom, permisjon, oppseiing eller andre endringar av arbeidssituasjonen for praksislærarar (HVL må informerast om endringane)
- legge til rette for at studentar som må ta att delar av praksis får gjennomføre dette
- informere om skulen og skulen sine forventningar til studentane og sørge for at studentane får innsikt i skuleleiing, skulen som organisasjon, skulen sine samarbeidspartnarar og satsingsområde
- bidra i vurdering av studenten sin praksis i samarbeid med praksislærar og HVL ved behov. Ved fare for ikkje bestått eller spørsmål om skikkaheit skal leiar involverast. (Vurdere om skulen bør sende tvilsmelding om skikkaheit)
- bidra til at praksis blir evaluert av studentane og følgje opp evalueringa i samarbeid med HVL
- opne opp for at studentar i eller utanom praksisperiodane kan samle data til masteroppgåveskriving
- koordinere økonomiske forhold og refusjonskrav mellom HVL og skulen, samt utbetale godtgjersle og løn til personale som utfører ekstraarbeid i samband med praksisopplæringa
Høgskulen på Vestlandet
Profesjonsrettleiar på HVL skal:
- ha hovudansvar for fagleg oppfølging av studentar og praksisskular
- planlegge og leie aktuelle praksismøte
- syte for at studenten er førebudd til praksis og til å møte praksislærar på praksisførebuande møte og evaluerings- og planleggingsmøte
- koordinere faglærarane si praksisoppfølging av studentane
- bidra i rettleiing av studenten undervegs i praksis
- bidra i vurdering av studenten sin praksis i samarbeid med praksislærar (og eventuelt faglærar ved HVL og rektor på praksisstaden)
- vurdere om det bør sendast tvilsmelding om skikkaheit
- setje karakter på sluttvurdering i Wiseflow
Faglærar på HVL skal:
- integrere studentane sine praksiserfaringar i undervisinga
- synleggjere fagdidaktiske problemstillingar, utvikling av grunnleggjande ferdigheiter i faga, vurderingsmåtar og korleis sikre tilpassa opplæring
- delta på aktuelle praksismøte
- samarbeide med profesjonsrettleiar om oppfølging, rettleiing og vurdering av studentane i praksis
Emneansvarleg på HVL skal:
- legge inn praksisførebuing i semesterplan og TimeEdit
- sørge for at alle faglærarar i emnet er informert om praksis
- fordele praksisressurs på aktuelle faglærarar i emnet (sjå "Ressursmodell undervisning")
Praksiskoordinator på HVL skal:
- administrere praksis
- utarbeide og publisere på nettsider oversikt over praksisperiodane og møte før kvart studieår
- informere praksisskulane om praksisbehovet (omfang og fagområde) før kvart studieår og informere om endeleg praksisplassering så tidleg som mogleg
- informere førsteårsstudentar om praksis før praksisstart
- kalle inn til og organisere aktuelle praksismøter
- følgje opp rutinar for studentoppfølging og skikkavurdering
- sørge for at praksisskulane er kjend med gjeldande planar for praksisopplæringa og rutinar for studentoppfølging og skikkavurdering
Studieprogramleiar på HVL skal:
- kvalitetssikre praksisopplæringa i samarbeid med GLU-leiargruppa, studieprogramråd, praksiskoordinatorar, profesjonsrettleiarar, faglærarar og praksisskular
- tilby opplæring og kvalifisering i praksisrettleiing i samarbeid med skuleeigar
- sørge for at høgskulen har praksisavtalar med skuleeigarar og skular
- planlegge rektormøte og sjå til at møte vert gjennomført
- sikre at det er gode system for evaluering av praksis
Samarbeidsmøte for studentar, praksisskular og HVL
Bakgrunnsinformasjon om møta
Det er viktig at du som student deltek på møta knytt til praksisgjennomføring for å få best mogeleg utbyte av praksis. Høgskulen og praksislærarane samarbeider for å utvikle profesjonskompetansen til studentane. For å utvikle god kvalitet på praksisstudiet er det fleire samarbeidsarenaer. Nokre av dei er formalisert nedanfor. I tillegg til desse møta kan høgskulen organisere andre møte om nødvendig. Datoar vert publisert i løpet av vårsemesteret under "Tidspunkt for praksisperiodar og møte".
