Mariningeniør

Bachelor, kull 2017

Den lange kysten vår spelar ei avgjerande rolle for verdiskapinga i landet vårt, og Noreg er verdsleiande innan teknologi for skip, oljeplattformer og oppdrettsanlegg! Teknologiutvikling innan fornybar energi med tidevasskraft, offshore vind- og bølgjekraft kjem i tillegg til å bli avgjerande for framtidig verdiskaping og for korleis vi brukar havrommet på ein miljøvenleg måte.

Som mariningeniør kan du ta del i denne framtida med utrekning, konstruksjon, utvikling og bygging av mellom anna nye skip, undervassfarkostar og alle typar offshoreinstallasjonar for havbruk og energisystem.

Det blir stilt strenge krav til utrekning og planlegging, materiale, installasjon og vedlikehald av marine konstruksjonar og marin teknologi. Dette lærer du mykje om ved ingeniørutdanninga i marinteknikk.

Utdanninga har god kontakt med industrien i regionen, mellom anna ved at studentane gjer oppgåver i samarbeid med industrien.

Undervisningsmåtar

Studiet tek i bruk dataverktøy til design, utrekning og konstruksjon. Høgskulen har også ein 50 meter lang modelltank (MarinLab), som blir brukt for å synleggjere teori og til å verifisere resultat frå utrekningar. Tanken blir både brukt i undervisning og i bacheloroppgåver i samarbeid med industri.

Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå fag til fag. Det er forelesningar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium og i tillegg sjølvstudium. Ved gruppearbeid og laboratoriearbeid er det krav til fysisk oppmøte. Nokre fag har skriftleg eksamen, medan andre fag kan ha mappevurdering eller munnleg eksamen.

Kva kan du jobbe med?

Offshoresektoren, reiarlag, verftsindustrien, konsulentfirma, klassifikasjonsselskap og offentlege etatar er berre nokre av bransjane som tilset ingeniørar med fagkrins innanfor marinteknikk.

Utveksling

Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskole i utlandet, om du ønsker det. Du kan mellom anna reise på utveksling til institusjonar i Danmark og Storbritannia.

Kor kan du reise?