Marinteknikk

Bachelor, hausten 2019

Marinteknikkingeniørens fremste oppgåve er å gjere berekningar for å kunne designe nye skip, flytande konstruksjonar og forankringssystem på en sikker måte.

Noreg er verdsleiande innan teknologi for skip, plattformer og oppdrettsanlegg. Her har Marinteknikkingeniørene historisk vært dypt involvert i hydrodynamisk design og konstruksjon, samt utvikling av sikre installasjonsmetoder i vanskelige værforhold.

 

Teknologiutvikling innan fornybar energi med tidevasskraft, offshore vind- og bølgjekraft er avgjerande for framtidig verdiskaping og for korleis vi brukar havet på ein miljøvenleg måte. Der skal Marinteknikkingeniøren bidra med utvikling av nye installasjonsmetoder men også bruke kjent kunnskap innan konstruksjon, hydrodynamikk og forankring frå skip og plattformer.

 

Utdanninga har god kontakt med industrien i regionen, mellom anna får du gjere oppgåver i samarbeid med bedrifter.

Undervisningsmåtar

Studiet tek i bruk dataverktøy til design, utrekning og konstruksjon. Høgskulen har også ein 50 meter lang modelltank, MarinLab, som blir brukt for å synleggjere teori og til å verifisere resultat frå utrekningar. MarinLab blir både brukt i undervisning og i bacheloroppgåver i samarbeid med industri.

Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå fag til fag. Det er forelesningar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium og i tillegg sjølvstudium. Ved gruppearbeid og laboratoriearbeid er det krav til fysisk oppmøte. Nokre fag har skriftleg eksamen, medan andre fag kan ha mappevurdering eller munnleg eksamen.

Kva kan du jobbe med?

Skipsdesignselskap, reiarlag, verftsindustrien, offshoresektoren, klassifikasjonsselskap og offentlege etatar er berre nokre av de tradisjonelle bransjane som tilset ingeniørar med fagkrins innanfor marinteknikk. Nye bransjer er oppdrettsnæring og fornybar energi.

Vil du studere meir?

Hvis du ikkje vil søke arbeid direkte, fortsetter mange av våre studenter på marintekniske masterstudier, hovedsaklig ved marin teknikk på NTNU. Utanlands er det ofte University of Strathclyde som lokker. Det er også mulig med masterstudie i havteknologi - marine installasjoner ved UiB, der HVL og UiB samarbeider i stor grad.

Utveksling

Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskole i utlandet, om du ønsker det. Du kan mellom anna reise på utveksling til institusjonar i Storbritannia og Australia.

Kor kan du reise?

Sjå glimt frå utdanninga!