Energiteknologi

Bachelor, hausten 2019

Korleis møter vi dagens og framtidas energibehov på ein berekraftig måte? Kva slags energi vil bidra til å få fart på det grøne skiftet? Samfunnet treng ingeniørar med eit breitt og heilskapleg syn på problemstillingar knytta til energi og klima. Vi gir deg kunnskap til å utvikle og iverksette nye løysningar.

I løpet av studiet får du kompetanse innan fornybar energi, energidistribusjon, energibruk og -effektivisering for at du som energiingeniør kan bidra aktivt til å møte samfunnets energibehov og klimamål. Utdanninga gir deg evna til å omstille deg til stadig nye arbeidsoppgåver, og energiingeniører kan jobbe i mange ulike bransjer.

Du lærer om tradisjonelle energikjelder, som vasskraft og fossil energi, og om nye, fornybare energikjelder, som bioenergi, vindkraft og solenergi. Du vil også lære om varmepumper og bruk av hydrogen som framtidig energibærar. Eit anna sentralt tema er effektiv og fleksibel bruk av energi i bygningar og industri.

Undervisningsmåtar

Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå emne til emne. Det blir ei blanding av forelesingar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium, i tillegg sjølvstudium. Ved gruppearbeid og laboratoriearbeid er det krav om fysisk oppmøte. IT- og beregningsverktøy blir brukt i aukande grad i studiet.

Nokre av faga har skriftleg eksamen, medan det i andre fag er mappevurdering eller munnleg eksamen.

Kva kan du jobbe med?

Energiingeniørar jobbar med ulike typar energianlegg, som for eksempel energianlegg i bygg eller fjernvarmenettverk. Dei kan også jobbe som prosjektleiarar og rådgivande ingeniørar for alt som har med effektiv bruk av energi og utvikling av nye formar for energidistribusjon å gjøre. Energiingeniørar kan bli tilsett både i industrien og i offentlege etatar, men kan også styre sine eigne bedrifter.

Studiet gir eit godt grunnlag for vidare studium om fornybar energi i inn- og utlandet.

Utveksling

Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskule i utlandet, om du ønsker det. Du kan mellom anna reise på utveksling til institusjonar i Norden, Australia, Canada og USA.

Kor kan du reise?

Fann draumejobben

Kristian og Hilde meiner energiteknologistudiet har gitt dei god fagleg breidde i møte med ein stadig tøffare arbeidsmarknad. Begge har funne draumejobbar i to ulike bransjar.

Valde master i Lisboa og Paris

Etter å ha studert energiteknologi var Hans-Kristian Ringkjøb klar for nye utfordringar. Han drog til Sør-Europa og tok master i fornybar energi både i Lisboa og Paris.