Informasjonsmøte for studentar som går førsteåret
Som førsteårsstudent deltek du på eit obligatorisk informasjonsmøte for årets førsteårsstudentar arrangert av praksisadministrasjonen. På møte vert du kjend med praksisnettsidene og emneplanane for praksis. Det vert og informert om organisering, vurdering, rettleiing og innhald i praksis. Du får kjennskap til kva du kan forvente å lære i praksis og kva som er forventa av deg når du er i praksis. I tillegg vert det informert om løpande skikkavurdering og kort om HVL sitt samtaletilbod.
Ansvarleg: Praksiskoordinator
Deltakarar: Studentar, ev. profesjonsrettleiarar, representant frå praksislærarane og «erfaren» student
1.studieår: Oppstartspraksis og møte
Studieåret 2024-25 gjennomfører HVL ein pilot med ny organisering av praksis 1.studieår. I haustsemsteret gjennomfører alle studentane ei veke oppstartspraksis på LU-skular og andre utvalde skular. I vårsemesteret gjennomfører studentane fire veker ordinær praksis.
Førebuing til og planlegging av oppstartsveka er eit felles ansvar mellom HVL og praksisfeltet. Det vert arrangert planleggingsmøte for praksisansvarlege/praksislærarar på skular med oppstartspraksis og profesjonsrettleiarar tidleg i haustsemesteret.
Deretter vert det praksisførebuande seminar for studentar på campus. Representantar frå praksisfeltet og profesjonsrettleiarar frå HVL har saman med praksisadministrasjonen ansvar for seminaret.
Etter praksis arrangerer profesjonsrettleiar erfaringsseminar for studentane i undervisningsøkt på campus.
Praksisførebuande dag på praksisskulen
Praksisførebuande vert gjennomført på praksisskulen om lag ei og ei halv veke før du skal i praksis.
Før praksis møter du og medstudentane på praksisskulen for å bli kjent med praksislærar, elevar, skulen og praksisgruppa. Du leverer då refleksjonsnotatet til praksislærar.
Deler av dagen vert brukt til felles forventningsavklaringar. Studentar og praksislærar går saman gjennom informasjon på nettsida for praksis inkludert emneplan for praksis.
I løpet av dagen lagar praksislærar og studentane ein grovplan over innhaldet i praksisperioden. Oversikta kan til dømes innehalde fordeling av undervisning, observasjon, retting av elevarbeid, rettleiing, deltaking i teamarbeid, møte i skule-heimsamarbeid, gjennomføring av eventuelle obligatoriske læringsaktiviteter.
Praksislærar kan gjerne informere om digitale verktøy, dele ut lærebøker, vekeplan, årsplan, timeplan og informasjonshefte om skulen.
Ansvarleg: Praksiskoordinator sender innkalling/praksislærar gjennomfører
Deltakarar: Studentar og praksislærar
Praksisskulen må sørge for at studentane får nødvendige tilgangar til digitale plattformar og læringsverktøy i god tid før praksis.
Digitalt praksisførebuande møte med HVL kan inngå som ein del av praksisførebuande dag, eller arrangerast på anna tidspunkt. Sjå “tidspunkt for praksisperiodar og møte” for kva som gjeld ditt kull.
Praksisførebuande møte med HVL
Digitalt (eventuelt fysisk) praksisførebuande møte med HVL kan inngå som ein del av praksisførebuande dag, og/eller arrangerast på anna tidspunkt. Sjå “Tidspunkt for praksisperiodar og møte” for kva som gjeld ditt kull.
Praksisadministrasjonen informerer om rammer og retningslinjer for praksis.
Profesjonsrettleiarane har møte kullvis (Stord/Sogndal) eller klassevis (Bergen). Fokus kan vere: informasjon om arbeidskrav frå faglærarar (ev. profesjonsrettleiar), læringsutbytteformuleringar/ overordna tema i aktuell emneplan for praksis, praksisførebuing og forventningsavklaringar knytt til praksisoppfølging frå HVL.
