Velkommen til Forskingsdagane!

Kunstig intelligens, nye energikjelder, demokrati, livsmestring og helse: Frå 20. september til 1. oktober set vi ei rekkje spennande tema på agendaen gjennom Forskingsdagane 2023.

Forskingsdagane har gått av stabelen kvart år siden 1995 og er er ein av Europas store, landsdekkande forskingsfestivalar. Ved HVL sine fem campusar byr dagane på arrangement som på ulike måtar vil skape forståing for kva forsking betyr for vårt daglege liv. 

– Festivalen er ein flott arena for å formidle og gjere forsking tilgjengeleg for alle aldergrupper. Eg håpar mange vil ta turen innom for å utforske, oppdage, og lære noko nytt, seier fungerande prodekan for forsking Geir Kåre Resaland. 

I år er det nasjonale hovudtemaet energi, men som vanleg byr dei ulike arrangementa på ei stor breidde av ulike tema.  

Under finn du ei oversikt over dei ulike arrangementa ved kvar campus.  

Forskingsdagane i Bergen

I Bergen er HVL del av fellesarrangementet «Forskningsdagene i Bergen» som skjer i samarbeid med dei andre forskingsinstitusjonane i byen. Her byr dagane på eit variert program med noko for ein kvar smak! 

Forskningsdagene Ung

20. og 21. september inviterer vi elevar frå vidaregåande skule til Forskningsdagane Ung.

Her bidrar HVL-tilsette med korte populærvitskaplege føredrag i som tek utgangspunkt i fire overordna tema: Berekraftig utvikling, folkehelse og livsmestring, demokrati og medborgarskap, og vitskap, entreprenørskap og teknologi.  

Korleis bur vi i dag, og korleis påverkar det eigentleg ressursbruken og miljøet vårt? Dette spørsmålet stiller Anne Sofie Handal Bjelland når ho opnar ballet i Egget på UiB 20. september. Ho vil å få dei unge til å reflektere over korleis vi kan bu meir berekraftig og spreie engasjement og kunnskap om tematikken.  

Vidare vil Alexander Lundervold drøfte nokre presserande spørsmål om teknologien som har slått inn som ei kule i samfunnsutviklinga den siste tida, nemleg kunstig intelligens. Kva er eigentleg kunstig intelligens? Kva potensiale har det til endre liva våre? Og kva etiske spørsmål reiser denne teknologien for oss? 

21. september held Forskningsdagene Ung fram i Mimes brønn ved HVL. Her vil Lennart Lorås snakke om mellommennskelege relasjonar. Han går fokuset på individet og sjølvrealiseringa til livs kjem med følgjande påstand:  Meininga med livet er ikkje å finne seg sjølv, det er å finne kvarandre.

I lys ei utvikling der stadig fleire sluttar på hormonell prevensjon, kjønnsjukdomar som gonoré aukar, og aborttala stig, vil i helsesjukepleiar og høgskulelektor Agnes Cecilie Giertsen snakke om myter og fakta om prevensjon. I innlegget sitt vil ho gje kunnskapsbaserte råd om korleis unge kan ivareta eiga seksuell helse.  

Les heile programmet for Forskningsdagene Ung her.  

Forskningstorget

22. - 23. september brakar det laus med Forskningstorg på Torgallmenningen – midt i hjartet av byen! Her blir det levande forskingsformidling for store og små. HVL er representert med to stasjonar som illustrerer temaet energi på ulike måtar. 

Fakultet for helse- og sosialfag og Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett stiller tverrfagleg med sin mobile testlab. Her kan publikum utforske måleinstrument for oksygenopptak og lære om energiomsetning i kroppen gjennom interaktive oppgåver. 

Kjemiingeniørmiljøet ved Fakultet for ingeniør- og naturvitskap stiller også med ein stasjon der publikum mellom anna kan sjå korleis energi blir omforma frå ei form til ei anna. Her kan både små og store oppleve kjemi på ein morsom og lærerik måte!

Fredag 22. september er forbeholdt besøk av skuleklassar. Lørdag er Forskningstorget ope for alle interesserte. Ta gjerne turen innom! 

