Et barn og en voksen som holder hender.

Barnevern

Bachelor

Vil du bruke engasjementet ditt for barn og unge og bidra til at dei får trygge og gode livsvilkår? I barnevernspedagogutdanninga lærer du å vere ein trygg og profesjonell støttespelar. Du får kompetanse til å arbeide i eit barnevern i stadig utvikling – der du kan gjere ein forskjell.

Sogndal

Hopp til

    Søk studieplass

    Opptakskrav og søknad

    Opptakskrav

    Studiekode i Samordna opptak

    203070

    Tilleggskrav

    Studiet har krav om politiattest. Du skal ikke dokumentere dette i søknaden din, men du må sende det inn hvis du får studieplass.


    Poenggrense ved forrige opptak

    Om å søke opptak til HVL

    Kvifor studere barnevern?

    Barnevernspedagogutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet gir deg kunnskap, praksiserfaring og etisk innsikt til å møte barn, unge og familiar i sårbare livssituasjonar. 

    Når du studerer barnevern ved HVL i Sogndal får du:

    • Tett oppfølging, der du som student blir følgt opp gjennom heile studieløpet, både på studiestaden og i praksis. Dette gir tryggleik, fagleg utvikling og god støtte under utdanninga. 

    • Nært samarbeid med praksisfeltet. Utdanninga har tett samarbeid med barnevernstenester og andre relevante aktørar, som sikrar praksisnær læring og god forståing for arbeidslivet.

    • Etisk, relasjonell og fleirkulturell kompetanse. Det blir lagt stor vekt på etisk refleksjon, kommunikasjon, relasjonsbygging og forståing av kulturelt mangfald – heilt sentrale ferdigheiter i barnevernsarbeid.

    • Variert internasjonaliseringstilbod, der studentane får høve til å delta i internasjonale prosjekt, reise på utveksling og ha praksisopphald i utlandet. Dette gir nye perspektiv og styrkar den profesjonelle forståinga.  

    Praksis

    Praksisdelen av barnevernsstudiet utgjer nær 25 prosent. Gjennom alle tre studieår har du ulike typar praksis og du får jobbe med prosjekt i samarbeid med praksisfeltet. Her finn du meir informasjon om praksis for barnevern. 

    Mentorordninga Nattergalen er ei ordning der bachelorstudentar i barnevern eller sosialt arbeid er mentorar for eit barn med minoritetsbakgrunn i alderen 8-12 år. 

    – Jeg studerer barnevern fordi jeg har et sterkt ønske om å hjelpe barn og unge som har hatt en krevende oppvekst, sier Oscar. Han vil anbefale studiet, spesielt til menn. 

    Les Oscar si historie

    Korleis er undervisninga? 

    Vi har førelesingar, seminar, rollespel, presentasjonar med meir. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

    Ole har valt gaming og spelpedagogikk som valfag. Sjå kvifor!

     

     

    Bilete viser studentar oppstilt på rekke framfor inngangen til campus Stord

    Usikker på studievalet? Sjekk kva arrangement vi har for å hjelpe deg å velje utdanning.

    Les meir

    Kva kostar det å studere?

    Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

    Utveksling

    Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.

    Kor kan du reise?

    Vidare studium etter fullført utdanning

    Etter fullført bachelor i barnevern kan du søke deg inn på følgande program på HVL:

    Utdanninga kvalifiserer også for masterutdanningar ved andre høgskular og universitet.

    Andre utdanningar du kanskje vil like