Ansvarleg: Praksiskoordinator og/eller profesjonsrettleiar, faglærarar deltek dersom det er mogeleg.
Deltakarar: Studentar, praksislærar
Praksisoppfølging av studentar i praksis
I løpet av praksisperioden får du også oppfølging av faglærar/profesjonsrettleiar ved HVL. Praksisoppfølginga kan delvis gjennomførast digitalt og ved fysisk møte på praksisskulen. Praksisoppfølginga skal ha fokus på trepartsamtalen. Meir informasjon om praksisoppfølging kjem.
Digitalt planleggingsmøte mellom praksis i hautsemester og vårsemester
Møtet vert lagt til ca to veker før praksis i vårsemesteret. Sjå “tidspunkt for praksisperiodar og møte” for kva som gjeld ditt kull. Møtet vert lagt til slutten av dagen og er todelt. Tema for møte er førebuing til praksis i vårsemesteret ut i frå erfaringar frå praksisen i haustsemesteret.
Del 1:
Profesjonsrettleiar kallar inn alle studentar og praksislærarar. Profesjonsrettleiar leiar møte for sitt kull (Stord/Sogndal) eller klasse (Bergen). Fokus kan vere: informasjon frå faglærar, obligatoriske læringsaktiviteter, læringsutbytteformuleringar/ overordna tema i aktuell emneplan for praksis, evaluering av praksis i haustsemesteret, praksisførebuing og forventningsavklaringar knytt til praksisoppfølging frå HVL. Det kan leggast opp til faglege diskusjonar og casedrøftingar.
Del 2:
Profesjonsrettleiar opprettar break out rooms for den enkelte paksislærar med tilhøyrande praksisgruppe. Praksislærar og studentar planlegg praksis.
Kurs for nye praksislærarar
Kurs for nye praksislærarar vert arrangert kvar haust før praksisstart. Kurset er retta mot heilt nye praksislærarar og praksislærarar som ikkje har teke imot studentar på mange år. Her får praksislærarane praktisk informasjon og lynkurs i rettleiing av studentar.
Sjå “tidspunkt for praksisperiodar og møte” for kva som gjeld ditt kull.
Ansvarleg: Praksiskoordinator/fagmiljø/studieprogramleiar
Deltakarar: Nye praksislærarar
Fagdagar for praksislærarar på campus i vårsemesteret
I vårsemesteret arrangerer høgskulen ein obligatorisk fagdag for praksislærarane i løpet av studentane sin praksisperiode. Denne dagen overtek studentane ansvaret for undervisninga slik at praksislærarane vert frigjort frå undervising. Det må oppnemnast ein person på praksisskulen som studentane kan kontakte dersom det skulle vere nødvendig. Det er viktig at studentane får grundig før- og etterrettleiing for å sikre kvaliteten på undervisinga.
Dette er ein felles møtearena for lærarutdannarar. Tema for dagen vil variere.
Ansvarleg: Studieprogramleiar/fagmiljø/praksiskoordinator
Deltakarar: Praksislærarar, faglærarar frå HVL og representantar frå leiargruppa for grunnskulelærarutdanningane
Rektormøte/møte for praksisansvarlege på praksisskulane haust og vår
Studieprogramleiar arrangerer to rektormøte i løpet av studieåret. I starten av august er det digitalt informasjons-/dialogmøte med rektorane på tvers av campus. I mars/ april vert det arrangert campusvise samarbeidsmøte mellom studieprogramleiar (eventuelt ein representant frå leiargruppa), praksiskoordinator og rektor på praksisskulane.
Ansvarleg: Studieprogramleiar/praksiskoordinator
Deltakarar: Rektorar/praksisansvarleg ved skulen, assisterande instituttleiarar frå HVL.
Kvardagen i praksis
Praksisgrupper, undervisning og oppmøte
Studentar i praksis vert i hovudsak organisert i praksisgrupper på fire.
I praksis skal du følge arbeidsdagen og arbeidsoppgåver til praksislærar så langt det er mogleg, inkludert undervisning, teamarbeid, møte og skule-heim-samarbeid. Totalt skal du vere til stades på skulen 7,5 timar per dag.
