Comparative perspectives in education in Southern Africa and Northern Europe

Forskergruppa er ei tverrfagleg gruppe som skal fasilitere og styrke utdanningsrelevant forsking gjennom samarbeid med partnarar i sørlege Afrika og i Norden.

Gruppa skal bidra i forskingsfeltet med konkret deltaking i internasjonale konferansar arrangert gjennom SANORD-nettverket (The Southern African-Nordic Centre), i tillegg til andre relevante nasjonale og internasjonale konferansar.

Forskergruppa skal vere ein premissleverandør til SANORD Teacher Education Partners (STEP), der potensial og utfordringar innan skule, utdanning og lærarutdanning i Norden og Sørlige Afrika er heilt sentrale tematikkar.

Forskingstema i gruppa er mellom anna:

  • Lærebokstudier (i kva kontekst er lærebøkene skrive / korleis er dei ulike fagdisiplinane formidla i lærebøkene i ulike nasjonale og regionale kontekstar
  • Læreplanstudier (kva er prosessane bak utforming av læreplanar / korleis blir læreplanar implementert i skulen)
  • Korleis er historie undervist og formidla?
  • Korleis blir kjønn og utdanning problematisert i dei ulike regionane?
  • Kva er læraren si rolle i dei ulike regionane?

Forskergruppa vil vere eit bidrag i internasjonaliseringsstrategien til nye HVL.

Pågåande forskingsprosjekt