Les meir om Forskningstorget her.

Forsker Grand Prix 

Ti forskarar, fire minutt, ein vinnar: 27. September skal den beste forskingsformidlaren kårast i  Forskar Grand Prix! 

HVL sin kandidat i år er stipendiat Elin Høyvik ved Institutt for helse- og omsorgsvitskap/ Senter for omsorgsforsking vest.  Ho står på scena for å fortelje om sitt doktorgradsprosjektet som handlar om overføring av pasientar mellom sjukeheim og akuttmottak. Vi ønskjer ho lukke til! 

Arrangementet føregår i Mimes Brønn ved Høgskulen på Vestlandet, campus Bergen.  

Les meir om deltakarane i Forsker Grand Prix her. 

Skulebesøk  

Frå 27. - 29. september reiser forskarane ut på ungdomsskulane i Bergen.  

Frå HVL vil Jarle Diesen vekkje realfagsinteressa når han arrangerer ein time om kjemi og energi. Ingfrid Veka vil formidle kunnskap om mat og helse, medan Christine Hope og Marita Nygård vil lage eit opplegg for elevane om demokrati og medborgarskap. 

Les meir om skulebesøka her.

Researchers Night 

29. september er det duka for Researchers Night på Kulturhuset i Bergen. Under tittelen "Fremtidens energimix" byr kvelden på presentasjonar og debatt om framtidas strømproduksjon. 

Frå HVL innleier Norbert Lümmen kvelden. Dhayalan Velauthapillai bidrar med innlegg om solenergi, medan Nils Ottar Antonsen bidrar med innlegg om kjernekraft. 

Sjå programmet for Researchers Night her. 

Andre arrangement på campus 

22. september inviterer vi til lunsjseminar om berekraftig mobilitet og byutvikling. Er det mogleg å reise både energieffektivt og tidseffektivt? Bør vi tenke nytt og bruke sjøvegen meir? Eller er det heilt andre løysingar som trengst?

Vi inviterer alle interesserte til samtale mellom Akkelies van Nes (HVL), Steinar Onarheim (Aplan Viak) og Arild Sondre Sekse (Klimapartnere Vestland). 

Les meir om arrangementet Berekraftig mobilitet og byutvikling på hvl.no.

27. september inviterer Institutt for idrett kosthald og naturfag til inspirasjon og læring i hagearbeid. Arrangementet er ope for studentar, barnehagelærarar, lærarar og alle som synes dyrking er gøy!

Les meir om arrangementet på hvl.no.

Alrekdagene

I samarbeid med Forskningsdagene i Bergen arrangerer i tillegg Alrek helseklynge arrangement der tilsette ved HVL deltek. 

22. september blir det forskarnatt på kulturhuset under tittelen "Søvnens makt: Ungdom – overgang – alderdom". Her stiller søvnforskar ved HVL Kjersti Marie Blytt

21. september deltek Oddvar Førland ved Senter for omsorgsforskning, vest, i ein panelsamale om prioriteringar i helse- og omsorgssektoren i kommunane.

Les meir om Alrekdagane her.

Forskingsdagane i Førde

Energien i lufta

26. september inviterer vi til debatt utanfor kantina ved  campus Førde. Her tar vi opp eit kjensleladd tema som har fått mykje mediemerksemd den siste tida, nemleg vindkraft. I debattpanelet deltek Velaug Myrseth Oltedal (førstemanunensis,HVL), Ingunn Kjelstad (grunneigar og leiar for organisasjonen Motvind) og Olav Osvoll (direktør, Eviny). 

Les om arrangementet på hvl.no

Energien i samtalen

26. september blir det også workshop for helsepersonell og fagpersonar som er interesserte i å skape gode møter og nyttige samtalar i poliklinisk behandling.   

Workshopen vert leia av Eli Natvik (HVL/Helse Førde), Kristina Osland Lavik (Helse Førde) og Kari Eldal (HVL), i Helse Førde sine lokale.

Les meir om arrangementet på hvl.no

Korleis veit behandlarar kven behandlinga vil virke for?

