
Her er dei nye meritterte undervisarane ved HVL
Etter ein pause i fjor kom det i år inn 28 søknadar om status som merittert undervisar. Etter nøye vurderingar har komitéen tildelt den gjæve statusen til 13 av søkarane.
Merittering av undervisarar er ei ordning som skal løfte fram gode undervisarar som jobbar systematisk, vitskapeleg og i samarbeid med kollegaar om å utvikle kvaliteten i utdanningane.
I år lyste HVL ut meritteringa som stilling i Jobbnorge, med søknadsfrist 1. mars. Det kom inn 28 søknadar, og vurderingskomitéen har no tildelt statusen til 13 av dei.
Dei nye meritterte undervisarane skal feirast med brask og bram på eit eige prisutdelingsarrangement 27. november i år.
Hovudkomité
- Førsteamanuensis Kristine Ludvigsen, HVL, komitéleiar
- Dosent Trond Lekang, Nord universitet, ekstern
- Professor Dag Husebø, Universitetet i Stavanger, ekstern
- Markus Kamaldin Tjøsvold, studentrepresentant, Studenttinget på Vestlandet
- Avdelingsleiar Robert Isaksen, HVL, varamedlem
Hovudkomitéen vurderer alle søknadane.
Fakultetsrepresentantar
- FLKI: Førstelektor og merittert undervisar Gro Ulland
- FHS: Førstelektor og merittert undervisar Djenana Jalovcic
- FTMS: Førsteamanuensis og merittert undervisar Per Eilif Thorvaldsen
Fakultetsrepresentantane vurderer berre søknadar frå eigne fakultet.
Søknadane er vurderte etter tre hovudkriterieområde med fleire underpunkt:
Vurderingskriterium for søknadane
Kriterium 1: søkaren vektlegg studentane sin læringsprosess i planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning. Dette inneber at søkaren:
1.1 har brei erfaring med undervisning og rettleiing og reflekterer over korleis eigen undervisningspraksis støttar studentane sin læringsprosess
1.2 har arbeidd systematisk over tid med å utvikle undervisninga si og reflekterer over denne utviklinga
1.3 arbeider systematisk med tilbakemeldingar frå studentar og eventuelt kollegaer og bruker dei for å vidareutvikle undervisninga
1.4 samarbeider om utvikling av undervisning med for eksempel studentar, kollegaer og leiing og reflekterer over betydninga av slikt samarbeid
Kriterium 2: søkaren viser ei vitskapeleg tilnærming til undervisning. Dette inneber at søkaren:
2.1 jobbar utforskande og systematisk med utviklingsarbeid, innovasjon og/eller forsking om undervisning
2.2 grunngir og reflekterer over sin måte å løyse undervisningsoppgåvene på gjennom å forankre val i relevant forsking og teori om undervisning og læring i høgare utdanning og/eller eige fagområde
2.3 er systematisk når det gjeld utvikling og utprøving av undervisnings- og vurderingsformer, eller varierte læremiddel som støttar læringsprosessen til studentane
2.4 formidlar kompetanse frå arbeid med undervisning på ulike måtar, for eksempel gjennom tidsskriftartiklar, presentasjonar på konferansar, i rapportar eller i interne forum
Kriterium 3: har ei kollegial haldning og er ein aktiv pedagogisk bidragsytar med fokus på deling av erfaringar knytt til utdanningskvalitet. Dette inneber at søkaren:
3.1 deler erfaringar og samhandlar med leiing, kollegaer, studentar eller andre for å utvikle faglege fellesskap om kvalitet i undervisning
3.2 har initiert, stått sentralt i eller leia studieplanarbeid, pedagogisk eller fagdidaktisk utviklingsarbeid, studiekvalitetsarbeid eller utgreiingsarbeid forankra i HVL sine strategiske planar og grunngir relevansen arbeidet har for utdanning
3.3 har ein grunngitt plan for utvikling av undervisning og vidare strategisk utviklingsarbeid for å heve undervisningskvaliteten i fagmiljøet
Her er dei nye meritterte undervisarane
Les meir om komitéen si vurdering
Catharina Christophersen er professor ved Institutt for kunstfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Ifølge vurderingskomitéen har ho levert ei sterk og overbevisande pedagogisk mappe, som svarer på alle dei tre kriterieområda. Ho dokumenterer lang og brei erfaring med undervisning, rettleiing og forsking innan musikkpedagogikk, og ho viser at ho er opptatt av korleis kunnskap blir utvikla gjennom erfaringar i feltet. Christophersen viser gjennom sin vitskaplege praksis at ho evnar å kople forsking, utdanning, formidling og innovasjon, og ho integrerer utvikilngsarbeid, innovasjon og forsking i undervisinga si, til glede for studentar og kollegaar.
