Praksishefte for ergoterapiutdanningen

Her finn du utfyllende informasjon om praksisstudium ved bachelorutdanninga i ergoterapi. Målgruppen er studentar, praksisrettleiarar og praksislærarar.

Denne nettsida er under arbeid mars 2021

Snarvegar til:

I praksis skal du som student få kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse. Dette praksisheftet gir ei liste over ansvarsfordeling, arbeidskrav eller forventningar, og praktiske råd.

Kven har ansvar for hva

Når du som student er i praksis er det tre samhandlingspartnarar: student, praksisrettleiar ved praksisstaden og praksislærar ved HVL. Alle tre må samarbeide og har sine ansvarsområde.

shutterstock_773027842.jpg

Ditt ansvar som student

Som student har du følgjande ansvar og oppgåver

  • Kontakte praksisrettleiar før praksisperioden startar for å avtale oppmøtetid og stad
  • Utarbeide «Mål og plan» i samråd med praksisrettleiar, og sende denne til praksislærar  innan avtalt frist
  • Fastsette tid og stad for rettleing kvar veke i samråd med praksisrettleiar, og vere førebudd til rettleiinga
  • Ta imot tilbakemelding frå praksisrettleiar og bruke denne konstruktivt
  • Vere engasjert i dei daglege arbeidsoppgåvene på praksisstaden
  • Sikre at halvtids- og avsluttande vurdering blir gjennomført saman med praksisretteiar
  • Sende inn halvtids- og avsluttande vurdering til praksislærar via Wiseflow

Dersom problemer oppstår, ta det opp med praksisrettleiar og bring inn praksislærar om nødvendig. Hvis ikkje rettleiar er aktuell  å ta opp problemene med, må du involvere praksislærar . Jo tidlegare ein tek opp vanskane, jo lettere kan det være å ordne opp i disse.

Ditt ansvar som praksisrettleiar

Som praksisrettleiar har du følgjande ansvar og oppgåver

  • Avtale oppmøtetid og stad  med studenten før praksisperioden startar 
  • Diskutere «Mål og plan» med studenten, avklare forventningar og praksisstaden sine moglegheitar. Rettleie studenten i å formulere læringsutbytte og plan for praksis. 
  • Fastsette tid og stad for rettleing kvar veke - ein time - til diskusjonar, tilbakemelding og rettleiing. Det er en fordel å avtale emne/problemstilling på forhånd, slik at begge kan førebu seg.  Det er viktig at studenten får svar på spørsmål undervegs. 
  • Vere tilgjengeleg for studenten og oppmuntre til utvikling gjennom dei ulike stadiene i praksis
  • Gi råd til studenten i i det faglege arbeidet og moglegheit til å drøfte planar for eigen handlemåte, behandlingsopplegg og tiltak før dei blir satt i verk
  • Hjelpe studenten underveis i praksis til å se hvor han/hun står i læringsprosessen, bevisstgjøre studentens ressurser, klargjøre læringsbehov og legge forholda til rette for fagleg utvikling, slik at det blir progresjon i den sjølvstende som er forventa av studenten.

Ditt  ansvar ved oppgåveskriving

Det er studenten sitt ansvar å skrive oppgåver i forbindelse med praksis. Som praksisrettleiar skal du berre legge til rette for at at det blir mogleg for studenten å skrive oppgåven. Du bør også vere villig til å svare på spørsmål om aktuell bakgrunnsinformasjon, eventuelt kor slik informasjon finnes.

Ytterligere ansvar for rettleiing på oppgåveskriving ligger hos høgskulen og studentens praksislærar.

Ditt ansvar som praksislærar

Som praksislærar har du følgjande ansvar og oppgåver:

  • Vere ergoterapeututdanningen sin kontakt for den konkret studenten, praksisrettleiaren og praksisstaden
  • Vurdere og gi respons på studenten sitt læringsmål og plan for praksisperiode
  • Rettleie og vurdere studenten sin læringsprosess og fungering på praksisstedet, i samråd med praksisrettleiar
  • Foreta praksisbesøk halvveis i praksisstudiet i første og andre studieår
  • Gjennomføre telefonkontakt halvveis i praksisstudiet i tredje studieår
  • Rettleie studenten på de skriftlege oppgåvene studenten skal skrive
  • Ved behov, vere samtalepartnar for praksisrettleiar i spørsmål om rettleiing
  • Bidra til å løyse eventuelle samarbeidsproblem mellom student og praksisrettleiar
  • Holde deg orientert om studenten sine prestasjonar i praksisstudiet

