Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.
Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.
Opptakskrav y-vegen
Meir informasjon kjem.
Opptakskrav tres
Korleis søke y-vegen og tres
Skal du ta y-vegen eller tres, søker du direkte til HVL gjennom Søknadsweb og ikkje gjennom Samordna opptak.
Søk y-vegen eller tresStudiekode i Samordna opptak
203009
Poenggrense ved forrige opptak
- Ordinær kvote Alle kvalifiserte
- Førstegangsvitnemål Alle kvalifiserte
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere kjemiingeniør?
Som kjemiingeniør jobbar du med korleis vi kan utnytte naturressursane våre utan å skade naturen, og er med på å finne gode løysingar for ei berekraftig utvikling.
Du kan studere kjemiingeniør på heiltid ved campus Bergen.
Kjemi er læra om stoff, korleis dei kan framstillast, kva eigenskapar dei har og korleis dei reagerer med kvarandre.
Gjennom studiet i kjemiingeniør lærer du
- om grøn kjemi og korleis kjemi bidreg til å løyse utfordringar både i kvardagen, i industrisamanheng og i eit miljøperspektiv
- bruk og handtering av kjemikaliar
- bruksområda og funksjonane til moderne laboratorieinstrumentering
- å utføre kjemiske analysar, inkludert miljø- og legemiddelanalysar
- om oppbygging, funksjon og drift av industrielle prosess- og produksjonsanlegg
- utrekningar i samband med termodynamikk, strøymingslære, separasjon og reinseteknologi, samt varmetransport og varmeoverføring
- å bruke ulike dataverktøy
Kjemiingeniørutdanninga er yrkesretta med eit kjemifagleg fokus retta mot miljø- og prosessteknologi.
Det er ikkje krav om Kjemi 1 og Kjemi 2 ved opptak.
Dekker du ikkje opptakskravet?
Har du relevant fagbrev, men ikkje generell studiekompetanse, kan du ta den yrkesfaglege vegen (y-vegen). Her går du eit tilpassa løp og startar med mattekurs i juni.
Har du generell studiekompetanse, men manglar matte og fysikk, kan du ta tresemesterordninga (TRES). Du tar matte på sommaren, og fysikk på hausten medan du startar på ingeniørutdanninga.
Både y-vegen og TRES tar du på tre år, så du mistar ikkje noko tid!
Skal du søke på y-veg, TRES eller forkurs må du søke via vår lokale Søknadsweb. Søknaden går ikkje gjennom Samordna opptak.
Du kan også ta forkurs eller realfagskurs, før du søkjer deg inn på ingeniørutdanninga. Les meir om forkurs, realfagskurs, y-vegen og tresemesterordning.
Kva kan du jobbe med?
Ein bachelor i kjemiingeniør gir er ei brei, allsidig og framtidsretta utdanning som gir mange jobbmuligheiter.
Arbeidsoppgåvene kan omfatte
- planlegging av laboratoriearbeid eller prosjektering av prosess- og produksjonsanlegg ved bruk av dataprogram
- installasjon, oppstart, drift og vedlikehald av anlegg og analyseinstrument
- produksjon, samt kontroll av råvarer og ferdige produkt
- kjemiske analysar i analyselaboratorium og kvalitetskontroll av analyseresultat
- feltarbeid, til dømes miljøovervaking
- arbeid med helse, miljø og sikkerheit (HMS)
- undervisning, forsking og utvikling
Du vil finne relevante jobbar i
- ingeniør- og energiselskap
- laboratorieselskap som tilbyr kjemiske analysar
- selskap som er leverandørar av kjemikaliar, utstyr og instrument
- prosessindustri samt næringsmiddel- og legemiddelindustri
- stat eller kommune innan til dømes vatn og avløp samt avfallshandtering
- havbruksnæringa
Lønn: Kva tener ein kjemiingeniør
Ein kjemiingeniør tener i gjennomsnitt 811 800 kr i året. Sjå meir informasjon om lønn på utdanning.no.
Korleis er undervisninga?
Du får kontakt med industri- og næringsverksemd gjennom prosjektarbeid, ekskursjonar og gjesteforelesingar. Undervisninga er praktisk retta, med øvingar i moderne laboratorium. Arbeid i laboratorium blir utført både i studentgrupper og individuelt, og du får tett oppfølging.
Du kan velje blant fleire spennande valfrie emne, og du kan også ha praksis i ei bedrift.
I siste studieår skal du gjennomføre ei bacheloroppgåve (prosjektoppgåve) i samarbeid med medstudentar. Bacheloroppgåva kan utførast internt ved Høgskulen på Vestlandet eller eksternt i ei bedrift. Du kan også ta bacheloroppgåva i utlandet.
Avhengig av val av bacheloroppgåve og valfrie emne kan du fordjupe deg innan vassreinseteknologi, batteriteknologi, biogassproduksjon, grøne kjemiske syntesar (til dømes legemiddel), prosesskjemi og datasimulering eller akvakultur.
Praksis for kjemiingeniør
I 5. semester, eller sommaren før, kan du velje å gjennomføre ein praksisperiode i ei bedrift. Dette gir deg relevant praktisk erfaring frå arbeidslivet. Fagmiljøet har eit stort kontaktnettverk og kan setje deg i kontakt med lokalt næringsliv for praksis-, deltids- eller sommarjobb.
Du kan bli med i linjeforeininga Dipolar. Ei linjeforening er ein studentdrevet organisasjon, som har som mål å styrke både det sosiale og faglege miljøet.
Har du fagskuleutdanning?
Har du tatt 2-årig fagskule og ønsker å gå vidare med ei ingeniørutdanning?
Du kan få fritak for inntil 60 studiepoeng dersom du har fagskuleutdanning i prosess. Då tek du utdanninga over 2 år.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved ein utdanningsinstitusjon i utlandet i siste studieår. Sjå kor du kan reise i lista under.
Kor kan du reise?
Australia | Queensland University of Technology
Belgia | Karel de Grote University of Applied Sciences and Arts
New Zealand | Auckland University of Technology (AUT)
Ungarn | Eötvös Loránd University (ELTE)