I samarbeid med Senioruniversitetet inviterer vi til føredrag med Janne Låver i Førdehuset 27. september. Ho er stipendiat ved HVL og forskar på psykisk helsevern. 

Nokre pasientar opplever lite betring ved behandling i psykisk helsevern, og dessverre er det også nokon som blir dårlegare medan dei går i behandling. Går det an å finne ut tidlegare i forløpet kven som blir vil bli betre av behandling og kven som ikkje vil bli det? Og kva skal vi i såfall bruke den informasjonen til? spør Låver. 

Les meir om arrangmentet på hvl.no

Forskingsdagane i Haugesund

Frukostmøte om havvind

Kva utfordringar og moglegheiter har vi for utbygging av havvind på norsk sokkel? 20. september inviterer vi til ope frukostmøte om temaet. 

Her blir det innlegg frå Ove Tobias Gudmestad, og Lene Jørgensen frå HVL, og administrerande direktør i Deep Wind Offshore Knut Vassbotn 

Etter innlegga vil prodekan Ole Andreas Brekke leie ein panelsamtale med utgangspunkt i kva rolle HVL ønskjer å ta i den nasjonale havvindsatsinga.

Pårørande til personar med demens

Torsdag 21. september markerer vi den internasjonale alzheimerdagen.  Vi inviterer til ope seminar på campus med mellom anna førsteamanuensis Ellen Johanne Svendsbø, som forskar på pårørande til personar med demens og korleis dei kan få hjelp. Med seg har ho postdoktor Sarah Helene Aarestad.

Under same seminar vil også May Kristin Valen presentere den rykande ferske doktoravhandlinga si der ho har forska på sjukepleiarstudentars erfaringar med å delta i ein simuleringsintervensjon med palliativ omsorg. 

Forskartorg

27. september inviterer vi elevar frå grunnskulen i Haugesund kommune til Forskartorg på campus Haugesund. Her blir det levande forskingsformidling for store og små der ulike fagmiljø står klare til å vise og forklare. 

Korleis lukkast med å fleire ut i arbeid?

Torsdag 28. september inviterer vi til heildagsseminar med tittelen «Korleis lykkast med å få fleire ut i arbeid?" Seminaret skjer i samarbeid med arbeids- og inkluderingsbedrifta Aski og vernepleiarutdanninga ved HVL.

Professor Liv Grethe Kinn vil snakke om forhold som fremjar og hemmar arbeidsinkludering for personar med alvorlege psykiske helseproblem. NHO-direktør Kenneth Stien vil presentere tal for utanforskap og snakke om korleis ein kan løysa utfordringane vi står ovanfor. I tillegg vil leiar for  forskingsgruppa Arbeidsliv og inkludering i NORCE, Tonje Fyhn, snakke om ungdom som ikkje jobbar eller tek utdanning og drøfte kva betydning brotne relasjonar og manglande tilhøyrsle har for denne gruppa.

Opne faglunsjar

Gjennom Forskingsdagane i Haugesund vil det også vere fleire opne faglunsjar med ulike tema. Her kan du mellom anna møte tidlegare forskar Grand Prix- deltakar Håkon Eidsvåg som vil presentere doktorgradsarbeidet sitt om  elektrisitet frå sollys. Stipendiat Susanne Eriksen vil snakke om “Erfaringar frå Danmark: Samarbeid mellom sjukehus og kommune. Suksessfull implementering og effektiv opplæring av e-helse og velferdsteknolog”. Årets Forskar Grand Prix-deltakar Elin Høyvik som vil fortelje om «Skrøpelege eldre. Overføring sjukehus – sjukeheim» 

Til slutt tek vi også med at førsteamanuensis Andres Olivares Lopez ved Institutt for maskin- og marinfag, vil halde ein eigen vind-workshop for over 80 elevar frå vidaregåande skule. Her får elevane høve til å byggje sine eigne vindturbinar og lære meir om korleis turbinane produserer straum. 

