Nettverk for tverrfagleg aldringsforsking

For å møte dei komplekse utfordringane og moglegheitene som følgjer med ein aldrande befolkning er det avgjerande at det skjer samarbeid på tvers av fag, profesjonar og praksisfelt.

Nettverk for tverrfagleg aldringsforsking er etablert på tvers av dei tre institutta Institutt for helse og funksjon, Institutt for helse- og omsorgsvitskap og Institutt for velferd og deltaking i Fakultet for helse- og sosialvitskap (FHS). Målet er å samle fagmiljø frå ulike disiplinar og profesjonar, og å utvikle eit breitt, inkluderande og tverrfagleg blikk på aldring som forskings- og utdanningsfelt. Slik ønskjer nettverket å styrkje og synleggjere aldring som eit sentralt tema i både utdanning og forsking ved fakultetet og ved HVL. Ei tett kopling mellom forsking og utdanning står sentralt for nettverket, som har som mål å vere ein open arena for forskarar, undervisarar og studentar. Slik kan nettverket bidra til å utvikle utdanningane våre innan aldring og styrkje samanhengen mellom forsking og utdanning. 

I oppstartsfasen har nettverket særleg vore opptekne av tema som utanfor­skap, inkludering og mangfald i aldring, og korleis desse perspektiva kan forståast, forskast på og integrerast i utdanning. Eit viktig mål framover er å utvikle felles initiativ og søknader innan forsking og utdanning, og å leggje til rette for samarbeid både internt ved HVL og med nasjonale og internasjonale partnarar.

Ønskjer du å bli med i nettverket? Då kan du sende e-post til nettverksleiar Maria Nordheim Alme.

Aktivitetar

  • Oppstartsworkshop 3. september kl 09 - 13.
    Stad: Fyrrommet, campus Bergen
    Kontakt Maria Alme (mana@hvl.no) om du har spørsmål

  • Gjesteforelesarar/seminar

    Velkommen til webinar i regi prosjektet IP LINC

    Stad: Zoom, lenke kjem via e-post til påmelde før webinarstart

    Tid: Tirsdag 19. mai kl 14.10 - 15.00
    "Impact of Climate Change on health of older people, persons with disabilities, and refugees and migrants: intersections, vulnerabilities and strengths"

     Panelists from HelpAge, STEP Pakistan, Centre for Migration Helath and HVL

bilde av Maria Nordheim Alme

Maria Nordheim Alme

Nettverksleiar

bilde av Siri Ytrehus

Siri Ytrehus

Professor

bilde av Gudmund Ågotnes

Gudmund Ågotnes

Professor

Medlemmer

Professor
Institutt for velferd og deltaking
Førsteamanuensis
Institutt for helse og funksjon
Postdoktor
Institutt for velferd og deltaking
Førsteamanuensis
Institutt for helse og funksjon
Førsteamanuensis
Institutt for helse og funksjon
Førsteamanuensis
Institutt for helse og funksjon
Førsteamanuensis
Institutt for helse- og omsorgsvitskap
Professor
Institutt for helse og funksjon
Førsteamanuensis
Institutt for helse og funksjon
Postdoktor
Fakultet for helse- og sosialvitskap
Førstelektor
Institutt for helse- og omsorgsvitskap