Havteknologi

Bachelor Hausten 2020

Med ei utdanning i havteknologi får du jobbe med framtidas viktigaste ressurs - havrommet.

Du kan utdanne deg som ingeniør i havteknologi med fordjupning i havbruksteknologi eller petroleumsretta undervassteknologi.

I havbruksteknologi lærer du å forstå samspelet mellom organisme, miljø og teknologi i produksjonsprosessen. I petroleumsretta undervassteknologi lærer du om teknologi for utvinning og behandling av olje og gass, boring, komplettering, i tillegg til drift og vedlikehald av produksjonseiningar.

Begge utdanningsretningane har fokus på overvaking av miljøet, for all utvikling i havet må utførast på ein berekraftig og god måte.

Under utdanninga har vi nært samarbeid med næringa, og det er moglegheit for utplassering i praksis, ekskursjonar og oppgåveskriving i ein verdsleiande industri. Bli med på eventyret - med eit hav av moglegheiter.

Undervisningsmåtar

Du får tradisjonell klasseundervisning og praksis, gruppeoppgåver, laboratorieoppgåver og innleveringsoppgåver. Mange av faga har prøvar undervegs, i staden for tradisjonell eksamen, og det er derfor større krav til jamleg fysisk oppmøte enn ved mange andre studium.

Fleire av faga har engelske lærebøker, og nokre av faga kan bli underviste på engelsk.

Praksis

Det er lagt opp til ein praksisperiode i og laboratorium, som driftar og vedlikehald subseautstyr. Praksis i bedrift kan ein i tillegg ta som valfag. Det vil gje deg eit spesielt godt innblikk i næringa, og ei forståing for korleis teorien blir brukt i praksis.

Utveksling

Du kan ta det siste semesteret ved ein av våre samarbeidspartnarar i Australia, USA eller Skottland. Dette semesteret består av valfag.

Kor kan du reise?

Sjå glimt frå utdanninga!