
Ingeniør- og maritime fag
Vil du vere med å utvikle nye berekraftige løysingar? Som ingeniør kan du utvikle ny teknologi og produkt for framtida. Ei maritim utdanning gir deg ei karriere på sjøen eller i den landbaserte delen av den maritime verksemda.
På HVL får du studere i eit aktivt ingeniørfagleg og maritimt miljø, og lære av dyktige og engasjerte lærarar og forskarar.
Du kan studere mange forskjellige ingeniør- og maritime fag hos oss.
Forkurs og y-veg
Vil du ta ingeniørutdanning eller nautikk, men dekkjer ikkje opptakskravet? Med forkurs kan du kvalifisere deg likevel. Har du yrkesfagleg utdanning med relevant fagbrev? Då kan du ta utdanning gjennom y-vegen. Viss du manglar realfaga kan du ta realfagskurs eller TRESS.
Bachelor
Ein bachelor er ei treårig utdanning. Når du er ferdig med tre år som fulltidsstudent får du ei bachelorgrad.
- Automatisering med robotikk (inkludert y-veg)
- Bioingeniør
- Branningeniør
- Byggingeniør (inkludert y-veg)
- Bærekraftig produksjon og sirkulærøkonomi
- Cyberfysisk nettverksteknologi
- Dataingeniør
- Elektronikkingeniør
- Elkraftteknikk (inkludert y-veg)
- Energiteknologi
- Havteknologi
- Informasjonsteknologi
- Landmåling og eigedomsdesign
- Miljøteknologi og industriell kjemi
- Mariningeniør
- Maritime Management
- Maskiningeniør
- Nautikk
Har du fagskuleutdanning?
Viss du har tatt 2-årig fagskule og ønsker å gå vidare med ei ingeniørutdanning kombinert med jobb, kan du ta eit fleksibelt nett- og samlingsbasert studium ved HVL.
Master
Ein mastergrad er ei toårig påbygging på bachelorgraden.
Vidare utdanning - livslang læring
Vi har mange kurs og utdanningar som kan passe for deg som ønsker fagleg fordyping kombinert med jobb. Sjå våre tilbod til vidareutdanning innan ingeniørfag og maritime fag.
Ph.d.
Ph.d.-studiet er ei treårig forskarutdanning for deg som ønskjer å kvalifisere deg for vitskapleg arbeid og forsking på høgt internasjonalt nivå.