
Vanlege spørsmål ved studiestart
Er du ny student ved Høgskulen på Vestlandet? Vi har samla ein del ofte stilte spørsmål om studiestart.
Når er studiestart?
Studiestart hausten 2025 er måndag 11. august.
Det er ulikt når du skal starte avhengig av kva du skal starte på. Sjekk timeplanen din.
Må eg møte opp til studiestart?
Nei, det er ikkje obligatorisk å møte opp fysisk til studiestart, men vi anbefaler det sterkt. Du får mykje informasjon denne dagen, og eit første møte med klassen din.
Hugs at om du fekk plass i Samordna opptak eller skal gå TRES/Y-veg, skal du gjennomføre digital oppstartsregistrering sjølv om du ikkje møter på campus. Elles mister du studieplassen din.
Når kan eg semesterregistrere meg?
Ny student ved HVL: Først må du aktivere brukarkontoen din og lage ei Feide-pålogging. Når brukarkontoen din er klar til aktivering vil du få ein e-post av oss. Følg instruksane. Deretter loggar du på Studentweb via Feide for å semesterregistrere deg.
Allereie student ved HVL: Bruk Feide-pålogginga di til Studentweb for å registrere deg.
Siste frist for å semesterregistrere deg er er 1. september for høstsemester og 1. februar for vårsemester, men du du bør gjere det så fort du kan, slik at du får studielån, studentbevis med meir.
Vi har laga ei oppskrift på korleis du semesterregisterer deg.
Eg har oppstartsregistrert meg, må eg også semesterregistrere meg?
Ja, viss det er krav om oppmøteregistrering på studiet ditt så må du gjere begge deler, ellers mister du studieplassen din.
Oppstartsregistreringa er ein bekreftelse frå deg at du ønskjer å starte på studiet. Det er for at vi skal kunne gje plassen vidare dersom du har ombestemt deg.
Semesterregistrering vil seie at du melder deg opp til undervising og eksamen for dei emna du skal ta. Du registrerer deg kvart semester du er student. Semesterregistreringa må du gjere innan 1. september for hausten og 1. februar for våren.
Studiet mitt krev politiattest, korleis bestiller eg det?
Når får eg studielån frå Lånekassen?
Så snart du har fått studieplass, kan du søke om lån og stipend hos Lånekassen.
MEN du får ikkje pengane før du har betalt semesteravgift og fullført semesterregistreringa.
Kvar finn eg timeplanen min?
Viss du ikkje har ein studentbrukar ennå, kan du gå inn her og søke opp studiet du skal starte på.
Har du ein studentbrukar, kan du sjekke timeplanen via Canvas
Canvas, kva er det og korleis bruker eg det?
Canvas er ein digital læringsplattform du kjem til å bruke mykje som student. Her finn du all informasjon du treng om emna du skal ta, undervisning og kontakt med forelesarar. Her vil du også finne timeplanen din og pensumlister.
For å få tilgang til Canvas må du først semesterregistrere deg og aktivere brukarkontoen din. Merk at det kan ta eit par timar før påloggingen din vil virke!
Må eg skrive på nynorsk?
Nei, det må du ikkje. Høgskulen på Vestlandet er opptatt av å bruke nynorsk, men du kan fritt velje den målforma du sjølv ønskjer!
Kvar finn eg pensumlista?
Når du har fått tilgang i Canvas, kan du velje pensumlenka under det aktuelle emnet.
Du kan også søke opp pensum i HVL sitt pensumlistesystem.
Viss du ikkje veit kva emna du skal ta heiter, kan du anten finne det i utdanningsplanen din i Studentweb eller søke fram studiet på hvl.no og sjå på emneoversikten.
Sjekk på Canvas eller høyr med emneansvarleg kva for pensumbøker det er viktig eller lurt å skaffe seg. Det blir ikkje forventa at du skal ha alt klart til studiestart.
Kvar får eg tak i pensum?
