Økonomi og administrasjon

Bachelor, hausten 2019

Økonomi og administrasjon er ei allsidig utdanning som gir deg ei god innføring i bedriftsøkonomi, rekneskap og samfunnsøkonomi.

I tillegg til typiske økonomifag, har du også fag som organisasjon, marknadsføring, strategi og samfunnsansvar.

Det faglege innhaldet er sett saman av

  • bedriftsøkonomisk analyse
  • administrative fag
  • samfunnsøkonomiske fag
  • metodefag
  • etikk, samfunnsansvar og berekraft

Det siste året fordjupar du deg innan administrasjon, leiing, innovasjon, marknadsføring, logistikk, rekneskap, skatt eller samfunnsøkonomi. Du skriv også ei gruppebasert bacheloroppgåve.

Undervisningsmåtar

Studiet er basert på forelesingar, rettleiing, sjølvstudium og gruppearbeid. Vi har også bedriftsbesøk og gjesteforelesingar.

I emne der det er krav om forprøvar (innleveringar eller øvingar på datalab), må desse vere godkjende for at du skal få gå opp til eksamen.

Kva kan du jobbe med?

  • Du blir kvalifisert for ei rekke ulike jobbar innan offentleg og privat sektor, interesseorganisasjonar og frivillige organisasjonar.
  • Arbeidsoppgåver kan blant anna omfatte rekneskap, marknadsføring, innkjøp, personalforvaltning eller meir generelle administrative oppgåver.

Vil du studere meir?

Utdanninga kvalifiserer både direkte til arbeidslivet og til vidare studium på masternivå. Du kan ta relevante masterutdanningar ved HVL eller andre utdanningsinstitusjonar.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Fleire av fordjupingane i studiet har lagt til rette for eit utvekslingsopphald i 5. semester.

Kor kan du reise?

Meir om studiet

Bachelor i økonomi og administrasjon