Forskingsdagane i Sogndal

Ved campus Sogndal ønskjer vi velkommen til opne faglunsjar: 

  • 21. september presenterer Irina Pavlova ein artikkel om studentar sitt perspektiv på obligatorisk praksis.


    Forventningar til framtidige kompetansebehov fører til tettare samarbeid mellom høyere utdanningsinstitusjonar og arbeidslivet. På bakgrunn av dette har mange utdanningsinstitusjonar innført arbeidspraksis i studier som tidligare ikkje hadde dette.

    Artikkelen "Å bli ein som jobbar. Ein tematisk analyse av studentperspektiv på obligatorisk praksis i sosiologi ved HVL" vart nominert til beste artikkel i 2022 av Universitetsforlaget.

    Stad: Biblioteket. Tid: 11:45-12:15.

  • 29. september: Christian Frøyd/idrettsfag: "Mental energi: energiomsetning og prestasjon – kva kjem først, høna eller egget?"

    Stad: Biblioteket. Tid: 12:00-12:30. 

Forskingsdagane på Stord

Pårørande til personar med demens

Torsdag 21. september markerer vi den internasjonale alzheimerdagen saman med Stord kommune. Vi inviterer til ope seminar på campus med mellom anna førsteamanuensis Ellen Johanne Svendsbø, som forskar på pårørande til personar med demens og korleis dei kan få hjelp. Med seg har ho postdoktor Sarah Helene Aarestad. Stord kommune vil dessutan dele erfaringar om korleis dei jobbar med systematisk oppfølging av personar med demens og pårørande.

Same dag vil også prodekan for forsking Christine Øye leie samtalen "Rett behandling til rett tid" med psykologspesialist og stipendiat Marit Nymoen i Helse Fonna. Utgangspunktet for samtalen er eit forskingsprosjekt der ein ser på korleis helsetenestene fungerer for pasientar som blir viste frå fastlege til spesialisert psykisk helsevern.  

Heildagsseminar

Tysdag 26. september vil Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett ha eit heildagsseminar for både studentar, tilsette og pedagogar frå barnehagar og grunnskular frå heile Vestlandet.

Professor Solveig Østrem held opningsinnlegg og den raude tråden er «Barndommen og profesjonsutøvinga (i barnehage og skule) som er under press». Høgskulelektor Liv Ingrid Fjellanger vil formidle ny forsking frå barnehagefeltet. Den nye boka "Demokrati og medborgarskap i skulen" får óg ein sentral plass og sterke fagstemmer som professor Vigdis Vangsnes, førsteamanuensis Hege Myklebust, førsteamanuensis Brita Høyland, førsteamanuensis Leif Tore Trædal, doktorgradsstipendiat Sigrid Haukanes og forfattarne Jørgen Moltubak og Unni Eikeseth bidreg alle med innlegg.

Førsteamanuensis Hilmar Mjelde gi oss eit innblikk i USA med utgangspunkt i artikkelen "Demokratisk forvitring i USA" som han nyleg publiserte i boka "Kvar går demokratiet?" før professor Ruth Leitch avsluttar seminaret med føredraget «Challenges when researching and collecting data from and with children”. Leitch legg vekt på perspektivet til barn og deltaking i forsking, som er eit svært viktig område i både barnehage- og grunnskulelærarutdanning.

Opne faglunsjar 

Gjennom Forskingsdagane blir det også arrangert opne faglunsjar på campus: 

  • Måndag 25. september vil Jonas Selås Olsen ha innlegget“ Arts and Mindfulness in Education” om korleis ein kan jobbe med mindfulness gjennom kunstfag og estetiske læreprosessar med born i barnehage og grunnskule.  Same dag vil også stipendiat og HVL-kandidat til Forskar Grand Prix, Elin Høyvik, presentere forskinga si på pasientoverføringar mellom sjukeheim og akuttmottak.

  • Onsdag 27. september vil høgskulelektor Liv Ingrid Fjellanger halde innlegget "Korleis forstår me medverknadsomgrepet i barnehagen?",  medan førsteamanuensis Liv Inger Engevik vil halde eit innlegg om språktiltak for barn med Down syndrom.