Mål og plan 

Som student har du ansvar for å utarbeide «Mål og plan», i samråd med praksisrettleiaren din. Mål og plan må du sende inn til praksislærar ved høgskulen for godkjenning innan avtalt frist. 

studen som skriver_423324397.jpg

Råd for å utarbeide Mål og plan

Mål og plan skal beskrive kva du som student skal ha fått av kunnskap og erfaringar når praksisperioden er gjennomført. Måla tek utgangspunkt i læringsutbytta for kvart praksistudium. Disse finn du i emnebeskrivingane. Førebuing i undervisning før praksis kan også gi innspel til  måla du set deg, i tillegg til personlege mål.

Slik utarbeidar du Mål og plan

Ta utgangspunkt i læringsutbytta og moglegheitane du har på praksisstaden. Vel ut nokre læringsutbytte. For dei valde læringsutbytta formulerer du:

  • Mål - det du skal oppnå i løpet av praksis 

  • Kva - det du skal lære om for å nå måla

  • Korleis - metoden eller fremgangsmåten du vil lære på

  • Kven - den som har ansvar for kven du skal samarbeide med

  • Når - tidsfristar, korleis du disponerer tiden din, kva fristar du setter deg og kor lenge du vil arbeide med det enkelte målet

  • Kor - stadene du skal arbeide for å nå måla dine

Det er lurt å ikkje lage for mange mål, men du bør ha mer enn eit for kvart  målområde: kunnskap, ferdighet og generell kompetanse. Formuler måla dine presise og observerbare. Da er det lettare å vurdere måla ved halv- og heltidsevaluering.

Om Mål og plan

Mål og plan skal organisere studenten sin læring i praksisperioden. Den skal vere:

  • eit konkret utgangspunkt ved halv- og heltidsvurdering
  • eit hjelpemiddel for å konkretisere om det er omgjevnaden  som hindrer eller stimulerer læring, eller om det er forhold hos studenten  
  • skal gjere arbeidet motiverende og meningsfylt, fordi studenten vet kva som skal prioriteres i praksisperioden

I tillegg brukes halv og heltids evalueringsskjema som ei hjelp for eventuelt å gripe fatt i mer personlige forhold hos studenten.

Arbeidstid og reglar på praksistaden

Som student må du følge praksistaden sin arbeidstid, og praksisrettleier sin turnus. Du må også følge praksisstaden sine reglar for arbeidstøy og hygiene.

Om arbeidstid og arbeidstøy/hygiene

Arbeidstid og turnus

Ei praksisveke reknast til 37,5 arbeidstimar:

  • 30 timar er knytt til praksis
  • 7,5 timer er knyttet til sjølvstudium

Avsatt tid til sjølvstudium skal tilpasses arbeidsrutinar på praksistaden, og er noke student og rettleiar blir enige om.

Det er ikkje mogleg til å samle opp arbeidsdager /avspaseringstimar og slik korte ned på praksisuker.

Arbeidstøy og hygiene

  • Nokre praksisstader krever uniform, dette får du som regel låne på praksisplassen.
  • Navneskilt skal brukes.
  • Velg gode innesko.
  • Langt hår skal være oppsatt.
  • Ikkje bruk parfyme på jobb.
  • Av hygienegrunner er det ikkje tillat å ha på ringer, smykker og armbåndsur.
  • Røyking/snusing er ikkje tillatt.

Rettleiingsamtale og praksisbesøk

Som student skal du ha rettleiingsamtale ein gong i veka med praksisrettleiaren din. I tillegg skal praksislærarar frå høgskulen kome på praksisbesøk.

shutterstock_1676998306.jpg

Om rettleiingssamtale

Student og rettleiar skal sette av minst ein time per veke til rettleiingstime. Tidspunkt for timen, individuelt eller i gruppe, blir avtalt mellom studenten og rettleiar.

Som student må du møte førebudd til rettleiingstimane. Stikkord om tema du ønsker å ta opp, leverer du til praksisrettleiar seinast dagen før timen.

