To glade mennesker.

Dataingeniør

Bachelor

Har du sans for matematisk, logisk og systematisk tankegang? Har du lyst til å utvikle digitale løysingar? Likar du å samarbeide med andre? Då kan dataingeniør vere studiet for deg!

Bergen

Søk studieplass

Opptakskrav og søknad

Søknadskode i Samordna opptak

203004

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.

Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.

Les meir om våre forkurs her.

Poenggrense ved forrige opptak

Om å søke opptak til HVL

Kvifor studere dataingeniør?

Digitaliseringa i samfunnet skjer i rekordfart og behovet for arbeidskraft innan datateknologi er stort. Som dataingeniør kan du vere med på å utvikle og digitalisere framtida.

Datasystem blir brukt på dei fleste områda i samfunnet, frå helse og omsorg, til finans og media, handel og energiforsyning. Ein dataingeniør jobbar ofte i tverrfaglege prosjekt saman med andre fagfolk. 

Gjennom studiet lærer du om korleis datamaskiner fungerer. Du lærer å programmere og å utvikle programvare til alt frå enkle appar til store IT-system. Ei rekkje tema knytt til konstruksjon og drift av IT-system er også ein viktig del av studiet.

Du lærer: 

  • grunnleggande programmering
  • korleis ein kan samarbeide om større programmeringsoppgåver
  • korleis ulike einingar kan knytast saman i nettverk
  • om databasar og web-baserte system
  • om algoritmar, nye teknologiar og trendar som til dømes VR-teknologi, datagrafikk, kunstig intelligens og stordata
  • kunnskap som er nyttig i samband med spelutvikling

I siste del av studiet kan du velje mellom fleire med spennande spesialiseringar

  • Programutvikling og -arkitektur
  • Drift av datasystem og skyløysingar
  • Web- og mobilteknologi
  • Datagrafikk og brukarinteraksjon
  • Kunstig intelligens og algoritmar

Du kan studere dataingeniør på heiltid ved campus Bergen.

Kva er forskjellen på dataingeniør og informasjonsteknologi? 

Bachelorutdanninga i dataingeniør er eit ingeniørstudium som følgjer den nasjonale rammeplanen for ingeniørstudium. I tillegg til dei tekniske faga, er det eit vesentleg innslag av realfag og samfunnsfag.

Dataingeniørutdanninga har dei same samfunns- og IT-faga som bachelorutdanninga i informasjonsteknologi, og den IT-faglege kompetansen i dei to studia er den same. Hovudskilnaden mellom dei ligg i nokre av matematikkfaga og i opptakskrava.

Korleis er undervisninga?

Arbeidsformene varierer mellom forelesingar, praktiske øvingar på datalaboratorium, praktiske prosjektoppgåver, sjølvstudium, og gruppearbeid.

I siste del av studiet skal du saman med ein eller to medstudentar gjennomføre ei større prosjektoppgåve, bacheloroppgåva, der de utviklar eit lite datasystem. Prosjekta blir ofte gitt som oppdrag frå næringslivet, og dei kan også gjerast utanlands.

Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

Les meir

Praksis for dataingeniør

I siste år av utdanninga kan du velje å ha praksisperiode i ei lokal bedrift. Du vil då delta aktivt i bedrifta sine daglege arbeidsoppgåver, noko som vil gi deg verdifull og relevant praktisk erfaring frå arbeidslivet.

Vil du bli ingeniør, men dekker ikkje krava?

Ikkje noko problem! Ved HVL kan du ta ulike kurs som gjer deg kvalifisert til å starte på ein ingeniørutdanning.

Les meir om forkurs, realfagskurs, y-vegen og tresemesterordning.

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Utveksling

Grip sjansen til å opplever verda medan du studerer! Utanlandsopphald gjer ein normalt i siste halvdel av studiet, og kan vare frå tre månader til to semester. Utveksling med Canada, Tyskland og Spania er særleg vektlagd. Under kan du sjå heile lista over utdanningsinstitusjonar vi har avtale med. 

Kor kan du reise?

Vidare studium etter fullført utdanning

Etter fullført bachelor i dataingeniør kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:

Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.

Andre utdanningar du kanskje vil like