I ein ordinær grunnskulepraksis skal du delta i undervisning gjennomsnittleg tre klokketimar per dag som eit minimum. Deltaking i undervisning kan til dømes vere å observere medstudentar, praksislærar eller andre lærarar på skulen, vere medlærar eller ha hovudansvar for undervisninga. Undervisningansvaret skal fordelast likt på studentane i praksisgruppa i dialog mellom studentar og praksislærar(ar).
Du skal undervise i fag du tek på høgskulen inneverande studieår og andre fag etter avtale med praksisskulen.
For å sikre progresjon i praksisopplæringa er det naturleg at studentane går frå observasjon, til medansvar for økter, og til å undervise med påhøyr av medstudentar og praksislærar. Frå andre studieår bør studentar bli oppfordra til å undervise noko utan at praksislærar/medstudentar er i klasserommet.
Planlegging av undervisning
Du skal lage undervisningsplan for kvar time, enten saman med medstudentar eller åleine –alt etter kva som er avtalt med praksislærar.
Forslag til planleggingsskjema finn du i denne lenka. All undervisning skal bygge på LK20.
Du skal levere planleggingsskjema til praksislærar i god tid før undervisninga, slik at du kan få rettleiing før undervisningsøkta.
Skjemaet skal vere så klart og detaljert at andre skal kunne gjennomføre undervisninga ut frå det. I kor stor grad praksislærar skal vere delaktig i arbeidet med å planlegge undervisingsøkter er avhengig av kor langt du har kome i studiet.
Praksislærar er rettleiar i prosessen og skal legge til rette for at du kan få gjort arbeidet på ein tilfredsstillande måte. Dette kan til dømes vere å gje deg tilgang til kompetansemål, digitale læringsverktøy, timeplanar, oversikt over behov for tilpassa opplæring og andre forhold som pregar klassemiljøet.
Planleggingsdag
Studenten deltek på eventuelle planleggingsdagar i praksisperioden, dersom det let seg gjere.
I tilfelle der dette ikkje går skal studenten etter avtale med praksislærar jobbe med anna praksisrelatert arbeid, og treng ikkje ta att denne dagen.
Leirskule
Dersom klassen skal på leirskule, kan studenten delta. Høgskulen dekkjer ikkje kostnader i samband med leirskule. Ein dag på leirskule svarar til ein vanleg praksisdag på 7,5 timar.
Om studenten vert på praksisskulen i denne perioden har rektor/praksisansvarleg ansvar for å gi eit tilfredsstillande opplegg til studenten.
Rettleiing i praksis
Organisering av rettleiinga
Kunnskap frå faga og erfaring frå praksis dannar grunnlag for studentane si evne til å utvikle fagleg og didaktisk kompetanse.
Studenten skal ha rettleiing før og etter all undervising der målet er å skape samanheng mellom teori og praksis. Rettleiinga skal ha fokus på at studenten får reflektere rundt eigen praksis, vere knytt til læringsutbytteformuleringane i emneplan for praksis og sikre progresjon for kvar enkelt student. Tidspunkt for rettleiing skal avtalast og timeplanfestast i forkant av praksisperioden. Praksislærar har ansvar for at dette blir følgt opp.
Praksislærar har ansvar for at ei praksisgruppe på fire studentar samla får gjennomsnittleg 10 timar rettleiing i veka. Dei 10 timane inkluderer individuelle rettleiingsøkter. Ved færre studentar blir rettleiingstimane for gruppa samla sett redusert tilsvarande.
Studenten skal stille førebudd til alle rettleiingsøkter og levere planleggingsdokument i god tid. Rettleiinga kan organiserast i gruppe, parvis eller individuelt, med ein eller fleire praksislærarar. Faglærar frå HVL kan ved behov rettleie studentar.
Sjølvevaluering til undervegssamtalen og sluttsamtalen
Studenten skal gje ei skriftleg sjølvevaluering av eigne mål til undervegssamtalen og til sluttsamtalen i praksisperioden. Dette skal leverast til praksislærar før siste rettleiingstime. Sjølvevalueringa til sluttsamtalen skal leggast inn i sluttvurderingsskjemaet.
