Koronasituasjonen ved campus Haugesund

Med bakgrunn i Haugesund kommune sine nye korona-tiltak vil undervisinga ved campus Haugesund i all hovudsak bli digital frå og med fredag 12. mars. Alle tilsette i Haugesund som kan skal jobbe heimefrå. Dette gjeld i to veker framover.

Det er eit smitteutbrot i Haugesund som gjer at kommunen har innført strenge smittevernstiltak. Desse omfattar og HVL og aktiviteten knytt til campusen i Haugesund.

HVL-rektor Gunnar Yttri fortel at krise- og beredskapsleiinga i HVL har hatt møte onsdag kveld.

- Me har god kontakt med kommunen og forheld oss til tiltaka som no vert innført.

Det betyr at campus Haugesund ikkje vil ha ordinær undervisningsaktivitet frå og med fredag 12. mars til og med fredag 26. mars.

- Me vil gjennomføre laboratorieaktivitet, ferdigheitstrening og simulering som ikkje kan gjerast digital og som er naudsynt for å oppretthalde framdrift i studie.

- Praksis vil og gå som normalt.

Rektor understrekar at HVL vil ha bibliotek og leseareal opne. Studentar vil ha tilgang til bygget med sine adgangskort.

- Me jobbar med å avklare meir og vil i løpet av torsdag komme tilbake med meir informasjon. Studentar og tilsette må halde seg oppdatert på intranett og i Canvas.

Yttri seier at alle tilsette i Haugesund som kan ha heimekontor skal ha heimekontor i denne perioden.

- Unntak gjeld for tilsette i servicetorget, på biblioteket, tilsette som skal leie laboratorieaktivitet, ferdigheitstrening og simulering, samt driftspersonell som må gjennomføre arbeidsoppgåver på campus.

- Andre som ikkje kan ha heimekontor må avtale dette særskilt med sin leiar.