Mann på ski.

Friluftsliv

Bachelor

Vil du ha ein jobb der du kan vere ute i naturen? Med ein bachelor i friluftsliv får du dei kunnskapane og ferdigheitene som trengst for å formidle natur- og meistringsglede til andre menneske.

Sogndal

Søk studieplass

Opptakskrav og søknad

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Har du årsstudium?

Hvis du allerede har tatt årsstudium i idrett og trening, PT eller kroppsøving og idrettsfag, kan du søke deg direkte inn på 2. året. Du søker gjennom Søknadsweb, under "overflytting".

Søknadskode i Samordna opptak

203302

Tilleggskrav

Studiet har krav om politiattest. Dette kravet skal du ikke dokumentere i søknaden din, men du må sende det inn hvis du får studieplass.


Poenggrense ved forrige opptak

Om å søke opptak til HVL

Kvifor studere friluftsliv i Sogndal?

Gjennom teori, praksis og ekskursjonar får du ei bachelorutdanning som gjer at du kan rettleie og legge til rette for naturopplevingar til menneske i ulike aldrar og livssituasjonar.

På friluftslivsutdanninga i Sogndal får du sertifiseringar innan Norsk Fjellsportforum, Norges Klatreforbund, Norges Padleforbund og Norges Idrettsforbund. Dette gir deg moglegheit til å fullføre ulike utdanningsstigar i løpet av bachelorutdanninga.

Du kan studere friluftsliv i Sogndal, der har du den flotte naturen rett utanfor døra. Som friluftslivstudent får du bruke fjorden og fjella som ein naturleg del av utdanninga di, mellom anna gjennom fordjuping i aktivitetar som topptur og fjellskiturar, klatring, havkajakk og brevandring. Den korte vegen til Sogndalsfjella, Sognefjorden og Jotunheimen, lang snøsesong og gode lærings- og treningsfasilitetar på campus, dannar ei unik ramme for klasseromma vi brukar i undervisninga.

Etter endt bachelorgrad kan du søke årsstudium i PPU og bli kvalifisert til kroppsøvingslærer fra 5. – 13. trinn. Det er også mulighet for å få jobb på folkehøyskole.

00

Korleis er undervisninga?

Undervisnings- og læringsformene er varierte og vekslar mellom forelesingar, ekskursjonar, gruppe- og individuelt arbeid og bruk av digitale læringsplattformer. Som friluftslivstudent, får du øve deg på å rettleie mindre studentgrupper frå andre klassar i basisfriluftsliv. 

Gjennom studiet lærer du:

  • å planlegge og gjennomføre turar i ulike miljø (padling, klatring, ski, bre og fotturar)
  • å vurdere eigen kompetanse, og tilpasse turar for ulike grupper med ulike ferdigheiter
  • grunnleggande praktiske ferdigheiter i friluftsliv sommar og vinter
  • om teoretisk perspektiv på friluftslivets historie, friluftsliv i dagens samfunn, naturfilosofi, friluftslivspedagogikk og -forvaltning.
  • å bruke vitskapleg litteratur i arbeid med bacheloroppgåva og andre oppgåver

 

Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

Les meir

Praksis i friluftsliv

I andre studieår har du to veker samanhengande praksis i skuleverket, ved institusjonar i helsesektoren eller anna friluftslivsrelevanet institusjonar. I tillegg har ein enkelte praksisdagar knyt til friluftslivsundervisning i skulesamanheng.

Meir informasjon om praksis i friluftsliv.

Søke opptak direkte til 2. studieår?

Har du årsstudium i idrett, personleg trenar eller anna relevant utdanning, kan du søke opptak direkte til 2. studieår. Du søker opptak til 2. år gjennom vår Søknadsweb. 

Studentar som har årsstudium friluftsliv må søke seg inn på bachelorutdanninga gjennom samordna opptak. Dei vil då få eit tilpassa studieløp der dei tek 1. og 3. år på bachelorutdanninga.

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Utstyrsliste

Sjå veiledande utstyrsliste her. 

Utveksling

Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.

Kor kan du reise?

Samarbeidspartnere i Norden

Danmark

Sverige

Finland

  • University of Jyväskylä
  • Haaga-Helia University of Applied Sciences

Island

Litauen

Latvia

  • Latvian Academy of Sport Education

Vidare studium etter fullført utdanning

Etter fullført bachelor i friluftsliv kan du søke deg inn på master i idrettsvitskap, master i samhandling og folkehelse, og master i sosialvitenskap ved HVL.

Etter endt bachelorgrad og mastergrad, kan du søke deg vidare på årsstudium i praktisk-pedagogisk utdanning (karakterkrav C), og bli kvalifisert for å undervise frå 5. til 13. trinn. Etter fullført master kan du også søke opptak til eitt av doktorgradsprogramma ved HVL.

 

Andre utdanningar du kanskje vil like