Hopp til innhald

MAT122 Statistikk for ingeniørar

Emneplan for studieåret 2026/2027

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei innføring i fagområdet statistikk og sannsynsrekning. Det vert lagt vekt på å forstå og nytte statistiske modellar til å beskrive data som er samla inn, og om mogleg seie noko om data som ikkje er observert, kjent som statistisk inferens.

Læringsutbytte

Ein student som har fullført emnet har følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Etter fullført emne kjenner studenten til grunnleggjande teori om deskriptiv statistikk, sannsyn, stokastiske variablar, fundamentale fordelingar, estimering av parametre og konfidensintervall, hypotesetesting, korrelasjon, enkel lineær regresjon, val av statistiske modellar og dataverktøy for statistikk.

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

  • beskrive data
  • velje eigna statistiske modellar
  • gjere enkle rekneoperasjonar og nytte relevant dataverktøy for å analysere data
  • estimere relevante parametre, teste hypotesar og utføre og tolke lineær regresjon

Generell kompetanse

Etter fullført emne

  • har studenten kjennskap til statistiske modellar og kan utføre enkle analysar
  • kan studenten forstå, fortolke og vurdere resultat frå statistiske analysar

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vert lagt opp med blanda undervisningsformer, og presentasjon av lærestoffet skjer mellom anna gjennom førelesingar, litteratur og oppgåverekning.

Det vert lagt vekt på rekneøvingar, der studentane samarbeider om å nytte seg av teorien i oppgåveløysing, assistert av studentassistentar eller faglærer.

Obligatorisk læringsaktivitet

Tre obligatoriske innleveringar. Godkjende obligatoriske innleveringar er gyldige for alle påfølgjande semester.

Vurderingsform

3 timar skriftleg skuleeksamen.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Godkjent enkel kalkulator.

Meir om hjelpemiddel