Hopp til innhald

MAT301 Fleirdimensjonal analyse (matematikk 3)

Emneplan for studieåret 2021/2022

Innhald og oppbygging

Emnet dekker dei delane av matematikk som krevst for å vere kvalifisert for opptak til eit masterstudie som gir tittelen sivilingeniør (siv.ing.).

Emnet inneheld:

  1. Koordinatsystem: polare-, sylindriske-, og sfæriske koordinatar.
  2. Kurver i planet og rommet: parameteriserte kurver.
  3. Flater i rommet: plan og krumme flater.
  4. Funksjonar av fleire variablar: nivåkurve, nivåflater, Lagranges metode, kurveintegral, flateintegral, trippelintegral.
  5. Vektoranalyse: gradientvektor, divergens og curl, konservativt vektorfelt, potensialfunksjon, fundamentalsetninga for kurveintegral, Greens setning, Stokes setning og divergenssetninga.
  6. MatLab: bruke MatLab for å visualisere kurver, flater og vektorfelt.

Læringsutbytte

Ein student som har fullført emnet skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Studenten kan identifisere, forstå og bruke grunnleggande omgrep og metodar frå fleirvariabel matematisk analyse, medrekna multippel integrasjon, kurveintegral, flateintegral og integralsetningane frå vektoranalysen.

Studenten:

  • kan velje matematiske metodar og utføre utrekningar innan fleirvariabel analyse
  • kan forstå, grunngi og vurdere sine utrekningar
  • kan bruke fleirvariabel analyse til å modellere og analysere ingeniørfaglege problem

Studenten:

  • har matematisk forståing som er naudsynt for yrkesutøving og vidare fagleg oppdatering
  • kan bruke sin matematiske kunnskap, om naudsynt med bruk av matematisk programvare

Krav til forkunnskapar

Ingen krav til forkunnskaper

Tilrådde forkunnskapar

Matematikk 1 (MAT110) og matematikk 2 (MAT201/MAT202/MAT203)

Undervisnings- og læringsformer

Forelesingar og rekneøvingar.

Obligatorisk læringsaktivitet

Ei obligatorisk innlevering.

Arbeidskravet må vere gjennomført til fastsatt frist og godkjent for at studenten skal få å gå opp til eksamen. Godkjentet øvinger gjev også adgang til eksamen påfølgende semester.

Vurderingsform

Skriftleg eksamen 4 timar. Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Lærebok.

Enkel kalkulator. Godkjente kalkulatorar er: Casio fx-82 (Alle typar: ES, ES Plus, EX Solar, etc)

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • INGB3016 - Matematiske metodar III - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ING3003 - Matematiske metodar III - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • MAT150 - Vidaregåande matematikk for kjemi - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • MAT151 - Vidaregåande matematikk og fysikk for bygg og maskin - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • MAT152 - Vidaregåande matematikk og fysikk for data og elektro - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • ING3019 - Fleirvariabel analyse - Reduksjon: 5 studiepoeng
  • MA2-301 - Matematikk 3 - Reduksjon: 5 studiepoeng