Leiing i og av utdanningssystem

Endring, læring og utvikling

Gruppa er opptekne av korleis leiarar og yrkesutøvarar i utdanningssektoren arbeider med endring, læring og utvikling. Deira profesjonelle yrkespraksis som leiarar i skular, høgskular og barnehagar framstår som våre naturlege forskingsfelt. 

Desse kan konkretiserast som tema slik: 

  • Utdanningspolitiske diskursar – nasjonalt og internasjonalt 
  • Spenningar og samhandling mellom nivåa i utdanningssystemet 
  • Kvalitet, utvikling og vurdering i praksiskontekstar 
  • Leiing og læring i utdanningssystem 
  • Profesjonsutvikling og læring i profesjonelle fellesskap 
  • Kunnskapsprosessar i komplekse system 

Det er ikkje «leiarar» i ei smal meining vi er opptekne av, det er meir dei kontekstane, oppgåvene og systema leiararar må forhalde seg til, som er i fokus for gruppa. 

Forsking- og utviklingsinteresser

Den sterk tilknytinga til undervisning har prega dei forskingsaktivitetane gruppa har drive med, og gruppa spelar ikkje noko sterk, formell rolle andsynes medlemenes publisering. Dette gjev seg utslag i at mange av forskingsaktivitetane har vore drivne av medlemene, lausrive frå gruppa og kopla til andre forskingsprogram eller satsingar i eller utanfor gruppa. Men gruppemedlemene har likevel sett på dagsorden forsking om undervisning i organisasjon og leiing i brei tyding, og dette vert tydeleg gjenspegla i publikasjonslista vår. 

Medlemar i gruppa deltek aktivt prosjektet BARNkunne - Senter for barnehageforsking i to av tre overordna forskingstema.
Tema 2: Systemisk leiing og vilkår for barn i barnehagen.
Tema 3: Pedagogisk innovasjon og samskaping.

Medlemar deek i prosjektet EX-PED-LAB.

Medlemar i gruppa deltek også i prosjekt som rettar særleg merksemd mot koplinga mellom høgre utdanning, yrkesfeltet og forsking.

Medlemmar i gruppa et tilknytt Nasjonalt prosjekt for lærerrekruttering.

To medlemer deltek i Actnow-studien, og rettar særleg merksemd mot koplinga mellom høgre utdanning, yrkesfeltet og forsking.

Fleire av medlemene er aktivt med i Dekomp og Rekomp-satsinga, der ei målsetting for oss er å gjennomføre parallelle forskings- og publiseringsprosjekt med sjølve satsinga.

Fleire av medlemene har tungt ansvar knytt til Den nasjonale rektorutdanninga og andre leiarutdanningstilbod til skular og barnehagar. Gruppemedlemer har i lengre tid publisert tekstar som byggjer på erfaringar med desse leiarutdanningane.

Aktuelle publikasjonar

Prosjekt

Forskargruppeleiar

bilde av Hege Fimreite

Hege Fimreite

Førsteamanuensis

Kvinneleg lærar sittande ved pult med to elevar.

Forskergruppen er tilknyttet programmet Praksisnær profesjons- og utdanningsforsking