Opptakskrav og søknad
Opptakskrav
Studiekode i Samordna opptak
203700
Tilleggskrav
Sjå informasjon om medisinsk testing.
Du må levere politiattest ved studiestart slik at du kan gå ut i praksis i veke 37.
Poenggrense ved forrige opptak
- Ordinær kvote 47,1
- Førstegangsvitnemål 43,9
Om å søke opptak til HVL
Kvifor studere ergoterapi?
Utgangspunktet til ergoterapeutar er knytt til menneske sitt behov for å vere i aktivitet. Ein ergoterapeut skal fremje deltaking i meiningsfulle aktivitetar ved å bruke kunnskap og ferdigheiter om korleis samspelet mellom person, aktivitet og miljø påverkar aktivitetsutføringa.
Ergoterapeutar er mellom anna nøkkelpersonell innan rehabilitering, ved å legge til rette for at ein person eller ei gruppe kan fungere best mogleg i kvardagen. Aktivitets- og funksjonsanalyse, metodisk og terapeutisk bruk av aktivitet, opptrening, rettleiing, tilrettelegging og tilpassing av aktivitet og/eller omgjevnader, er noko av det som inngår i arbeidsoppgåvene til ergoterapeuten.
Du kan studere ergoterapi ved campus Bergen.
Kva kan du jobbe med?
Ergoterapeutar samarbeider med brukarar av helse- og velferdstenestene. Du kan mellom anna arbeide i
- kommunehelsetenesta
- spesialisthelsetenesta
- NAV
- skulehelsetenesta
- bedriftshelsetenesta
I sistnemnde teneste fokuserer ein i hovudsak på helse, miljø og sikkerheit (HMS). Du kan også arbeide med folkehelsearbeid eller som rådgivar innan ulike tenester. Ergoterapeutar kan også gå inn i andre stillingar, som blant anna miljøterapeut.
Lønn: Kva tener ein ergoterapeut?
Ifølgje Utdanning.no tener ein ergoterapeut i gjennomsnitt 612 600 kroner. Les meir om lønnsstatistikk for ergoterapeut på utdanning.no.
Kva lærer du?
- Å vurdere menneske sin funksjon, aktivitetsutføring og omgjevnader.
- Korleis bruke behandling, opptrening, tilpassing av aktivitet og/eller omgjevnader eller tekniske hjelpemiddel som trengst i heim, arbeid, skule og fritid.
- Du har også undervising knytt til aktivitetsteoriar og -modellar, rehabilitering, kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi, universell utforming, innovasjon, nevrologi, kroniske sjukdommar og grunngiving for intervensjon.
Som ergoterapeut arbeider du for å fremje helse, meistring, deltaking og livskvalitet. Dette krev at du har kunnskap om personar sine forutsetningar for aktivitet og deltaking, og derfor kunnskap om mellom anna psykologi, anatomi, fysiologi, sjukdomslære, etikk, pedagogikk, kommunikasjon og andre relaterte tema.
Kva gjer ein ergoterapeut?
Korleis er undervisninga?
Undervisningsformene vekslar mellom forelesingar, basisgruppearbeid, ferdigheits- og simuleringstreningar, workshops og seminar. Studentaktive læringsmetodar blir vektlagt.
Praksis
- 1. studieår: 3 dagar (introduksjonsveke) + 7 veker
- 2. studieår: 11 veker
- 3. studieår: 11 veker
Du må rekne med reising i fleire av praksisperiodane. Vi har praksisplassar i Vestland og Agder.
Her finn du meir informasjon om praksis for ergoterapi
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 2. og 3. studieår.
Kor kan du reise?
Belgia | VIVES University of Applied Sciences
Belgia | Artevelde University of Applied Sciences
Danmark | VIA University College
Finland | Arcada University of Applied Sciences
Finland | Jamk University of Applied Sciences
Litauen | Lithuanian University of Health Sciences
Portugal | Polytechnic Institute of Setúbal
Sverige | Linköping University
Sverige | Chalmers University of Technology
Tanzania | Kilimanjaro Christian Medical Centre
Tanzania | Gabriella Children's Rehabilitation Centre






