Samhandling og folkehelse

Master Hausten 2021

Denne masterutdanninga gjer deg rusta til å tilrettelegge og koordinere helse- og sosialtenester for menneske med behov for langvarig og samansette tenester.

Du kan til dømes jobbe med personar som har muskel- og skjelettlidingar, psykiske lidingar, rusproblematikk, langvarige somatiske sjukdomar, som til dømes KOLS, diabetes II, demens og overvekt, og eldre med helse- og funksjonssvikt. Andre grupper kan vere barn og unge med ulike typar vanskar og menneske med utviklingshemming

Gjennom eit brukarsentrert utviklings- og livsfaseperspektiv fokuserer dette masterstudiet på møte med brukarar som har behov for koordinerte helse- og sosialtenester med vekt på helsefremmende og førebyggande tilnærming.

Du lærer å:

  • Sette i verk, leie og evaluere innovasjonar og tenesteutvikling retta mot enkeltindivid og mot ulike brukar- og pasientgrupper.
  • Leie, koordinere og tilrettelegge for samanhengande og heilskaplege tenester til brukarar og pasientar med samansette behov.
  • Arbeide helsefremmande og forebyggande med brukarar og pasientar med samansette behov.
  • Arbeide direkte brukar- og pasientretta.
  • Legge til rette for brukar- og pasientmedverknad.

Du får ei variert og studentaktiv undervisning med førelesingar og dialog, fleirfaglege refleksjonsgrupper og gruppearbeid, caser, seminar og skriftlege oppgåver med krav til refleksjon og analyse. I tillegg til planlagde læringsaktivitetar må du sette av tid til fordjuping i pensumlitteratur og til skriftlege oppgåver.

Du vil få rettleiing ved skriftlege arbeid. Nærare beskriving går fram av dei ulike emna.

Vi vektlegg arbeid med skriveprosessar, analytiske ferdigheiter og munnleg og skriftleg argumentasjon.

Studiet er samlingsbasert med tre ulike klassar:

  • ein klasse i Stord/Haugesund (undervisinga vekslar mellom Stord og Haugesund)
  • ein klasse i Bergen
  • ein klasse i Førde/Sogndal (undervisinga vekslar mellom Førde og Sogndal)

Det blir tre samlingar over tre-fire dagar kvart semester.

Det er mogleg å søkje innpass for andre emne på masternivå. Maksimalt kan du få innpass for 30 studiepoeng.

Føljande emne kan tas som valemne i masterstudiet (med atterhald):

MT500 Fysisk aktivitet og naturopplevingar som omsorg, Sogndal

MT501 Fysisk aktivie deltakarar, Sogndal

RP5-400 Rusproblematikk - ulike perspektiv i forståinga av rus, Sogndal

RP5-401 Rusproblematikk - samansette utfordringar, Sogndal

RP5-402 Rusproblematikk - rusarbeid og behandling, Sogndal

THO801 E-helse og velferdsteknologi

THO802 Implementering av e-helse

SÅR1101 Generelle prinsipper for behandling av ikke-helende sår, Haugesund

SÅR1102 Behandling av sår forårsaka av systemiske sjukdommar (forutsetter bestått SÅR1101), Haugesund

ELDHELS1004 Eldre og palliasjon, Haugesund

FHS8201 Pedagogisk rettleiing - en innføring ,Bergen, Førde, Haugseund og Stord

Andre emne tatt ved HVL eller andre utdanningsinstitusjonar kan innpassast etter søknad. Dersom du ønskjer å ta emne ved andre utdanningsinstitusjonar, bør du fyrst søke om førehandsgodkjenning av emna hos programansvarleg.
Du er sjølv ansvarleg for å sjekke at du oppfyller forkunnskapskravet til desse emne.