Sjølvevalueringa tek utgangspunkt i refleksjonsnotatet og skal seie noko om:
- Korleis gjekk det med måla eg sette meg?
- Kvifor gjekk det som det gjorde?
- Kva ynskjer eg å arbeide vidare med?
Vurdering av praksis
Om vurdering og innlevering av vurderingsskjema
Studentane vert vurderte etter læringsutbyteformuleringane i emneplan for dei aktuelle studieåra. I tillegg er studentane under løpande skikkavurdering gjennom heile utdanninga.
Les meir om rutinar for praksisvurdering og innlevering av vurderingsskjema ved å klikke her
Det skal vere to sensorar som vurderer studenten. Dette vil normalt vere praksislærar og profesjonsrettleiar/faglærar ved HVL. Sensorane har felles ansvar for den endelege vurderinga av studenten.
Praksislærar skal fylle ut:
- forenkla vurderingsskjema etter fem dagar oppstartspraksis, haust 1.studieår
- skjema for undervegsvurdering halvegs i praksisperioden og gjennomføre midtvegssamtale for gjennomgang av vurderinga og eventuelt varsel om fare for ikkje bestått praksis
- eventuelt varsel om fare for ikkje bestått praksis, referat frå samtale om varsel og skjema for rettleiingssamtale etter varsel
- skjema for sluttvurdering (gjeld alle studieåra)
Dersom studenten får varsel eller ikkje gjennomfører siste del av praksis i vårsemesteret på grunn av sjukdom eller permisjon, sender praksislærar undervegsvurderinga til praksisadministrasjonen. Dei gjennomførte praksisdagane kan telje med dersom studiet blir tatt opp att.
Studenten:
- skal 1.studieår ta med forenkla vurderingsskjema frå oppstartpraksis om hausten til praksislærar ved start vårpraksis - skjemaet skal lastast opp i Wiseflow saman med sluttvurdering for praksis 1.studieår
- skal alle studieår levere skjema for sluttvurdering av praksis i Wiseflow
- dersom du har praksis på to ulike arenaer leverer du både undervegsvurdering og sluttvurdering (som pdf)
- vert oppfordra til å ta med skjema for sluttvurdering til neste års praksislærar
- skal levere "Avsluttande kommentar med framovermelding" frå tidlegare sluttvurdering til praksislærar før første praksisdag
Vurderingsskjemaet er berre til intern bruk.
Profesjonsrettleiar ved HVL set endeleg sluttvurdering i Wiseflow.
Vurderingsskjema
Forenklet vurderingsskjema oppstartspraksis (bokmål) - gjelder 1.studieår
Forenkla vurderingsskjema oppstartspraksis (nynorsk) - gjeld 1.studieår
Underveisvuderingsskjema (bokmål) - gjelder 2. og 4. studieår
Undervegsvurderingsskjema (nynorsk) - gjeld 2. og 4. studieår
Sluttvurderingsskjema (bokmål) - gjelder 1.studieår
Sluttvurderingsskjema (nynorsk) - gjeld 1.studieår
Sluttvurderingsskjema (bokmål) - gjelder 2.-4. studieår
Sluttvurderingsskjema (nynorsk) - gjeld 2.-4. studieår
Evaluation report.doc - for practice abroad
Som hjelp til vurdering av studentane har HVL i samarbeid med Leikanger ungdomsskule utarbeidd konkretiseringspunkt for læringsutbytteformuleringane. Dette er meint som hjelp til å forstå læringsutbytteformuleringane. Når du viser til studentane sine kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse må du bruke læringsutbytteformuleringane i emneplanen (kom gjerne med tilbakemeldingar på skjemaet):
Læringsutbytteformuleringer med konkretiseringer
Studentane kan ikkje bruke praksislærar som referanse, eller vurderingsskjema som attest, ved jobbsøking.