Christophersen viser at ho har ei kollegial haldning og er ein aktiv pedagogisk bidragsytar. Ho dokumenterer dette gjennom blant anna FUTURED-prosjektet, som er eit godt eksempel på korleis ho samhandlar med andre for å utvikle faglege fellesskap om kvalitet i undervisning.
Søknaden er velskriven og inkluderer både personlege og sjølvkritiske vitnesbyrd. Teksten og søknaden er oppfatta som godt dokumentert med forklarande eksempel, som er tett på eigen praksis.
Les meir om komitéen si vurdering
Irina Pavlova er førstelektor ved Handelshøgskulen HVL, Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap. Komitéen skriv at ho har levert ein gjennomarbeidd og god søknad, som tydeleg svarer på alle kriterieområda. Pavlovsa har organisert søknaden sin i tre delar: "Aktive studenter – aktive medborgere", "Sosiologi og nye læringsformer" og "Samarbeid i teori og praksis". I gjennomgangen av desse tre områda koplar ho på etablert teori, i tillegg til vedlegg og dokumentasjon.
Søknaden er tydeleg på kva det er dokumentasjonen viser i samband med søknadsteksten og forheld seg til både mikronivå (undervisingseksempel), mesonivå (emne, studieplanar, lokal/regional) og eit markronivå (kronikkar, debatt, formidling og ny kunnskap) nasjonalt og internasjonalt. Dette er ein særskilt styrke ved denne søknaden og er, saman med måten Pavlova svarer på alle kriterieområda, eit uttrykk for den høge utdanningsfaglege kompetansen hennar.
Les meir om komitéen si vurdering
Ove Ronny Olsen Sæle er dosent ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. I vurderinga frå komitéen heiter det at han har levert ein overbevisande søknad, som svarer på alle kriteria på ein særleg god måte. Sæle har vore opptatt av å bygge bru mellom fagtradisjonar, er opptatt av sitt pedagogiske truverd og har rettleia og utfordra studentar til å reflektere om eige pedagogisk grunnsyn, verdiar og metarefleksjonar frå studet til profesjonsutøvar.
Han er særskilt merksam på studentane si læring og korleis kunnskap blir utvikla gjennom erfaringar og samhandling om undervising og rettleiing av studentane. Komiteen vil særleg trekke fram korleis han har arbeidd med pedagogisk utviklingsarbeid og bidrratt i ulike forskingsgrupper. Sæle viser til kollegialt fellesskap for forskingssøknadar og studieplanarbeid. I den pedagogiske mappa si dokumenterer Sæle at han gir eit sentralt og viktig bidrag for styrking av studiekvalitet ved Høgskulen på Vestlandet.
Les meir om komitéen si vurdering
Bjørg Oddrun Hallås er dosent ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Komitéen skriv at ho har levert ein sterk og overbevisande søknad som svarer på alle kriteria på ein særleg god måte. Hallås viser tydeleg og sterk merksem rundt korleis ho kan gjere studentane meir bevisste på eigen kunnskap. Ho har arbeidd med studentaktive læringsformer der studentane aktivt tar del i og reflekterer over eigen læringsprosess. Ho er opptatt av studenten si læring og korleis kunnskap blir utvikla gjennom erfaringar og samhandling om undervisning, evaluering og rettleiing av studentar. Komitéen vil særleg trekke fram den forskande og vitskaplege tilnærminga hennar til både eigen praksis og fagmiljøet sin praksis. Ho viser i søknaden at ho gir eit sentralt og viktig bidrag til styrking av studiekvalitet ved Høgskulen på Vestlandet.
Les meir om komitéen si vurdering
Nina Goga er professor ved Institutt for språk, litteratur, matematikk og tolking, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Ho har levert ein sterk og overbevisande søknad som svarer på alle kriteria på ein svært god måte. Ho viser tydeleg og sterk merksemd mot læringa til studentane, og ho er opptatt av korleis kunnskap blir utvikla gjennom erfaringar og samhandling med kollegaar i feltet. Komiteen trekker spesielt fram den forskande og vitskaplege tilnærminga hennar til eigen og fagmiljøet sin praksis, i tillegg til systematikken hennar når det gjeld å utvikle og prøve ut nye arbeidsformer. Dette har bidratt til at ho har kunna sjå samanhengar og dra erfaringar frå eitt studentkull til eit anna. Goga har gitt eit sentralt og viktig bidrag til styrking av studiekvaliteten ved Høgskulen på Vestlandet.
