Inga fysisk undervisning på campus for studentar før 19. januar

Regjeringa har vedteke at all undervisning ved høgskular og universitet blir digital fram til tysdag 19. januar, og tilrår at ein i denne perioden arbeider heimefrå om ein har mogelegheit til det. Dette for å dempe smittetrykket.

Do you prefer to read this article in English?

I pressemeldinga skriv dei:

Regjeringen har, basert på råd fra helsemyndighetene, besluttet at all undervisning ved fagskoler, høyskoler og universiteter gjøres digital frem til 18. januar. 

Målet med å forskyve den fysiske oppstarten er å dempe smittetrykket.

Det betyr at de som ønsker og har anledning kan bli igjen der de har vært gjennom juleferien og unngå å sette seg på fly, tog eller buss for å reise tilbake til studiestedet, sier forsknings- og høyere utdanningsminister Henrik Asheim.

Opne campusar

HVL vil halde campusane opne i perioden, men campusane er berre tilgjengelege for HVL-studentar og ansatte med nøkkelkort. 

- Vi veit at mange studentar har behov for å vere på campus.

- Så må vi vurdere situasjonen fortløpande. Vi veit at ting kan endre seg fort, seier HVL-rektor Gunnar Yttri.

Når det gjeld praksis
legg Kunnskapsdepartementet til grunn at den kan gjennomførast så langt det er mogleg i denne perioden.

- Vi gjennomfører praksis som planlagt. For ferdigheitstrening og simulering kjem vi tilbake med meir informasjon når det er avklart.

- Kunnskapsdepartementet har invitert til eit videomøte måndag 4. januar. Då vil vi koma tilbake til meir detaljar kring situasjonen, seier Yttri.

- Viktigast er at studentar held seg godt oppdatert i Canvas.

Tilrår heimekontor

Departementet skriv at tilsette skal forhalde seg til smittevernsreglane i arbeidslivet og reglane i den kommunen der dei er.

I tråd med nasjonale tilrådingar ber vi tilsette som har mogelegheit til det om å arbeide heimefrå fram til 19.1. 

I denne perioden er våre campusar opne. Bibliotek, lesesalar og grupperom er tilgjengelig for studentar som har behov for dette. Tilsette kan arbeide på campus om ein treng tilgang til fasilitetar og utstyr for å løyse sine arbeidsoppgåver.    

Avgrense reiser

Regjeringa tilrår norske borgarar om å unngå unødvendige reiser innanlands. Vi oppmodar våre tilsette til å avgrense sin jobbreiseaktivitet innanlands, inkludert mellom campusar, til reiser som vert vurdert som nødvendige.

Møter

Vi oppmodar om at det ikkje vert planlagt for å gjennomføre fysiske møter på campus i tida fram til 19.1.

Dei viktige smittervernsråda

Rektor seier at det med opne campus er særs viktig at vi alle følger dei grunnleggjande smittevernsråda