Varsel om fare for ikkje bestått praksis
Dersom det oppstår tvil om du vil nå måla for læringsutbytta og bestå praksis skal praksislærar fylle ut skjemaet "Varsel om fare for ikkje bestått praksis". Dette skal skje så tidleg som mogleg og seinast halvvegs i praksisperioden. Praksislærar leverer varselet til praksisansvarleg ved skulen, som sender dokumentet til HVL via Praksisportalen.
Les meir om varsel og rutinar ved fare for ikkje bestått her.
Ikkje bestått praksis
Når du får praksis vurdert til ikkje bestått, har du brukt eitt forsøk og heile praksisperioden må takast om att neste gong praksisperioden vert arrangert ordinært. Dette kan få konsekvensar for studieprogresjonen din.
Du kan ikkje klage på sluttvurdering i praksis, men har høve til å klage på eventuelle formelle feil i samband med praksis.
Les meir om rutinar ved ikkje bestått praksis her.
NOKUT sin definisjon av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse
NOKUT har følgjande definisjon av omgrepa i læringsutbytteformuleringane i emneplanen:
Kunnskap:
Kunnskap er forståing av teoriar, fakta, omgrep, prinsipp og prosedyrar innanfor fag, fagområde og/eller yrke.
Ferdigheiter:
Evne til å bruke kunnskap for å løyse problem og oppgåver. Det finst ulike typar ferdigheiter: kognitive, praktiske, kreative og kommunikative.
Generell kompetanse:
Generell kompetanse er å kunne bruke kunnskap og ferdigheiter på sjølvstendig vis i ulike situasjonar i utdannings- og yrkessamanheng ved å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking.
Emneplanar GLU 1.-7.trinn, studieåret 2024 - 2025
- Emneplan for praksis 1. studieår (25 dagar)
- Emneplan for praksis 2. studieår (35 dagar)
- Emneplan for praksis 3. studieår (25 dagar)
- Emneplan for praksis 4. studieår (30 dagar)
- Emneplan for praksis 5. studieår (15 dagar)
- Emneplan for praksis 1. studieår samlingsbasert (25 dagar)
- Emneplan for praksis 2.studieår samlingsbasert (35 dagar)
- Emneplan for praksis 3.studieår samlingsbasert (25 dagar)
Emneplanar GLU 5.-10.trinn, studieåret 2024 - 2025
- Emneplan for praksis 1. studieår (25 dagar)
- Emneplan for praksis 2. studieår (35 dagar)
- Emneplan for praksis 3. studieår (25 dagar)
- Emneplan for praksis 4. studieår (30 dagar)
- Emneplan for praksis 5. studieår (15 dagar)
Rutinar ved fråvær i praksis
Fråvær
Praksisopplæringa, inkludert praksisførebuing, observasjonsdagar og ulike møte, er obligatorisk. Alt gyldig/dokumentert fråvær må takast att for at du skal få oppfylt kravet om 115 dagar praksis. Dette gjeld uansett årsak til fråværet. Sjå informasjon om krav til oppmøte.
- Gi alltid beskjed til praksislærar om fråvær så snart som mogeleg (både planlagt fråvær og akutte situasjonar).
- Praksislærar kan godkjenne fråvær for enkelttimar og HVL treng ikkje melding om dette.
- Fråvær på ein dag eller meir skal meldast inn til HVL via fråværsskjema. Der kan du registrere gyldig/dokumentert fråvær i praksis eller søke om planlagd fråvær.
- Ved sjukdom inntil tre dagar kryssar du av for eigenmelding. Du kan berre levere eigenmelding ein gong i haustsemesteret og ein gong i vårsemesteret.
- Er sjukdomsperioden over tre dagar skal du sende attest frå lege, psykolog eller annan sakkunnig person så snart som mogeleg og seinast ei veke etter sjukdommen oppstod.
- Søknad om å få innvilga gyldig planlagd fråvær må sendast via fråværsskjema seinast 3 veker før praksisperioden startar eller så snart som behovet dukkar opp.
Utsett praksis
- Dersom ein student har dokumentert gyldig fråvær, legg praksislærar og HVL til rette for utsett praksis innanfor studieåret dersom det er mogleg.
