Skaping, leik og læring

Kva er betydninga av utforsking og leik i eit barneliv? Korleis tileignar vi oss eit nytt språk? Og kva metodar kan ein bruke i eit klasserom for å få fram kreativiteten hos elevane? Dette er blant dei spørsmåla som interesserer forskarane våre innan dannings- og læringsfeltet.

Utvalde forskingsmiljø og forskarar

bilde av Elin Eriksen Ødegaard

Elin Eriksen Ødegaard

Eg jobbar med barnehagepedagogikk. Mitt forskingsfelt er leik og utforsking, og eg er også interessert i danningsspørsmål. Eg arbeider tett med barnehagesektoren og i internasjonale nettverk om kunnskap, kompetanse og endring for meir berekraftige samfunn.

bilde av Vigdis Vangsnes

Vigdis Vangsnes

Eg forskar på undervisning, gjerne knytt til estetiske læreprosessar og digitale medium i alle fag. Forskinga spenner frå studiar om profesjonsutvikling i lærarutdanninga og korleis bygge reflekterte faglege undervisningsrepertoar, til berekraftige digitale praksisar i barnehagen.

bilde av Kari Mette Holdhus

Kari Mette Holdhus

Eg jobbar med musikkopplæring og forskar på kreativitetspedagogikk, pedagogisk improvisasjon og kunstfagdidaktikk. Eit felt eg har sett mykje på, er partnarskap mellom kunstnarar og lærarar innanfor Den kulturelle skolesekken. For tida undersøker eg utfordringar og moglegheiter for grunnskulelærarutdanningane i musikk.

bilde av Edit Bugge

Edit Bugge

Eg forskar på korleis språket varierer og endrar seg, og korleis barn og vaksne tileignar seg språk. Eg er særleg interessert i sosiale og politiske vilkår for korleis vi brukar språket. No ser eg meir spesifikt på språkkrav for statsborgarskap, og om kva konsekvensar desse nye språkkrava har for dei innvandrarane som kjem til Noreg utan å ha lært å lese og skrive i heimlandet.

Er du på utkikk etter ein forskar? Finn ein forskar ved HVL! >