Forskargruppe for lese- og skrivedidaktikk

Forskargruppa arbeider med å skaffe ny kunnskap om lese- og skrivedidaktikk med relevans for heile grunnskuleløpet.

Dette vil seie å forske på lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter, noko som inkluderer ei rekkje ulike perspektiv og problemstillingar:

  • Korleis arbeide med lesing og skriving som kognitive, sosiale og faglege prosessar
  • Korleis arbeide med lesing og skriving i spesifikke sjangrar, teksttypar eller fag
  • Korleis arbeide med respons og vurdering, og korleis arbeide med lese- og skriveutviklinga til spesifikke elevgrupper som gutar vs. jenter, andrespråkselevar eller elevar med lese- og skrivevanskar?

Forskingsaktiviteten i gruppa vil resultere i ny kunnskap om lese- og skriveutvikling hos grunnskuleelevar, om literacy-kompetanse på tvers av fag og om didaktiske modellar til bruk i lese- og skriveopplæringa.

Forskingsgruppa vil og leggje sterk vekt på forskingsformidling.

Pågåande forskingsprosjekt