- Studenten skal ta igjen fråværet så snart som råd slik at kontinuitet og samanheng vert sikra.
- Når dato for utsett praksis er avtalt er dette ein bindande avtale og kan ikkje flyttast til eit seinare tidspunkt. Eventuelt fråvær på utsett praksis må dokumenterast med legeerklæring. Dersom studenten ikkje leverer legeerklæring vil fråværet bli registrert som ugyldig.
- Er fråværet for stort til at utsett praksis kan gjennomførast innanfor studieåret, må studenten ta delar av, eller heile praksisperioden, neste studieår. Ei slik utsetjing kan få konsekvensar for studenten sin studieprogresjon.
- Student og praksislærar finn saman tidspunkt for gjennomføring av utsett praksis. Studenten har ansvar for at dette blir gjort.
- Studenten har òg ansvar for at profesjonsrettleiar får beskjed om utsett dato.
- Ved utsett praksis skal studenten vere til stades totalt 7,5 timar per dag og må minimum ha ansvar for ei undervisningsøkt per dag.
- Sluttvurdering og siste rettleiingsøkt blir gjennomført i samband med utsett praksis.
- Studenten må gi praksiskoordinator beskjed om det er nødvendig med utvida innleveringsfrist i Wiseflow.
Ugyldig fråvær
- Høgskulen legg ikkje til rette for utsett praksis ved ugyldig fråvær.
- Ugyldig fråvær er fråvær som ikkje er dokumentert med eigenmelding, legeattest eller innvilga permisjon. Ferie og deltidsjobb er blant anna ikkje godkjent fråværsgrunn.
- Ugyldig fråvær fører til at praksisperioden blir registrert som avbroten. Avbroten praksis får same konsekvens som ikkje bestått praksis.
- Dersom ein student, på grunn av ugyldig fråvær, får avkorta praksisperioden slik at vedkommande ikkje kan vurderast, fører det til avbroten praksis med same konsekvens som ikkje bestått praksis. Studenten må då gjennomføre ny praksisperiode neste gong denne praksisperioden vert arrangert ordinært.
Praksis i utlandet
Praksis i utlandet vår 2.studieår
Ønsker du ei ny og annleis praksiserfaring?
HVL tilbyr praksis i utlandet for grunnskulelærarstudentar i vårsemesteret 2. studieår. Dette gjeld ikkje for studentar som er på utveksling i heile semesteret.
Praksis i utlandet vil gi deg eit unikt høve til å lære eit anna land og ein annan kultur betre å kjenne. Du vil også bli kjent med eit skulesystem og ein skulekultur som er ulikt det vi har i Norge. Dette vil vere med på å gi deg eit anna perspektiv på norsk lærarutdanning og skulesystem.
HVL dekker ingen utgifter i forbindelse med praksis i utlandet (reise, opphald, visum, nødvendige medisinar og vaksine etc.)
Tilbod om praksis i utlandet veke 10-13 våren 2026:
- Sør-Afrika, Durban: 20 praksisplassar
- Grand Canaria - Den norske skolen: 4 praksisplasser
- Danmark, Jylland: 4 praksisplassar
- Island: 4 praksisplassar
- Tanzania, Dar es Salaam: 10 praksisplassar
Studentar frå campus Sogndal, Stord og Bergen kan søke.
Innhald/oppgåver i praksis:
Emneplan for praksis ligg til grunn for praksisgjennomføring men det vert opna for lokale tilpassingar. Praksislærar skriv sluttvurdering med sluttkarakter bestått/ikkje bestått. Studenten leverer undervegsvurdering frå praksis i haustsemesteret og sluttvurdering frå vårsemesteret i Wiseflow etter gjennomført praksis i utlandet.