Dette gjeld i 2025:
Bergen
Akademika har pop-up-bokhandel i vrimlearealet i K1 frå mandag 18. august til onsdag 20. august, klokka 9.00–15.00. Her kan du kjøpe pensum til det første året på dei største utdanningane. I tillegg kan du finne pensum i nettbokhandelen til Akademika. Her kan du òg sjekke kva for butikkar som har boka på lager. Av bokhandlane i Bergen, har Norli i Strandgaten fått pensumlister frå HVL.
Førde
Norli vil ha det meste av pensum til førsteårsstudentar i Førde tilgjengeleg i butikken, og det dei ikkje har inne kan dei bestille. I tillegg står Studenttinget for salg av brukte pensumbøker på campus.
Haugesund
Både Norli og Ark har fått pensumlister frå HVL, og tar inn det meste av norsk pensumlitteratur i butikkene sine. Det dei ikkje har i butikken, kan dei bestille inn.
Sogndal
Norli vil stå på stand i kantina ved semesterstart, og vil ha det meste av pensum tilgjengeleg i butikken. Norli i Sogndal tilbyr 20 % rabatt til studentar på pensumlitteratur i august, september og januar (gjeld ikkje siste års bøker).
Stord
Norli vil ha det meste av pensum til førsteårsstudentar på Stord tilgjengeleg i butikken, og det dei ikkje har inne kan dei bestille inn. I tillegg står Studenttinget for salg av brukte pensumbøker på campus. Bruktbokhylla finn du på BIB105 på biblioteket
Korleis melder eg meg opp til eksamen?
Oppmelding til undervisning og eksamen er ein del av semesterregistreringa i Studentweb. Når du godkjenner utdanningsplanen din for gjeldande semester, melder du deg opp til undervisning og eksamen i emna som ligg i planen din.
Meir om oppmelding til eksamen
Når får eg studentkortet mitt?
Studentkort bestiller du via brukarkontoen din. Er du ny student må du først aktivere brukarkontoen din og lage deg ei Feide-pålogging. Du vil få ein e-post av oss når du skal aktivere brukarkontoen din. Følg instruksane.
Deretter kan du logge deg på brukarkontoen din via Feide, laste opp eit bilete av deg sjølv og bestille studentkortet.
Hugs at studentkortet er ditt nøkkelkort til campus, så last opp bildet så fort som mogleg. Kortet er klart ca. ein veke etter du har lasta opp bildet.
Eg har utdanning frå før, kan eg få fritak?
Ja, du kan søke om å få tidligare utdanning innpassa i studiet du skal starte på nå. Vi har eit elektronisk skjema du kan sende inn, men du kan ikkje gjere det før du har fått ein studentbrukar.
Korleis kan eg få individuell tilrettelegging?
Funksjonsnedsetting eller andre særskilde behov kan gi deg rett på individuell tilrettelegging.
Hugs på at som ny student er fristen for å søke om tilrettelegging 1. september for haustsemesteret og 1. februar om du byrjar om våren.
Kva skjer i fadderveka?
Det er mykje bra som skjer under fadderveka!
Programmet finn du her, men hugs på at det stadig kjem oppdateringar fram mot studiestart.
Korleis kan eg bli kjend med andre studentar?
Hugs at dei fleste er i samme situasjon som deg, og har lyst til å bli kjend med deg!
På alle campusar finn du ulike studentorganisasjonar og linjeforeninger du kan engasjere deg i, og bli kjend med andre på tvers av studium.
Les om studentlivet på din campus.
Vil du ha hjelp til å lykkast fagleg og sosialt? Ved Høgskulen på Vestlandet kan studentassistentane vere med og gi deg ein trygg start på studentlivet. Sjå meir i videoen under.
Korleis finn eg fram til/på campus?
Korleis er det på campus?
Nysgjerrig på korleis det er på plassen du skal studere? Finn ut meir om campusen din!
Korleis finn eg meg ein plass å bu?
Som student kan du leige privat eller gjennom studentsamskipnaden Saman. Hugs at det kan vere lurt å sette seg inn i kva slags reglar som gjeld for deg som leigetakar.
Kva gjer eg om eg blir usikker på studieval eller kva som er vegen videre?
Det er ikkje uvanleg å bli usikker eller ha spørsmål knytt til studieval eller vegen vidare. Vi har studierettleiarar som kan hjelpe deg!