Folkehelsearbeid med vekt på kosthald og fysisk aktivitet

Bachelor Hausten 2021

Er du opptatt av kosthald og fysisk aktivitet? Med denne utdanninga kan du jobbe med å fremje god helse.

Målet med folkehelsearbeid er å forebygge og fremje god helse i befolkninga, til dømes ved å motivere ulike målgrupper til auka fysisk aktivitet og til sunne kosthaldsvanar. Utdanninga er tverrfagleg. Gjennom teoretisk kunnskap og praktiske ferdigheiter får du kjennskap til helsefremjande kosthald og ei rekke former for fysisk aktivitet knytt til folkehelsearbeid. Studiet inneheld også organisasjons- og samfunnsfaglege perspektiv på folkehelsearbeidet.

Gjennom studiet lærer du å arbeide med kosthald, fysisk aktivitet og samfunnsplanlegging i helsefremjande og førebyggande verksemder.

Praksis

Studiet inneheld tre praksisperiodar á to veker, som er knytt til tema som omhandlar kosthald, fysisk aktivitet og samfunn.

Informasjon om praksis.

Vil du studere meir?

Fullført bachelorstudium kvalifiserer for opptak til ulike masterutdanningar ved HVL.

Utveksling

I 4. semester har du eit obligatorisk studieopphald i utlandet.

Kor kan du reise?

Samarbeidspartnere i Danmark og Sverige

Danmark

Sverige