Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.
Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.
Opptakskrav y-vegen
1) relevant vidaregåande yrkesfagleg utdanning med læretid i bedrift og fagbrev innan elektrofag,
ELLER
2) relevant vidaregåande yrkesfagleg utdanning innan elektrofag med fagprøve etter 3-årig skule og minst eitt års praksis etter fagprøven.
Opptakskrav tres
Korleis søke y-vegen og tres
Skal du ta y-vegen eller tres, søker du direkte til HVL gjennom Søknadsweb og ikkje gjennom Samordna opptak.
Søk y-vegen eller tresStudiekode i Samordna opptak
203856
Poenggrense ved forrige opptak
- Ordinær kvote 49,6
Om å søke opptak til HVL
Kvifor bli elektroingeniør?
Elektroteknologi gjer at mobilen er på nett, det er straum i huset og at kofferten din automatisk vert transportert til flyet etter at du har sjekka han inn. Elektroteknologi finn du i små detaljar og i store system. Elektroingeniøren har kunnskap om hardware og software og korleis dette fungerer saman.
Studiet i elektroingeniør på deltid er nett- og samlingsbasert med tre fysiske samlingar i semesteret. Alle samlingane er ved HVL Førde. Vel du spesialisering innan elkraftteknikk er samlingane i siste del av studiet ved HVL Bergen.
Resten av undervisninga er nettbasert, og studiet kan difor kombinerast med jobb.
Det første året er felles for alle studentane som studerer elektroingeniør og inneheld elektrofaglege basisfag, samt matematikk og fysikk. Du kan bruke det første året til å bestemme deg for spesialisering.
Vil du heller studere på fulltid?
Vil du heller studere elektroingeniør fulltid på campus, kan du gjere det i Førde, Bergen eller Haugesund. Då får du klasseromsbasert undervisning og du tar utdanninga over tre år.
Vel spesialiseringa som passar deg
Andre året kan du på nett og samlingsbasert studiet velje mellom spesialisering innan automatisering og robotikk og elkraftteknikk.
Automatisering og robotikk
Kvifor studere automatisering og robotikk?
Ein automatiseringsingeniør jobbar med å gjere prosessar og system automatiske. Gjennom å utvikle robotar og automatiserte anlegg, bidreg automatiseringsingeniøren til auka effektivitet, sikkerheit og kvalitet i ulike delar av næringslivet. Utdanninga gir ei praktisk tilnærming til automatisering og robotikk, med grunnleggende element innan kybernetikk og styringsteknologi som er relevante for moderne industri.
Du lærer om:
- reguleringsteknikk
- industriell IT
- instrumentering
- robotikk
- PLS programmering
Robotikklab i Førde
På campus Førde får du tilgang til nokre av verdas mest avanserte robotar til undervisning og forsking, og eit internasjonalt anerkjent forskingsmiljø som jobbar tett saman med næringslivet om studentoppgåver og sommarjobbar. Du kan lese meir om vårt forskingsmiljø og vår robotikklab HVL Robotics her: HVL Robotics
Elkraftteknikk
Kvifor studere elkraftteknikk?
Som elkraftingeniør bidrar du til at elektriske system fungerer, frå fornybar energiproduksjon til overføring av elektrisitet til bygg, transport eller industri.
Elkraftteknikk er eit breitt fagområde som dekker produksjon, distribusjon, installasjon og bruk av elektrisk energi. Studiet gir deg mellom anna kompetanse innan prosjektering, dimensjonering, bygging, drift og vedlikehald av elektriske system.
Du lærer om:
- energiproduksjon i vind- og vannkraftverk
- høgspenningsteknologi
- elektriske maskiner og omformarar
- kraftelektronikk
- lavspenningsinstallasjonar
Dekker du ikkje opptakskravet?
Har du relevant fagbrev, men ikkje generell studiekompetanse, kan du ta den yrkesfaglege vegen (y-vegen). Her går du eit tilpassa løp og startar med matematikkurs på sommaren før studiestart, med oppmøte på HVL Førde. Du bruker same tid på utdanninga, nemleg 4. Les meir om y-vegen.