Forslag til aktuelle tema for rettleiingtime

Rettleinga må sees i samanheng med kvart praksisstudium sitt fokus, mål og innhold, samt studentens eigne mål for praksis. Aktuelle tema:

  • Studentens utvikling som eit fagleg orientert og profesjonelt menneske:
    • Studentens forhold til og forståing av klienten
    • Studentens forståing av seg selv knytt til hjelparrollen og studentrollen
    • Studentens forståing av seg sjølv i kommunikasjon med andre  (innlevelsesevne, intuitiv evne, samarbeidsevne o.l.)
    • Studentens ansvar for hente inn og oppdatere seg på nødvendig fagkunnskap
  • Studentens evne til å fungere forsvarleg og lærevillig i praksis:
    • Forståing av praksisstaden sine funksjonar
    • Evne og engasjement når det gjelder å bruke ressursar som fins på praksisstaden
    • Initiativ og engasjement i å hente inn og friske opp kunnskap
  • Studentens ansvar for eigen læring:
    • Evne til å vere sjølvstendig
    • Evne til å gi adekvat kritikk av rettleiar sin rettleiingstilbod
    • Møte med ukjente tema, beredskap
  • Kva må studenten jobbe med nå og vidare framover – fagleg og personleg

Om praksisbesøk

Besøk til studentar i første og andre praksisperiode går føre seg ved at praksislærar ved høgskulen besøker praksisstaden ca. midtvegs i praksisperioden. I tredje praksisperiode foregår praksisbesøket via telefon eller videosamtale.

Praksisbesøket vil vere ein samtale mellom praksislærar, student og praksisrettleiar, og tek vanligvis to timar. Innanfor tidsrammen er det også anledning for ein samtale på tomannshånd mellom praksislærar og praksisrettleiar, samt praksislærar og student.

Det er praksislærar som tek initiativ for avtale om tidspunkt for praksisbesøket. Det er en fordel at halvtidsvurderingen er foretatt før praksisbesøket. I tredje studieår skal denne sendes praksislærar i forkant.   

I spesielle tilfeller, ved samarbeidsproblemer eller dersom studenten står i fare for å få underkjent praksisperioden, kan det være aktuelt med ekstra praksisbesøk.

Mål for praksisbesøket/samtalen:

  • Å ivareta studentens, veilederens og ergoterapeututdanningens behov for informasjon og veiledning
  • Å belyse og diskutere studentens læresituasjon og fungering i praksis
  • Å bevisstgjøre, veilede og vurdere studentens læringsprosess
  • Å vedlikeholde kontakten mellom ergoterapeututdanningen og praksisfeltet

Forslag til tema eller innhold ved praksisbesøket:   

  • Studenten sin læresituasjon og fungering i praksis
  • Studenten sine læringsmål og plan
  • Studenten sin arbeidskvardag og arbeidsoppgåver
  • Gjennomgang av midtvegsvurdering
  • Planlegging av siste del av praksisperioden
  • Gjennomføring av student
  • Rettleiing på studenten sin skriftlege oppgåve
  • Faglege emne som arbeidsmodellar, referanserammer, ergoterapiteorier osv.
  • Informasjon om praksisstaden, omvising m.m
  • Ergoterapeutenes yrkesetiske retningslinjer.

Vurdering av praksis

Ein vurdering av studenten i praksis skjer midt i og ved avslutning av praksisperioden.

shutterstock_360420452.jpg

Ved midtvegs- og sluttvurdering tar praksisrettleiar og student utgangspunkt i:

  • Generelle læringsmål for praksisperioden
  • Studenten sine læringsmål og plan for praksisstudiet
  • Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning

Både studenten sin eigenvurdering og praksisrettleiar sin vurdering skal kome klart fram i vurderinga. Det skal også konkretiseres kva studenten bør arbeide vidare med.

Skikkavurdering

Skikkavurdering skal foregå gjennom heile praksisstudiet. Du finn meir informasjon på hvl.no/skikkavurdering.

Midtvegsvurdering

Midtvegsvurderinga er munnleg, med skriftleg konklusjon, om studenten blir innstilt til bestått eller ikkje-bestått praksis.  Vurderinga bør bli gjennomført minimum fire veker før praksisperioden slutter.

Studenten får munnleg vurdering om kor ho/han står i læringsprosessen, og skriftleg vurdering kva studenten bør arbeide vidare med.

Ved midtvegsvurdering kan det gjøres justering av læringsmål og plan når ein ser at dette er nødvendig. Store endringar tas opp med praksislærar. Eventuell kopi av justert «mål og plan» sendes praksislærar så snart som mogleg.

Studenten har ansvar for å sende midtvegsvurderingsskjema til høgskolen, med studentens og praksisrettleiar sine underskrift hvis dette ikkje  foreligger på praksisbesøket.

