Koronasituasjonen ved HVL

All undervisning ved høgskular og universitet blir digital fram til tysdag 19. januar. Ferdigheitstrening, simulering og laboratorieøvingar i enkelte fag og utdanningar vil likevel bli gjennomført på HVL.

Do you prefer to read this article in English?

– Digital undervising er hovudlinja. Samstundes har vi nokre læringsaktivitetar knytt til ferdigheitstrening, simulering og laboratorieøvingar som ikkje er mogelege å gjennomføre digitalt i denne perioden. Det jobbar vi no med å finne ei løysing på, seier HVL-rektor Gunnar Yttri.

Nokre unnatak

Måndag 4. januar tok han del på møte med Kunnskapsdepartementet og denne problematikken vart sett på dagsorden.

– Tysdag ettermiddag fekk vi ei presisering i eit brev frå departementet om at høgskular og universitet sjølve må vurdere om det er undervising eller andre aktivitetar som ikkje er mogleg å gjennomføre digitalt, eller som ikkje kan utsetjast i to veker.

– Departementet ber oss om å avgrense slike unnatak frå tilrådinga så mykje som mogeleg. Men dette gir oss eit handlingsrom til å gjere kloke vurderingar, seier rektor.

– Fakulteta jobbar med å vurdere læringsaktivitetar som kan gjennomførast innan trygge rammer og smittervernråda.

- Dette vil vere avgrensa til nokre aktivitetar som er kritisk viktige for å sikre at ikkje studentar får forseinkingar i sitt studieforløp. Vi vil legge oss langs den linja vi har praktisert tidlegare i pandemien og prioritere noko av læringsaktiviteten knytt til ferdigheitstrening, simulering og laboratorieøvingar, seier Yttri.

- Vi vil bruke dagen til å avklare meir, og tilsette og studentar vil få informasjon etter kvart i Canvas og frå leiarane sine. Det blir jobba for å finne løysingar for dei studentane som ikkje får høve til å delta på planlagt aktivitet. Det treng ingen å uroa seg for. 

Jobbar med praksis

Yttri fortel og at koronasituasjonen gir nokre utfordringar kring praksis som HVL no jobbar for å løyse.

– Regjeringa legg til grunn at praksis går som planlagt, og vi har mange studentar i praksis.

 – Så opplever vi at nokre praksisstader innan helse og sosial innfører eigne smitteverntiltak. Det kan påverke praksisgjennomføringa for nokre av studentane våre.

– Vi jobbar difor med å finne gode løysingar med praksisfeltet slik at studentane skal få gjennomført praksisen sin og ikkje få forseinkingar i studieløpet sitt.

Opne campusar

HVL vil halde campusane opne framover, men campusane er berre tilgjengelege for HVL-studentar og tilsette med nøkkelkort. Bibliotek, lesesalar og grupperom er tilgjengelig for studentar som har behov for dette.

I tråd med nasjonale tilrådingar ber vi tilsette som har moglegheit til det om å arbeide heimefrå fram til 19. januar. Tilsette kan arbeide på campus om ein treng tilgang til fasilitetar og utstyr for å løyse sine arbeidsoppgåver.

Regjeringa tilrår norske borgarar om å unngå unødvendige reiser innanlands. HVL oppmodar tilsette til å avgrense sin jobbreiseaktivitet innanlands, inkludert mellom campusar, til reiser som vert vurdert som nødvendige. HVL oppmodar óg til at det ikkje vert planlagt for å gjennomføre fysiske møter på campus i tida fram til 19. januar.