Har du generell studiekompetanse, men manglar matematikk og fysikk, kan du ta tresemesterordninga (TRES). Du tar då matematikken på sommaren før studiestart ved campus Førde, og fysikk på hausten medan du startar på ingeniørutdanninga. Du bruker same tid på utdanninga, nemleg 4 å. Les meir om TRES.
Du kan også ta realfagskurs, nett- og samlingsbasert på deltid i Førde før du søker opptak til elektroingeniør.
Skal du søke på y-veg, TRES eller realfagskurs må du søke via vår lokale Søknadsweb. Søknaden går ikkje gjennom Samordna opptak.
Kva kan du jobbe med?
Ein elektroingeniør har mange moglege arbeidsvegar. Kva spesialisering du vel, avgjer kva for del av elektroteknologien du mest sannsynleg kjem til å jobbe med.
Som automatiseringsingeniør og robotikk kan du til dømes arbeide med digitalisering og automatisering innan mekanisk industri, produksjonsindustri, prosessindustri, byggautomatisering, kraftproduksjon, havbruksnæring, helse, konsulentbransjen og mykje mei
Ein elkraftingeniør kan jobbe innan landbasert industri, offshore og maritim industri, energiforsyning eller i konsulentbransjen. Elkraftingeniøren kan vere ansvarleg for prosjektering, drift og vedlikehald av elektriske anlegg som er under offentleg kontroll og tilsyn.
Lønn: Kva tener ein elektroingeniør?
Ein elektroingeniør tener i gjennomsnitt mellom 852 120-867 360 kr i året. Sjå meir om lønn på utdanning.no.
Studentjobb i Førde
Gjennom prosjektet studentjobb kan du få relevant deltidsjobb mens du studerar.
Korleis er undervisninga?
Det er tre samlingar kvart semester. Samlingane er på inntil fire dagar. Mellom samlingane vil det vere nettbasert undervisning og læringsaktivitetar som må gjennomførast. Alle samlingar er på campus Førde, med unntak av dei som vel spesialisering innan elkraftteknikk, kor samlingana i siste del av studiet vert lagt til campus Bergen.
Oppmøte på samlingane er ikkje obligatorisk, men i samband med til dømes laboratoriumsundervisning og andre obligatorisk Iæringsaktivitetar, kan det krevjast fysisk obligatorisk oppmøte for gjennomføring av undervisning og/eller øving.
Det blir forventa og det er avgjerande at du jobbar med studiet mellom samlingane. For á lukkast med kurset er det viktig å vere aktiv, også pá samlingane. Det faglege innhaldet og emna er like som i heiltidutdanninga, men deltidsutdanninga tek dette på fire år i staden for tre år.
Det er spesielt viktig at du møter på den første samlingsdagen på campus. Her får du nyttig informasjon om kursets oppbygging på den digitale plattforma. Du blir kjent med faglærarar og medstudentar, du får delta i diskusjonar om studieteknikk, og du får ein god start på arbeidet med første del av pensum i realfaga.
På Høgskulen på Vestlandet blir du ein integrert del av eit levande og engasjert studentmiljø der aktiv deltaking og fellesskap står i sentrum.
Samlingsdatoar:
Hausten 2026:
1. samling: veke 37
2. samling: veke 42
3. samling: veke 46
Alle samlingane er frå mandag til torsdag.
Våren 2027:
1. samling: veke 7
2. samling: veke 11
3. samling: veke 16
Alle samlingane er frå mandag til onsdag.
Vurdering
Det blir nytta ulike vurderingsformer i studieprogrammet. Mange av emna har skriftleg skuleeksamen, men digital heimeeksamen, munnleg, munnleg/praktisk eksamen eller semesteroppgåve vert og nytta.
Fyrste studieår har emnet ELE140 digital heimeeksamen. Dei andre emna har skuleeksamen på campus.
Har du fagskuleutdanning?
Har du tatt 2- eller 3-årig fagskule og ønsker å gå vidare med ei ingeniørutdanning?
Du kan få fritak for inntil 60 studiepoeng dersom du har relevant fagskuleutdanning. Fritak søker du om etter at du har fått plass på utdanninga.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er lagt til rette for utvekslingsopphald mot slutten av studietida.