Les meir om komitéen si vurdering
El Houcine Messaoudi er førsteamanuensis ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap, Fakultet for helse- og sosialvitskap. Ifølge vurderingskomitéen har han skrive ein god og praksisnær søknad. Han viser gjennomgåande at han vektlegg læringa til studentane i fagområde som farmakologi, medikamentrekning og sjukdomslære, og at deira læring og seinare profesjonsutøving er høgt påakta. Dette gjennomsyrer planlegginga, gjennomføringa og vurderinga hans av eigen og andre si undervisning.
Søknaden hans er gjennomgåande kopla til kriterieområda i utlysinga, og han tar i bruk eigna teori i diskusjonane sine og forankrar i tillegg denne til HVL og UH-sektoren sine strategke planar. Han viser at han på ein utprega måte initierer, deler og samhandlar med leiing, kollegaar og studentar for å utvikle faglege fellesskap om kvalitet i undervisning. Dette gjer han både lokalt på HVL, men òg nasjonalt i samband med sjukepleiarutdanninga.
Les meir om komitéen si vurdering
Joar Sande er førstelektor ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og naturfag, Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap. Han har skrive ein praksisnær og personleg søknad, som bringar lesaren tett refleksjonane og forståingane hans av eigne møte med studentar. Desse møta er tufta på hans eigne erfaringar, på grunnleggande verdiar og menneskesyn og på etablert pedagogisk teori. Sande representerer det som i dag står fram som eit vibrant og sterkt teknologi- og elektromiljø ved Campus Førde. Dette er eit miljø han i høgste grad òg har vore med på å utvikle.
Søknadnen hans klarer på ein overbevisande måte å innfri alle kriteria i utlysinga. Sande viser i søknaden at han er opptatt av å avklare studentane sine forventningar og målsetjingane som er for faget. Han underbygger undervisnings- og rettleiingspraksisen sin i relevant teori, og han viser at det er ein balanse mellom å gi faglege råd og å oppmuntre til sjølvstendig tenking. Søknaden får fram at Sande ser didaktisk planlegging og gjennomføring i samanheng med utarbeiding av emne- og studieplanar. Han viser òg på ein god måte korleis løpande studentevalueringar har ført til endringar i vurderings- og undervisningspraksisen hans. Han viser på ein god måte at han er opptatt av at studia skal vere arbeidslivsrelevante, og han diskuterer korleis han kan bruke ny teknologi i læringsarbeidet.
Les meir om komitéen si vurdering
Tove Sandvoll Vee er førstelektor ved Institutt for velferd og deltaking, Fakultet for helse- og sosialvitskap. Ho har levert ein sterk og overbevisande søknad, som svarer på alle dei tre kriterieområda på ein særleg god måte. Gjennom sitt virke viser ho stor dedikasjon for studentane si læring, og ho arbeider med studiekvalitet gjennom å styrke kollegaane sine sitt arbeid med å leia læring i ulike fag- og profesjonsområde.
Komitéen vil særleg trekke fram det omfattande arbeidet hennar med kollegarettleiing som eit sentralt og viktig bidrag for styrkinga av studiekvaliteten ved Høgskulen på Vestlandet.
Les meir om komitéen si vurdering
May Britt Revheim Brekke er førstelektor ved Institutt for pedagogikk, religion og samfunnsfag, FLKI. Ho har skrive ein solid søknad om status som merittert undervisar og møter krava på ein svært god måte. Ho får fram på ein særleg god måte korleis den vitskaplege tilnærminga hennar til undervisning og rettleiing kjem hennar emne og studentane til gode, med omsyn til korleis læringsprosessen dei inngår i heng saman på fleire didaktiske plan.
Brekke har arbeidd systematisk over tid med å utvikle si undervisning, og ho reflekterer over denne utviklinga. Eitt eksempel er arbeidet hennar med praksisforteljingar som ho har utvikla over tid, undersøkt og vidareutvikla, i tillegg til at ho har testa denne metoden i fleire ulike emne. Brekke vektlegg og deler erfaringar og samhandlar med leiing, kollegaar og studentar med å utvikle faglege fellesskap om kvalitet i undervisning.
