Heimeeksamen og oppgåveskriving

Når du skal skrive oppgåve, anbefaler vi deg å sjå på biblioteket sine nettsider. Vi gjer særskilt merksam på tenesta «Søk og skriv», som gir gode skrivetips og viktig informasjon om kjeldebruk og referansar. I emneplanen står det kva krav som gjeld for det aktuelle emnet.

Kandidatnummer

Under «Komande hendingar» og «Aktive emne» i StudentWeb finn du kandidatnummeret ditt. Dette er erstatning for namnet ditt, og sikrar anonym sensur. Du får nytt kandidatnummer til kvar eksamen, og det vil vere tilgjengeleg seinast ei veke før eksamen. 

Innlevering av heimeeksamen og oppgåver

Frist for å levere inn oppgåver er som hovudregel kl. 14.00. Fristen er absolutt. Alle heimeeksamenar og eksamensoppgåver skal leverast digitalt i eksamenssystemet WISEflow. For studentar på Stord og i Haugesund skal nokre oppgåver leverast i Fronter. Du vil sjå i Studentweb kor du skal levere. 

På bachelor- og masteroppgåve skal du skrive namnet ditt på framsida. 

Slik leverer du i WISEflow

Når du leverer oppgåva i WISEflow blir det automatisk laga ei framside. Denne inneheld dato, emnenamn, kandidatnummer og eventuell anna informasjon. Fyll eventuelt inn det som er nødvendig for å få levert oppgåva, til dømes tal ord.

Logg på WISEflow


Du kan når som helst logge på WISEflow for å sjå korleis det ser ut, og gjennomføre demo-eksamen så mange gonger du vil. Vi anbefaler dei to seinaste versjonane av nettlesarane Google Chrome, Mozilla Firefox eller Safari. 

Bachelor-og masteroppgåver

Framside

For bachelor- og masteroppgåver skal du fylle ut ei eiga framside som skal vere førsteside i oppgåva.

For at tittelen på master- eller bacheloroppgåva skal bli med på vitnemålet ditt, må du sjølv legge den inn i StudentWeb.

Språk

Bachelor- eller masteroppgåva skal skrivast på det språket som er mest relevant for innhaldet i oppgåva og dei praktiske forholda for kvar enkelt student. Oppgåver som blir skrivne på norsk, skal ha eit samandrag på engelsk eller eit anna relevant framandspråk. Oppgåver som blir skrivne på eit ikkje-skandinavisk språk, skal ha eit kort samandrag på norsk/skandinavisk.

Publisering av oppgåver

Ønskjer du å gjere bachelor- eller masteroppgåva di tilgjengeleg for andre? Vi tilbyr publisering i Bora eller Brage. 

Slik går du fram for å få publisert oppgåva di!