Programområde 3 - arbeidsnamn

Programområde 3 i den nye forskingsprogramstrukturen ved FLKI utforskar praktiske og estetiske fagområde i utdanning, oppvekst og frivillig sektor.

Sentrale forskingstema

Programmet utforskar praktiske og estetiske fagområde i utdanning, oppvekst og frivillig sektor. I samarbeid med Det nasjonale oppdraget for mat, helse og fysisk aktivitet vil forskingsprogrammet bidra til forsking, samskaping og innovasjon i idrett, folkehelse og friluftsliv. Kunstnarleg utviklingsarbeid (KU) og Kunstfaglege forskingsformer (KFF) er sentrale fagområde.

Ny organisering frå 2026

I ny organisering med fire forskingsprogram ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett er programområda ikkje namnsette. Arbeidet med namn og ein meir detaljert beskriving for den faglege innrettinga pågår. 

bilde av Vigdis Vangsnes

Vigdis Vangsnes

Forskingsprogramleiar programområde 3, FLKI

Lenke til alle forskargruppene ved FLKI

Forskargrupper frå A - Å