Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
- Bachelorgrad i fysioterapi
- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
Søknadskode
3009 (hjarte-lunge), 3010 (muskel og skjellet), 3012 (psykomotorisk)
Studiet har opptak i partallsår.
Poenggrense forrige opptak
Hjarte- og lungelidingar: Alle kvalifiserte fikk plass
Muskel- skjelett, ortopediske og revmatiske helseproblem: 42,33
Psykomotorisk fysioterapi: 40,24
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere klinisk fysioterapi?
Samansette og komplekse tilstandar aukar. Muskelskjelettplager, psykiske og psykosomatiske lidingar, samt hjarte- og lungesjukdomar er blant dei største helseutfordringane i vår tid. Dette stiller store krav til helsetenesta – og fysioterapi er sentral i helsefremjande arbeid, førebygging, undersøking og behandling.
Med ein mastergrad i klinisk fysioterapi utviklar du spesialisert klinisk og forskingsbasert kompetanse innan eitt av dei tre fagområda.
Kva kan du jobbe med?
Med master i klinisk fysioterapi kan du
- arbeide med spesialisert klinisk praksis i ulike delar av helsetenesta
- ha ansvar for undersøking, førebygging, behandling, habilitering og rehabilitering
- delta i forskings- og fagutviklingsarbeid
- arbeide i utdanningsinstitusjonar
Mastergraden kvalifiserer til faglege leiande stillingar og er eit viktig steg mot forskings- og spesialistkompetanse. Fullført studium gir også grunnlag for opptak til doktorgradsprogram.
Praksis
- Hjarte- og lungesjukdomar / muskel- og skjelettplagar: 10 veker fulltidspraksis i spesialist- og kommunehelsetenesta.
- Psykomotorisk fysioterapi: Minst 200 pasientbehandlingar, 70 timar grupperettleiing og seks gruppesesjonar med psykomotorisk fysioterapi for 6-8 pasientar.
Her kan du lese meir om praksis i klinisk fysioterapi.
Innhald i studiet
Studiet er heiltid over to år og samlingsbasert med obligatorisk frammøte.
Første studieår: Teoretiske grunnkunnskapar, praktiske ferdigheiter, perspektiv på kropp, helse og sjukdom. Vitskapsteori, etikk og metode som nettkurs.
Andre studieår: Fordjupingsemne og arbeid med masteroppgåva.
Forventa vekentleg arbeidstid: 40 timar.
Samlingar hausten 2026
Veke 36/37, 42/43 og 50.
Studiestart 31. august kl. 10:00.
Du kan velje studieretningane:
Fysioterapi ved hjarte- og lungejukdommar
Kompetanse innan akutt og kronisk behandling, førebygging, habilitering og rehabilitering.
Fysioterapi ved muskel- skjelettplager
Avansert kompetanse i undersøking og behandling, inkludert ikkje-kirurgiske alternativ og postoperativ rehabilitering.
Psykomotorisk fysioterapi
Fordjuping i kroppsleg tilpassing, relasjonell kompetanse og behandling av samansette helseproblem.
Vil du studere meir?
Fullført studium kvalifiserer til opptak på doktorgradsprogram.
Utveksling
Det er mogleg å ha eit studieopphald i utlandet i tilknyting til masteroppgåva.
Kor kan du reise?
Australia | Monash University
Belgia | Ghent University
Belgia | University of Leuven (KU Leuven)
Danmark | University of Southern Denmark

