Status koronasituasjonen HVL Førde

- Vi har fått bekrefta 12 smitta studentar i Førde no onsdag ettermiddag. Vi tar høgde for at vi får fleire smittetilfelle framover, seier HVL-rektor Gunnar Yttri.

Han fortel at høgskulen har god og jamn kontakt med studentane som er råka. Både dei som er bekrefta smitta og dei som er i isolasjon og karantene.

- Vi har dyktige fagfolk som er tett på og føl studentane godt opp. Eg er imponert over korleis tilsette og studentar handterer dette.

Yttri seier at HVL har god dialog med smittevernstenesta i Sunnfjord kommune.
- Det er dei som driv smittesporinga og vi samarbeider fint.

No ber Sunnfjord kommune studentar som har vore i fysisk kontakt med andre studentar i kommunen i perioden frå måndag 18. januar om å teste seg.

Studentane bestiller sjølve test på kommunen sine heimesider.

- Denne oppmodinga om å teste seg kommuniserer vi ut i våre kanalar no.

Yttri fortel at helse- og sosialfagstudentane ved campus Førde no har ein mellombels stans i praksis på ei veke.

- Dialogen med praksisfeltet er god og vi finn løysingar i lag.

HVL-rektoren seier at campus i Førde er open, men kantina er stengt inntil vidare.

- Vi vurderer situasjonen fortløpande, og vi informerer på våre nettsider og i den digitale læringsplattforma Canvas etter kvart som ting blir meir avklart.