Last ned skjema for midtvegsvurdering

Avsluttande vurdering

Avsluttande vurdering er både munnleg og skriftleg. Vurdering og konklusjon skal skrives ned på eigne skjema av praksisrettleiar og studenten.

  • Praksisrettleiar anbefaler praksisperioden som bestått eller ikkje-bestått siste praksisdag.
  • Både praksisrettleiar og student signerer på vurderingsskjemaet.
  • Studenten laster opp vurderingsskjemaet i WISEflow umiddelbart etter praksisslutt.
  • Praksislærar ved høgskulen vurderer om praksisperioden er bestått eller  ikkje-bestått.
  • Sensur blir registrert tre veker etter at praksisperioden er avslutta.

Skjema som skal leveres inn av studenten

Alle dei tre skjema leveres på Wiseflow rett etter avslutta praksis. Det er studentens ansvar at dette blir gjennomført.

  1. Skjema «Sluttvurdering av praksis» - det skal konkluderes med innstilling til bestått eller ikkje-bestått praksis.

  2. Skjema «Kvalitativ tilbakemelding fra praksis» skal fylles ut.
    • Her skal studentens kommentarer angående egen utøvelse i praksisstudiene komme frem.
    • Praksisrettleiar vurderer studentens gjennomføring av praksis med hensyn til studentens læringsmål og plan, samt studentens praktisering av ergoterapeutenes yrkesetiske retningslinjer.
    • Praksisveileder konkretiserer anbefalinger av hva studenten må arbeide videre med. Disse presiseringene er et viktig utgangspunkt for studentens videre utvikling/læring. Studenten tar disse anbefalingene med seg videre i studiet.
  3. Skjema «Skikkethetsvurdering i høyere utdanning» skal fylles ut ved halvtids- og sluttvurdering

Ved tvil om bestått praksis

Oppstår det tvil om praksis kan vurderes til bestått, har praksisrettleiar plikt til å kontakte praksislærar umiddelbart. For meir informasjon om rutinen i slike saker, sjå:

Klageadgang ved vurdering i praksis fremgår av universitets- og høgskoleloven §5-2  og 5-3. Studenter kan påklage formelle feil, men ikke vurdering av praksisstudier.

Vurdering til ikke-bestått praksis

Dersom studentens prestasjonar i praksis ikkje er tilfredsstillande, må praksisrettleiar kontakte studenten og praksislærar, eventuelt fagseksjonsleiar, så snart som mogleg. 

Nokre døme på  kriterie for ikkje-bestått praksis:

  • Studenten har ikkje utført sine obligatoriske pliktar innan avtalte tidsfristar.  Det kan vere skriftleg arbeid, læringsmål/praksisplan, rutinar for arbeidsorganisering, avtalar med praksisstaden med meir.
  • Vurderinga viser at det er studenten sin manglande innsats, og ikkje avgrensingar ved praksisstaden, som hindrar gjennomføring av læringsmål og plan.
  • Studenten viser uetiske haldningar og framferd, jamfør Ergoterapeutenes yrkesetiske retningslinjer.
  • Studenten viser manglande evne til å kommunisere med klientar, pårørande, rettleiarar og andre faggrupper.
  • Studenten viser manglande evne til å omgå ulike pasienttypar
  • Studenten oppfattar ikkje eller er ikkje merksam på reaksjonar hos pasientar, medarbeidarar og seg sjølv.
  • Andre forhold som ikkje er med i læringsmål og -plan, som avgjer at studenten bør ta fornyet praksis.  Dette vurderes ut fra praksisrettleiar sitt skjønn om fagleg og etisk helsearbeid.
  • Fråver utover 10 % kan medføre at heile eller delar av praksisperioden må takast om igjen. Sjå også krav til oppmøte i praksis

Skjemaer

  • Mål og plan i praksisstudiet

  • Halvtidsvurdering i praksisstudiet

  • Sluttvurdering av praksis

Sei ifrå

Som student skal du kunne seie ifrå om kritikkverdige tilhøve som mobbing, seksuell trakassering, diskriminering eller andre kritikkverdige forhold når du er i praksis. Sjå meir på hvl.no/sei-ifra

Lurar du på noke? Vi hjelper gjerne!

bilde av Merethe Hustoft

Merethe Hustoft

Førsteamanuensis

bilde av Beate Kristine Sørlie

Beate Kristine Sørlie

Seniorkonsulent

Dette må alle kjenne til: