Dataingeniør

Bachelor, hausten 2018

Data- og informasjonsteknologi finst overalt. Datasystem blir brukt på dei fleste områda i samfunnet, frå helse og omsorg, til nyhende og media, handel og energiforsyning.

I dataingeniørstudiet lærer du mellom anna å programmere appar og utvikle store IT-system tilsvarande for eksempel itslearning og Facebook. Du lærer om databasar og webbaserte system. Studiet gir deg kunnskap som er nyttig i samband med spelutvikling. Du lærer også korleis datamaskiner fungerer, og korleis ulike einingar kan knytast saman i nettverk.

Denne bachelorutdanninga er eit ingeniørstudium, som følgjer den nasjonale rammeplanen for ingeniørstudium. I tillegg til dei tekniske faga, er det eit vesentleg innslag av realfag og samfunnsfag.

Dataingeniørutdanninga har dei same samfunns- og IT-faga som bachelorutdanninga i informasjonsteknologi, og den IT-faglege kompetansen i dei to studia er følgeleg den same.

I siste del av studiet kan du velje å spesialisere deg innan:

  • Programutvikling
  • Drift av datasystem
  • Web- og mobilteknologi

Undervisningsmåtar

Arbeidsformene som blir vektlagde er forelesningar, praktiske øvingar på datalaboratorium, praktiske prosjektoppgåver og sjølvstudium, samt gruppearbeid.

Det er viktig å vere merksam på at IT-fag og programutvikling krev interesse og sans for matematikk, logisk og systematisk tankegang.

I siste del av studiet skal du saman med ein eller to medstudentar gjennomføre ei større prosjektoppgåve (bacheloroppgåva), der de utviklar eit lite datasystem. Prosjekta blir ofte gitt som oppdrag frå næringslivet, og dei kan også gjerast utanlands.

Praksis

I siste år av utdanninga kan du velje å ha praksisperiode i ei lokal bedrift. Du vil då delta aktivt i bedrifta sine daglege arbeidsoppgåver, noko som vil gi deg verdifull og relevant praktisk erfaring frå arbeidslivet.

Kva kan du jobbe med?

Det finst IT-relaterte jobbar og arbeidsoppgåver innan nær sagt alle bransjar, samt alle greiner av det offentlege. Du kan få jobb i programvarehus eller konsulentfirma som utviklar IT-system for næringslivet eller offentleg forvaltning. Du kan også få jobb innan IT-drift i ei større verksemd, eller du kan få sjølvstendig ansvar knytt til IT i ei mindre verksemd.

Å arbeide med IT er svært varierande og omfattar arbeidsoppgåver som programmering, testing, utforming av brukargrensesnitt. I dei siste åra har webbaserte system og mobile løysingar for smarttelefonar, nettbrett og liknande blitt svært aktuelt i dei fleste bransjar, og mange vil arbeide med å utvikle slike system. Innkjøp, installering, brukarrettleiing og drift av datautstyr og programvare er også typiske arbeidsoppgåver.

Vil du studere meir?

Etter fullført bachelorstudium kan du søke plass på mastergradstudiet vårt innan programutvikling, eller på andre mastergradar innan datafag/informatikk.

Utveksling

Vi har samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar i Norden, Europa, Australia, New Zealand, USA og Canada. Utveksling med Canada, Tyskland og Spania er særleg vektlagd. Utanlandsopphald gjer ein normalt i siste halvdel av studiet, og kan vare frå tre månader til to semester.

Kor kan du reise?