Oppdatering på koronasituasjonen

– Vi har framleis ein svært krevjande smittesituasjon i landet vårt og utviklinga tilseier at denne vil vare ved ei stund frametter. Difor vidareførar vi tiltaka våre som vart sett i verk måndag 9. november her på HVL, seier rektor Berit Rokne.

Do you prefer to read this article in English?

For HVL inneber det framleis at: 

  • Campusane er ikkje stengt. Bibliotek, lesesalar og grupperom er tilgjengelig for dei som har behov for dette.
  • Undervisning som kan gå digitalt skal vere digital. Det gjeld ikkje ferdigheitstrening og laboratorieundervisning.
  • Eksamenar skal gå digitalt. Det gjeld ikkje praktiske prøvar og praktiske eksamenar som ikkje er mogleg å gjennomføre digitalt eller som heimeeksamen.
  • All praksis vert gjennomført som planlagt.
  • Alle tilsette som kan arbeide heimefrå skal gjere dette.

Informasjon om koronatiltak ved HVL

– Dette er i tråd med dei nasjonale tiltaka og dei tiltaka som mellom anna Bergen kommune vidarefører.

Rokne seier det er krevjande tider.

– Ja, det er det. Ikkje minst for studentane våre. Så det er viktig at vi alle ser kvarandre litt ekstra no framover.

Rokne viser óg til arbeidet som forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim i går fekk overlevert frå ei arbeidsgruppe som har sett på studentane sin situasjon i koronatida.

– Eitt av fleire tiltak det blir peikt på, er å legge til rette for at studentar kan komme på campus. Det forutset at dei grunnleggande smittevernreglane blir følgde. 

– Eit anna tiltak er dette med tettare oppfølging. Dette er i tråd med korleis vi jobbar på HVL, både med opne campusar og det nye tilbodet om studentrettleiarar som vi frå nyttår vil rette spesielt mot fyrsteårsstudenten.

– Studentassistentane skal i hovudsak bidra til at studentar får tilbod om ulike studentaktivitetar, som kan vere ein hjelp både fagleg og sosialt. Det kan vera knytt til organisering av kollokviegrupper eller andre faglege tiltak, fortel Rokne.

– Så vil eg og oppmode alle leiarar til å planlegge for alternative møtepunkt med sine tilsette før jul, og at det også vert vurdert korleis ein kan gjere det same for sine studentgrupper. Fleire utdanningar er i gang, og det vert meldt om god tilbakemelding på slike initiativ.