Hopp til innhald

ING303 Systemtenking og innovasjon for ingeniørar

Emneplan for studieåret 2024/2025

Innhald og oppbygging

Emnet systemtenking og innovasjon for ingeniørar skal introdusera kandidaten for systemtankegang, heilskaplege innovasjons- og utviklingsprosessar samt økonomiske analysar. Gjennom førelesing og gruppebasert arbeid vil tema innan økonomi, innovasjon og "systems engineering" verte fletta saman til eit ingeniørfagleg emne som skal bidra til å sjå heilskapen i samfunnet frå eit ingeniørfagleg standpunkt.

Emnet skal mellom anna gi studenten ei innføring i innovasjon og entreprenørskap som fenomen, samt ein innføring i verktøy og metodikkar som kan nyttast til å utvikla ingeniørprosjekt. Gjennom eit større gruppeprosjekt skal studentane bruka metodikkar og verktøy frå emnet på ei problemstilling forankra i ingeniør- og teknologifaga.

Læringsutbytte

Kunnskap

  • Kandidaten har naudsynte kunnskapar om metodikk og teknikkar innan systemanalyse, økonomiske analysar og innovasjonsprosessar.
  • Kandidaten har forståing for modelleringsteknikkar, kravsanalyse og funksjonelle analysar samt levesyklustankegong.
  • Kandidaten forstår grunnleggjande samanhengar mellom tekniske ingeniørfaglege emne og heilskapleg systemtankegong.
  • Kandidaten kjenner til økonomiske analyser, kalkylar, rekneskap og ulike selskapsformer.
  • Kandidaten har forståing for innovasjonars påverknad i samfunnsutviklinga.
  • Kandidaten har kunnskap om innovasjon, entreprenørskap, selskapsformer og teknologiutvikling innan eige fagfelt.

Ferdigheiter

  • Kandidaten kan bruka innovasjonsmetodikk i ingeniørprosjekt.
  • Kandidaten kan gjennomføra systemmodellering, kravsanalyse og funksjonelle analysar.
  • Kandidaten kan vurdere ulike etiske problemstillingar knytt til innovasjon, økonomi og teknisk utvikling i eit livsløpsperspektiv.
  • Kandidaten er i stand til å nytte kunnskap om ulike selskapsformer, sentrale prinsipp innan marknadsføring og rekneskap til å gjennomføre prosjekt på ein god måte.
  • Kandidaten kan kommunisera resultat frå analysar munnleg, skriftleg og visuelt.
  • Kandidaten kan arbeida som del av ei gruppe.

Generell Kompetanse

  • Kandidaten har innsikt i tverrfaglege perspektiv, og kan sjå ein tverrfagleg samanheng mellom økonomi, leiing, etikk, samfunn, miljø og teknologi.
  • Kandidaten kan reflektera over eigen faglege utøvelse, også i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpassa denne til den aktuelle arbeidssituasjonen.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar er 60 studiepoeng innan ingeniør- eller teknologifag.

Undervisnings- og læringsformer

Førelesing og arbeid i grupper.

Obligatorisk læringsaktivitet

Faget har to arbeidskrav:

  1. Signera og levera inn samarbeidsavtale for gruppeprosjektet.
  2. Deltaking på innovasjonsdag med presentasjon av eigen pitch.

Arbeidskrava må vera gjennomført og godkjend før ein kan gå opp til eksamen. Godkjende arbeidskrav er gyldige i 2 semester.

Vurderingsform

Deleksamen.

Del 1: Skriftleg gruppeoppgåve (tel 70% av karakteren). Oppgåva skal være på inntil 6 000 ord (+/- 10%).

Del 2: Individuelt refleksjonsnotat (tel 30% av karakteren).

Begge delar må vere bestått for at emnet skal vere bestått.

Karakterskala A-F, der F svarar til ikkje bestått.

Hjelpemiddel ved eksamen

Alle hjelpemidler tillat

Meir om hjelpemiddel

Fagleg overlapping

  • ING101 - Teknologileiing, økonomi og nyskaping - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • ING3054 - Prosjektarbeid i tverrfaglege team - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • OR2-302 - Ingeniørfagleg systememne - Reduksjon: 10 studiepoeng
  • ING303D - Systemtenking og innovasjon for ingeniørar - Reduksjon: 10 studiepoeng