For å få praksis i utlandet må du:
- vere villig til å dekke alle utgifter sjølv (hugs avbestillingsforsikring)
- sende skriftleg søknad i vårsemesteret innen 1.april våren 2025
- aktuelle kull finn søknadsskjema i kullrommet i Canvas
- grunngi motivasjonen din for å søke praksisopphald i utlandet (dette skriv du i søknaden)
- ha relevante og tilstrekkelege språkkunnskapar (engelsk i Sør-Afrika, Tanzania, og Island)
- ha fullført og bestått alle eksamenar, arbeidskrav og praksisperiodar frå 1. studieår. Du kan heller ikkje ha mottatt varsel om fare for ikkje bestått praksis 1. eller 2. studieår. (Dette gjeld sjølv om du har kjøpt og betalt flyreise, bustad, visum vaksinar etc.)
- kunne representere utdanninga og HVL på ein tillitvekkande måte
Ved mange søkarar tek vi utgangspunkt i karakter og motivasjonstekst.
Dersom HVL ut frå punkta over ikkje klarer å skille kandidatane, blir det gjennomført loddtrekking.
Praksis i Danmark og på Island
- HVL skaffar praksisplassar.
- Studentar ordnar og betaler sjølv flybillettar, forsikring, transport og bustad.
- Du kan søke om midlar frå Nordplus.
- Felles førebuingsmøte på slutten av haustsemesteret
Praksis i Sør-Afrika og Tanzania
- Studentar ordnar og betaler sjølv flybillettar, visum, forsikring, nødvendige medisinar og vaksinar etc.
- Du kan søke om reisestøtte frå Lånekassen.
- HVL skaffar praksisplassar på skular i Durban. Mesteparten av praksisperioden går føre seg i Durban, men det er lagt inn nokre praksisdagar på landsbyen i Kwa Zulu Natal.
- HVL ordnar bustad i Sør-Afrika og anbefalar Mgulani hostel i Tanzania. Studentane må betale utgiftene
- HVL organiserer transport til og frå flyplassen og til praksisskulane i Sør-Afrika. Studentane må betale utgiftene.
- HVL arrangerer obligatorisk førebuingskurs i forkant av praksis.
Dersom du har spørsmål om praksis i utlandet kan du kontakte Jorunn Henriksen på e-post: jahe@hvl.no
Dersom du er 2.årsstudent studieåret 25-26 kan du søke om praksis i utlandet våren 26. Søknadsfrist er 1.april 2025.
Her finner du søknadsskjemaEvaluering etter praksis
For å kunne vidareutvikle kvalitet i praksis treng vi at du gir ei tilbakemelding på korleis du har opplevd praksis. Du vil få meir informasjon om dette i Canvas.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med praksisadministrasjonen ved FLKI via kontaktskjema
Informasjon til praksisfeltet
Er du praksislærar i grunnskulelærarutdanning? På sida til praksisfeltet finn du ytterlegare info.
Dette må alle kjenne til:
- PolitiattestPå ein del studium er det krav til at du må legge fram politiattest.
- Vaksinasjon og medisinsk testPå nokre studium er det krav til vaksinar og medisinsk testing før du går ut i praksis.
- TeiepliktFør du startar i praksis må du skrive under på ei teieplikterklæring.
- Tilrettelegging av praksisHar du behov for tilrettelegging eller praksis på ein bestemt stad?
- SkikkavurderingSkikkavurderinga skal sikre at du er skikka til yrket du utdannar deg til.
- Krav til oppmøteDu må møte til obligatorisk praksis for at studiet ditt skal bli godkjent.
- Bu- og reiseutgifterDu kan få dekka bu- og reiseutgifter knytt til praksis. Slik går du fram.
- Kvalitet i praksisSjå korleis du kan medverke til god kvalitet i praksis.
- Personvern i praksisDet er viktig at du har ein datahandteringsplan og ivaretar personvern.
- Skade under praksisDu har same rettar som de tilsette ved praksisplassen din.
- Klagerett praksisHer kan du lese om klagerett knytt til praksis.
- Rutinar for praksisvurderingHer finn du informasjon om rutinar for praksisvurdering og innlevering av praksisvurdering i Wiseflow. Oppstår det tvil om du vil bestå praksis, skal du normalt få skriftleg varsel.
- Vurdering av praksisHer finn du informasjon om rutinar for praksisvurdering og innlevering av praksisvurdering i Wiseflow. Oppstår det tvil om du vil bestå praksis, skal du normalt få skriftleg varsel.