Berekraftig energi og miljø

Forskarane våre ser på berekraft ut ifrå frå fleire ulike vinklar. Økologane forskar på effektar av klimaendringar på økosystemet og korleis restaurere natur etter inngrep. Datateknologane og realistane forskar på energisystem: mellom anna, på utviklinga av nye reine energier og samspelet mellom infrastruktur og miljø.

Utvalde forskingsmiljø og forskarar

bilde av Dhayalan Velauthapillai

Dhayalan Velauthapillai

Eg jobbar med både teoretisk og eksperimentell forsking knytt til rein energi og helseapplikasjonar. Meir spesifikt forskar eg på nanomateriale til bruk i solceller, hydrogenteknologi og lagringsteknologiar.

bilde av Velaug Myrseth Oltedal

Velaug Myrseth Oltedal

Eg er utdanna kjemikar og jobbar med grøn energi og ulike tema innan hydrogenteknologi. Mitt fokus er på løysingar som kan bidra i omstillinga til eit nullutsleppssamfunn.

bilde av Jacob Clement Yde

Jacob Clement Yde

Eg interesserer meg for klimaets påverknad på isbrear, og kva tyding isbrear har for landskapet, økosystema og menneske nær dei.

bilde av Knut Rydgren

Knut Rydgren

Eg er planteøkolog med spesielt fokus på restaureringsøkologi – det vil seie korleis vi kan reparere øydelagd natur. Så langt har eg jobba med restaureringsøkologi i fjellet og i kulturlandskapet, men i åra som kjem skal eg sette søkelyset på myr.

bilde av Reza Arghandeh

Reza Arghandeh

Målet mitt er å forklare infrastruktur-nettverk med datateknologi. Forskinga mi fokuserer på overlappinga mellom maskinlæring, komplekse nettverk og energisystem. Saman med forskingsgruppa mi utviklar eg algoritmar som kan analysere satelittbilete, geografisk informasjon og sensordata slik at vi betre kan forstå dei gjensidige påverknadene av infrastruktur og miljø.

Er du på utkikk etter ein forskar? Finn ein forskar ved HVL! >