Koronasituasjonen ved campus Stord

Stord kommune innfører strenge smittevernstiltak frå onsdag 17. mars. Desse omfattar HVL og campus Stord. Undervisinga vil i all hovudsak bli digital. Tilsette som kan skal jobbe heimefrå. Dette gjeld til og med fredag 9. april.

Det er eit større smitteutbrot i Stord som gjer at kommunen har innført strenge smittevernstiltak.

HVL føl opp tiltaka som Stord kommune no innfører. Me har god dialog med kommunen, seier rektor Gunnar Yttri i HVL.

Dei nye smittevernstiltaka betyr at campus Stord ikkje vil ha ordinær undervisningsaktivitet frå og med onsdag 17. mars til og med fredag 9. april.

Laboratorieaktivitet, ferdigheitstrening og simulering som ikkje kan gjerast digital og som er naudsynt for å oppretthalde framdrift i studia vil bli gjennomført.

Praksis vil og gå som normalt.

HVL vil ha bibliotek og leseareal opne på campus Stord. Studentar vil ha tilgang til bygga med sine adgangskort.

Alle tilsette på Stord som kan arbeide heimefrå, skal gjere det i denne perioden.

Unntak gjeld for tilsette i servicetorget, på biblioteket, tilsette som skal leie laboratorieaktivitet, ferdigheitstrening og simulering, samt driftspersonell som må gjennomføre arbeidsoppgåver på campus. Andre som ikkje kan ha heimekontor må avtale dette særskilt med sin leiar.

Studentar og tilsette må halde seg oppdatert på intranett og i Canvas.