Opnar opp igjen for praksis i Bergen
Frå måndag 15. februar vil studentar ved campus Bergen få koma tilbake i praksis igjen.
– Det er fint at dette no er på plass og at aktuelle studentar, praksisfelt og me som høgskule får dette avklart no før helga. Det har vore jobba godt og alle partar har vore løysingsorienterte.
– Ein takk óg til studentane våre som har vore tolmodige, seier rektor Gunnar Yttri ved Høgskulen på Vestlandet.
God løysing
I føremiddag deltok han på eit møte med Bergen kommune, Statsforvaltaren og Helsedirektoratet, i tilegg til andre utdanningsinstitusjonar i Bergen og Utdanningsdirektoratet. Her blei ting avklart.
– I går fekk me ei god avklaring frå Kunnskapsdepartementet, og i dag har me fått på plass ei god løysing i lag med Bergen kommune.
Ein ressurs i pandemien
Yttri er glad for signala om studentpraksis som no kjem frå styresmaktene.
– Denne saka viser at studentar er ein kraft og viktig ressurs for samfunnet vårt sjølv i ein pandemi. Og denne forståinga og linja gjeld for heile landet.
– Det er tydeleg slått fast at studentpraksis, så langt det er mogleg, skal gjennomførast sjølv i periodar med svært strenge smittevernstiltak.
– Det vert understreka at studentane våre ikkje skal bli forsinka i sine studiar.
Meir informasjon i Canvas
Yttri er óg nøgd med tydeleggjeringa som slår fast at studentar i praksis under ein pandemi er omfatta av det same lovverket og dei same vurderingane knytt til nasjonale smittevernstiltak som dei øvrige tilsette på praksisstaden.
– Reiser til og frå praksisstaden er og rekna som nødvendig arbeidsreise.
Yttri seier at studentar vil få meir informasjon i Canvas.
Sjølv om praksis opnar opp igjen vil campus Bergen framleis vera stengt kommande veke.
– Me vil leggja til rette for at studentar kan få tilgong til bokskapa sine på campus. Me vil informere meir konkret om dette over helga.
– Det vil óg bli vurdert om det kan bli opning for noko ferdigheitstrening på campus Bergen. Det vil vi koma tilbake til.
Sjå pressemelding frå Bergen kommune
Informasjon om koronatiltak ved HVL
Aktuelle saker om pandemien ved HVL
- Vidarefører avstandskrav i undervising i Bergen, 9.9.21
- Innfører avstandskrav i undervisinga i Bergen, 30.8.21
- HVL forsterkar smittevernet, 12.8.21
- Koronasituasjonen og studiestart, 5.8.21
- Gjer klart for god studiestart, 2.7.21
- Koronasituasjonen og HVL, 28.5.21
- HVL bur seg på meir opning, 21.5.21
- Studentar ved campus Bergen bekrefta smitta, 6.5.21
- Koronasituasjonen og HVL, 14.4.21
- Digital undervising heile komande veke, 9.4.21
- Studentar bekrefta smitta, 25.3.21
- Innfører nye koronatiltak, 24.3.21
- Campus i Haugesund stenger, 16.3.21
- Koronasituasjonen ved campus Stord, 16.3.21
- Koronasituasjonen i Haugesund, 10.3.21
- Campus Bergen opnar igjen, 19.2.21
- Opnar opp igjen for studentpraksis i Bergen, 12.2.21
- Jobbar med løysing for praksis ved campus Bergen, 11.2.21
- Koronasituasjonen i Bergen: Praksis i utdanningene, 8.2.21
- Informasjon om koronasituasjonen ved HVL campus Bergen, 7.2.2021
- Status koronasituasjonen HVL Førde, 27.1.21
- Studentar bekrefta smitta med covid-19 i Førde, 26.1.21
- Koronasituasjonen og HVL, 19.1.21
- Vidarefører covid-19-tiltak, 14.1.21
- Koronasituasjonen ved HVL, 6.1.21
- Inga fysisk undervisning på campus for studentar før 19. januar, 3.1.21
- Oppdatering på koronasituasjonen, 24.11.20
- Nye koronatiltak ved HVL, 6.11.20
- – Nå er situasjonen alvorlig, 5.11.20
- Trygg eksamensavvikling ved HVL, 30.10.20
- Koronasituasjonen og HVL, 28.10.20
- Tilbake til fysisk og digital undervisning ved campus Bergen, 29.9.20
- Viderefører Covid19-tiltak ved campus Bergen, 22.9.20
- Covid 19-situasjonen: Forlenger tiltak ved campus Bergen, 16.9.20
- Avlyser fysisk undervisning ved campus Bergen, 8.9.20
- Bergen kommune oppfordrer til selvpålagt karantene, 31.8.20
- Studenter bekreftet smittet med covid-19, 21.8.20