Allmenn maskinteknikk

Bachelor, hausten 2019

Maskiningeniøren blir gjerne omtalt som den "klassiske ingeniøren", og kan jobbe innan ei rekke fagfelt.

I bachelorstudiet Allmenn maskinteknikk lærer du om dei grunnleggande maskinfaga, som mekanikk, maskindelar, teknisk varmelære, konstruksjonsteknikk, motorar og oljehydraulikk.

Utdanninga er bygd opp i nært samarbeid med industrien i regionen. Vestlandet er regionen med mest industri i Noreg, og det er eit kontinuerleg behov for dyktige ingeniørar.

Merk deg at HVL tilbyr denne utdanninga ved fleire studiestadar , og at det kan vere lurt å legge inn fleire alternativ på søkarlista di.

Undervisningsmåtar

Som student får du ta i bruk ulike dataverktøy til utrekning, teikning og styring av maskiner og prosessar.

Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå fag til fag. Det er førelesningar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium, og i tillegg sjølvstudium. Ved gruppearbeid og laboratoriearbeid er det krav til fysisk oppmøte. Nokre fag har skriftleg eksamen, medan andre fag kan ha mappevurdering eller munnleg eksamen.

Kva kan du jobbe med?

Vel du ei utdanning som maskiningeniør, får du ei generell ingeniørutdanning som gjer at du kan få jobb innanfor ei rekke fagfelt. Du kan arbeide mellom anna med konstruksjon, prosjektering, drift og vedlikehald.

For maskiningeniøren er det gode jobbar mellom anna i industrien, oljerelatert verksemd, offentleg verksemd, privat konsulentverksemd og salsservice.

Utveksling

Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskule i utlandet, om du ønsker det. Du kan mellom anna reise på utveksling til institusjonar i Danmark, Storbritannia, Spania, USA og Canada.

Kor kan du reise?

Torbjørn skal bli ingeniør

Torbjørn Smith har heilt sidan han var liten vore fascinert av båtar, bilar og fly. Valet av studieretning vart derfor enkelt.