Hopp til innhald

MAT122 Statistikk for ingeniørar

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet gir ei innføring i fagområdet statistikk og sannsynsrekning. Det vert lagt vekt på å nytte statistiske modellar til å beskrive data som er samla inn, og om mogleg sei noko om data som ikkje er observert, kjent som statistisk inferens. Det vil også bli lagt vekt på bruk av relevante dataverktøy. Sidan emnet er felles for alle ingeniørutdanningane vil det vere viktig å arbeide med problemstillingar som er forankra i den enkelte studieretninga.

Læringsutbytte

Ein student som har fullført emnet har følgjande læringsutbytte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Etter fullført emne kjenner studenten til

  • grunnleggjande teori om deskriptiv statistikk, sannsyn, fundamentale fordelingar, estimering av parametre og konfidensintervall, hypotesetesting, korrelasjon og enkel, lineær regresjon
  • dataverktøy som er relevante for statistikk og kan gjera enkle rekneoperasjonar

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

  • nytte seg av relevant dataverktøy og statistiske modellar for sitt fagfelt
  • estimere nødvendige parametre, teste hypotesar og gjennomføre lineær regresjon

Generell kompetanse

Etter fullført emne

  • kjenner studenten til kva ein statistisk modell er, og når ein kan nytte slike

Krav til forkunnskapar

Ingen

Undervisnings- og læringsformer

Emnet vert lagt opp som blanda undervisingsformer, der presentasjon av lærestoffet skjer gjennom førelesingar, litteratur, videoar og anna.

Det vert lagt vekt på rekneøvingar, der studentane samarbeider om å nytte seg av teorien i oppgåveløysing, assistert av faglærar saman med studentassistentar. Det vert også lagt vekt på bruk av relevante dataverktøy.

Obligatorisk læringsaktivitet

Den obligatoriske aktiviteten inkluderar følgjande elementer:

  1. Fire fleirvalstestar i Canvas.
  2. Heimeoppgåve tilpassa dei ulike ingeniørutdanningane.

Det er viktig å merke seg at feirvalstestane gir tilgang til eventuell ny eksamen i eit påfølgande semester. Etter dette må fleirvalstestane gjennomførast på nytt.

Godkjent heimeoppgåve er gyldig for alle påfølgande eksamenar.

Vurderingsform

3 timar skriftleg skuleeksamen, gjennomført på datamaskin med WISEflow i FLOWlock-modus.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Enkel kalkulator, alle skrevne og trykte hjelpemiddel.

Meir om hjelpemiddel