Campus i Haugesund stenger

HVL sin campus i Haugesund blir stengt frå onsdag 17. mars til og med søndag 11. april. Det kjem etter at Regjeringa har innført strenge smittevernstiltak for kommunane på Haugalandet.

Stenginga inneber at studentar ikkje har tilgang til campus i Haugesund i denne perioden. All undervisning blir digital. Praksis vil gå som normalt.

Alle tilsette i Haugesund som kan arbeide heimefrå, skal gjere det i denne perioden.

Studentar og tilsette må halde seg oppdatert på intranett og i Canvas.

Situasjonen er alvorleg på Haugalandet, seier HVL-rektor Gunnar Yttri.

– Dei nye nasjonale innstrammingane som Regjeringa kom med i kveld for kommunane på Haugalandet vil ha stor innverknad også for oss.

Det er viktig at vi alle bidreg til å stogga smittespreiinga.

Yttri seier at krise- og beredskapsleiinga i HVL har hyppig kontakt.

Vi skal handtere dette. Samarbeidet med Haugesund kommune og samarbeidspartnarane i praksisfeltet vårt er tett og god. Eg vil og takke studentar og tilsette som verkeleg står på og tilpassar seg situasjonen, og som etterlev smittevernstiltaka.

– Vi må ta ekstra godt vare på kvarandre no.