Praksis i radiografi

Her finn du informasjon om praksis for deg som er student ved radiografiutdanninga.

Før praksis må du lese studieplan, emneplanen for ditt aktuelle praksisemne og følgje med på informasjon som blir gitt i Canvas. I tillegg er det viktig at du er kjent med felles informasjon om praksis.

Kvar du kan få praksisplass i radiografi

Vi innhentar praksisplassar for alle studentar. Du får beskjed i Canvas eller Studentweb om kvar du får praksisplass.

Du kan få praksisplass i Vestland og Rogaland. Du må rekne med å reise bort i samband med praksis i løpet av studiet. Her finn du informasjon frå praksisstadane.

Arbeidstid og turnus

Mange praksisplassar har praksis på dagtid, men vi har plassar der du må rekne med turnus.

Tilrettelegging av praksis

Om du har behov for særleg tilrettelegging i praksis eller praksis på ein bestemt stad, kan du lese meir om tilrettelegging av praksis.

Vurdering av praksis

Du og praksisrettleiar må fylle ut skjema for sluttvurdering av praksis. Du leverar inn skjema for praksisvurdering i det digitale verktøyet Wiseflow.

Hvis det er fare for at du ikkje består praksis, skal du få skriftleg varsel. Her finn du meir informasjon om rutinar ved fare for ikkje bestått praksis

Praksisinformasjon

Viktig informasjon

Kontakt oss

Lurer du på noko? Vi vil gjerne svare deg!
Praksisadministrasjonen ved FHS