Koronasituasjonen og HVL

Regjeringa har kome med nye tiltak og tilrådingar kring koronasituasjonen. HVL vil frå måndag 25. januar opne for noko meir fysisk undervisning i mindre studentgrupper.

Do you prefer to read this article in English?

– Tilrådinga frå Regjeringa er framleis bruk av digital undervisning der dette er mogeleg og at større førelesingar og samankomstar bør unngåast.

– Samstundes opnar Regjeringa for at me kan gi noko meir fysisk undervisning i mindre studentgrupper i område med låg smitte, seier rektor Gunnar Yttri.

Timeplanen gjeld

– Alle campusane våre ligg i område kor det no er låge smittetal. Me vil frå måndag 25. januar opna opp for meir undervising på campusane våre. Me vil følgje timeplanen som er lagt.

– Fakulteta våre har gjort gode avklaringar dei siste dagane. Me har ei god oversikt på kor mange studentar som no vil kunne få undervising på campusane våre i mindre grupper.

– Me ser at det er handterbart innanfor dei gjeldande retningslinjene for smittevern.

– Til no i januar har me hatt noko aktivitet på campusane med ferdigheitstrening, simulering og laboratorieøvingar. Det opplever me har gått bra.

– Me ser difor fram til å få fleire av studentane våre tilbake, og me skal gjere vårt for å ta ekstra godt vare på dei.

Gradvis og forsiktig

Yttri understrekar at digital undervising framleis er hovudlinja i høgskulen, men fleire vil no få ein kombinasjon av fysisk og digital undervising.

– Me tar dette gradvis og forsiktig, og me gjer oss erfaringar. Så må me tilpassa oss undervegs.

– Studentar og tilsette vil få nærmare informasjon i Canvas og hos leiarane sine.

Digitale alternativ for samlingsbaserte utdanningar

Yttri seier at samlingsbaserte utdanningar, kor mange studentar er tilreisande, ikkje vil bli gjennomført fysisk i veke 4 og 5, til og med sundag 7. februar. Her vil det blir lagt opp til digitale løysingar. Dette for å unngå reiser.

Forøvrig gjeld dette i HVL:

  • Campusane er opne. Bibliotek, lesesalar og grupperom er tilgjengelig for dei som har behov for dette.
  • All praksis vert gjennomført som planlagt.
  • HVL tilrår heimekontor for dei som har mogelegheit til det.
  • Planlagde arrangement, konferansar og møter skal vere digitale.
  • HVL oppmodar tilsette til å avgrense sin jobbreiseaktivitet innanlands, inkludert mellom campusar, til reiser som vert vurdert som strengt nødvendige.
  • HVL oppmodar om at det ikkje vert planlagt for å gjennomføre fysiske møte på campus i tida framover.