Les meir om komitéen si vurdering
Kristine Selvikvåg Lundervold er høgskulelektor ved Institutt for datateknologi, elektroteknologi og realfag, Fakultet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap. Ho har levert ein søknad som viser og dokumenterer hennar store engasjement og bidrag til læring for studentane og kvalitetsutvikling ved Høgskulen på Vestlandet. Behova til studentane, både dei sosiale og faglege, står fram som ei drivkraft i arbeidet hennar. Den pedagogiske mappa hennar forheld seg tett til dei tre hovudområda i utlysinga og svarer på kriteria på ein erfaringsbasert, beskrivande og praksisnær måte.
Lundervold viser at ho er ein kollegial bidragsytar som brenn for å utvikla dei emna og studieprogramma ho arbeider med. Ho er ein aktiv pedagogisk bidragsytar med fokus på deling av erfaringar knytt til utdanningskvalitet. Lundervold har over tid samhandla med leiing, kollegaar, studentar og andre for å utvikle faglege fellesskap om kvalitet i undervisning.
Les meir om komitéen si vurdering
Jon Hoem er professor ved Institutt for kunstfag, FLKI. Han har utforma ein søknad som dokumenterer kompetansenivået hans og det faglege uttrykket hans sett ut i praksis. Netsida han har utvikla i samband med dette er innbydande, kommunikserande, interessant og lærerik.
Studentane er ein drivkraft for Hoem sitt arbeid knytt til utvikling av utforskande udervisning og skapande arbeid på campus og i praksisfeltet. Hoem viser til imponerande og særleg brei produksjon av læremiddel og læringsstøttande ressursar, som er fritt tilgjengelege. Dette er ein viktig del av utvikling av fagfellesskap. Hoem har bidratt i fleire emne- og studieprogramutviklingsprosessar, og han har tatt i bruk innovative undervisningsformer.
Les meir om komitéen si vurdering
Reidun Nerhus Fretland er førstelektor ved Institutt for idrett, kosthald og naturfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Ho har utarbeidd ein oversiktleg og sterk søknad. Denne søknaden koplar ho tett til dei gjeldande kriteria, og ho svarer på dei på ein god måte. Søknaden balanserer det deskriptive med det reflekterande, og den integrerer teori og refererer til den vedlagde dokumentasjonen på ein fin måte. I den pedagogiske mappa viser ho òg korleis omgrep og teori har inspirert ho til å utvikle undervisningseksempel. Slike eksempel blir òg løfta fram i søknaden på ein god måte. I søknaden har ho gjort greie for den dokumentasjonen ho har lagt ved på ein eksplisitt måte, og ho har grunngitt utvalet. Det er veldig bra og ei bekrefting på at ho er veloverveid i heile si framstilling.
Les meir om komitéen si vurdering
Mette Bøe Lyngstad er dosent ved Institutt for kunstfag, Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett. Ho har levert ein velskriven og god søknad. Framstillingane hennar er gjorde i nær kopling til kriteria til utlysinga, og ho svarer overbevisande på dei krava og det nivået som krevst for å vere ein merittert undervisar ved HVL. Gjennom søknaden kjem lesaren tett på den vedlagde dokumentasjonen, som viser korleis dei pedagogiske forståingane og refleksjonane hennar informerer hennar praksis.
Erfaringar frå eiga undervisning har vist ho betydninga det har å adressere utdanningsverksemda si tydeleg til målgruppa, i tillegg til å vise ho korleis ho kan setje av tid til å løfte fram studentane sine eigne erfaringar. Lyngstad viser gjennom søknaden at ho analyserer, systematiserer og kategoriserer evalueringar frå studentar knytt til enkeltemne ho er involvert i. Det går òg fram at dei pedagogiske refleksjonane og didaktiske vala hennar er grunna på relevant teori. Ho uttrykker ei gjennomgåande systematisk haldning retta mot å utvikle undervisnings- og rettleiingskompetanse, og ho gjer det gjennom å forske på eigen og andre sin praksis. I søknaden går det fram at dette har ført til utforskande og studentaktive læringsmetodar.
Lyngstad jobbar med å heve utdanningskvalitet i sitt fagmiljø, og ho har utvikla felles utviklingsprosjekt og undervisningsfellesskap. Ho samarbeidde strategisk med utvikling av studieplanar og har bidratt i arbeidet med å etablere faglærarutdanning. Ho har òg deltatt i samarbeid nasjonalt og internasjonalt i utviklinga av sitt fagområde. Til slutt viser Lyngstad til ein god plan for vidareutviklnig av eige fagmiljø og HVL til beste for studentane.


