Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.
Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.
Opptakskrav y-vegen
Meir informasjon kjem.
Opptakskrav tres
Korleis søke y-vegen og tres
Skal du ta y-vegen eller tres, søker du direkte til HVL gjennom Søknadsweb og ikkje gjennom Samordna opptak.
Søk y-vegen eller tresStudiekode i Samordna opptak
203034
Poenggrense ved forrige opptak
- Ordinær kvote Alle kvalifiserte
- Førstegangsvitnemål Alle kvalifiserte
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere maskiningeniør?
Maskiningeniøren designar, produserer, driftar og vedlikeheld produkt og produksjonsutstyr. Ein maskiningeniør utviklar også arbeidsmetodar for å produsere og styre produksjonsprosessar, og speler ei viktig rolle i den fornybare energiomstillinga. Arbeidet går ofte føre seg i team saman med andre ingeniørar og yrkesgrupper, og ved bruk av avansert dataverktøy.
På maskiningeniørstudiet i Haugesund får du eit godt grunnlag til å jobbe med eksisterande teknologi og bruke den til å utvikle nye produkt og løysingar. Utdanninga i maskiningeniør er bygd opp i nært samarbeid med industrien i Haugesundsregionen. Haugesundsregionen har mange og fleire store verksemder som treng maskiningeniørar.
I Haugesund blir du som student del av eit tett og inkluderande miljø, med kort veg mellom forelesar, medstudent og industrien. Campus ligger sentralt, og du får tilgang til laboratoriefasilitetar og verkstad.
Du kan utdanne deg til maskiningeniør ved HVL i både Bergen og i Haugesund.
Dekker du ikkje opptakskravet?
Har du relevant fagbrev, men ikkje generell studiekompetanse, kan du ta den yrkesfaglege vegen (y-vegen). Her går du eit tilpassa løp og startar med mattekurs i juni. Les meir om y-vegen.
Har du generell studiekompetanse, men manglar matte og fysikk, kan du ta tresemesterordninga (TRES). Du tar matte på sommaren, og fysikk på hausten medan du startar på ingeniørutdanninga. Les meir om TRES.
Både y-vegen og TRES tar du på tre år, så du mistar ikkje noko tid!
Skal du søke på y-veg, TRES eller forkurs må du søke via vår lokale Søknadsweb. Søknaden går ikkje gjennom Samordna opptak.
Kva kan du jobbe med?
Ein maskiningeniør kan arbeide med maskinutvikling der tekniske løysingar etterspurd, i industribedrifter, som for eksempel verkstadsindustrien, prosessindustrien, den maritime industrien eller olje- og gassindustrien. Du kan også jobbe i selskap som jobbar med fornybar energi. Mange jobbar også i byggebransjen, i tekniske og kommunale etatar, hos kontrollmyndigheiter, eller i rådgjevande ingeniørfirma.
Maskiningeniørar jobbar også hos produsentar og leverandørar av produkt og produksjonsutstyr. Ein del maskiningeniørar startar også eiga verksemd.
Lønn: Kva tener ein maskiningeniør?
Ein maskiningeniør tener i gjennomsnitt 790 680 kroner i året. Les meir om lønn på utdanning.no.
Studentjobb i Haugesund
Gjennom prosjektet studentjobb kan du skaffe deg relevant deltidsjobb mens du studerar.
Korleis er undervisninga?
Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå fag til fag. Det er førelesningar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium, og i tillegg sjølvstudium. Du får ta i bruk ulike dataverktøy til utrekning, teikning og styring av maskiner og prosessar.
Som student ved HVL kan du også reise på utveksling og kombinere ingeniørfagleg kompetanse med unike kultur- og naturopplevingar.
Siste semester skriv du bacheloroppgåve. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskule i utlandet om du ønsker det.
Kor kan du reise?
Australia | Queensland University of Technology
Australia | Victoria University
Australia | University of the Sunshine Coast (UniSC)
Australia | James Cook University
Australia | Griffith University
Finland | Seinajoki University of Applied Sciences (Seinajoki UAS)
Finland | South-Eastern Finland University of Applied Sciences - XAMK
Frankrike | University of Lille Nord de France
New Zealand | Auckland University of Technology (AUT)
Polen | Cracow University of Technology (CUT)
Sør-Korea | Myongji University, Seoul
Tyskland | University of Applied Sciences Emden/Leer






