Grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn, studieplan i Bergen

Studieplan for kullet som vart tatt opp i Bergen hausten 2018.

Den femårige masterutdanninga er ei integrert, forskingsbasert og praksisnær utdanning. Obligatorisk fag er pedagogikk og elevkunnskap (PEL). I tillegg vel du tre fag.

Tar du fatt på utdanninga i 2018, kan du velje mellom følgjande fag (fag 1) når du søker opptak til studiet:

Etter at du har starta studiet skal du velje ditt andre fag (fag 2). Du kan då velje mellom:

I andre studieår skal du velje ditt tredje fag. Du kan då velje mellom undervisningsfag, skulerelevante fag, profesjonsretta pedagogikk og spesialpedagogikk.
Aktuelle masterfag på campus Bergen kan vere undervisningsfag, profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk.

Oppbygging av studiet

Studieprogramplan

1. studieår

Hausten første året har du faget PEL og faget du kom inn på gjennom Samordna opptak. Denne hausten vel du eit fag til (fag 2) som du har i vårsemesteret.

2. studieår

Hausten andre år held du fram med fag 2 (del 2), medan PEL og fag 1 vil vere på våren.

3. studieår

  • Haustsemesteret: Her vel du eit nytt fag – fag 3. Du kan velje mellom undervisningsfag, skulerelevante fag, profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk.
  • Vårsemesteret: Her tar du del to av fag 1. 

4. studieår

Dei to siste åra av utdanninga har du PEL og masterfaget du har valt, enten eit undervisningsfag eller eit pedagogisk fag. Hausten fjerde år har du fordjuping i masterfaget og våren har du masterfag og PEL.

5. studieår

Du har PEL og skriv masteroppgåve.

Studiet har krav om politiattest

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, rollespel, case med meir. Arbeidsformene er praktiske, varierte, utfordrande, munnlege og skriftlege. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Retningslinjer for føring av fråvær

Praksis

Du har praksis i alle fem studieåra, til saman 115 dagar.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet som ein del av utdanninga.